Naturopati

Naturopati vert presentert som eit medisinsk system som famnar mange alternativmedisinske terapiar og teoriar om sjukdom og helse. Naturopati vert brukt for ei rekkje ulike helseplager og -føremål.

Naturopatien er eit eige, komplekst system der ein legg vel så mykje vekt på å førebyggje sjukdom, som diagnostisering og behandling. 

Ikkje ulikt dei filosofiske prisippa ein finn i ayurvedisk medisin, set naturopatien fokus på heilskapleg og individuell omsorg: Den einskilde pasient krevjer at behandlinga famnar både det fysiske, mentale, sosiale og endelige for at ein skal kunne vere ved god helse.

Målet  i naturopatien er vidare å hjelpe pasientar å oppnå optimal helse, ved å støtte opp kring sjølvhelande krefter og prosessar. I naturopatien reknar ein hovudårsaken til sjukdom å vere brot på "naturlover". Slike brot kan ifylgje naturopatien føre til lågare vitalitet, unormal samansetjing av blodet, og opphoping av avfall og giftstoff.

Generelt trur ein på naturen sine helande krefter, og at terapi kan støtte desse kreftene. Naturopatisk behandling vert difor ofte basert på råd om endring av kosthald og livsstil, bruk av spesifikke diettar, ernæringsterapi, urtar og kosttilskot, samt avgifting (detox) - for å støtte opp under anna behandling, så som homeopatifysisk/ manuell behandling, akupunktur, massasjeterapisoneterapi, blomstermedisin, hydroterapi, meditasjon og yoga.

Naturopatar kan nytte fleire metodar for å setje diagnose, frå konvensjonelle laboratorietester og fysiske vurderingar, til alternativmedisiinske tilnærmingar som puls- og tungediagnose, og liknande.

Virkar det?

Det er generelt utfordrande å forske på mogleg verknad av behandlingar som er sett saman av mange, slik naturopati og andre medisinske system er.

24.01.2021 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på verknadar av naturopati. Det betyr at det etter våre kriterie ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at naturopati som system verkar. 

Sjå "Verkar det?"-kapitla i artiklane om terapiar nemnt over, som inngår i naturopati.

 

 

Er det trygt?

Kompleksiteten ved naturopati og andre medisinske system gjer at det er vanskeleg å seie oko om tryggleiken på systemnivå. Sjå "Er det trygt?"-kapitla i artiklane om terapiane nemnt over, for informasjon om tryggleiken ved dei einskilde terapiane som inngår i naturopati.

Alle som vil, kan kalle seg naturopat og praktisere metoden utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i naturopati eller anna alternativ behandling gir ikkje samme kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvar som autorisert helsepersonell har.

Vær merksam på at det kan oppstå helseskade dersom alternative behandlararar ikkje rår klienten sin til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling, men særskilt behandlingar der klienten vert rådd til å "vente og sjå" før ein eventuelt tek i bruk helsevesenet sine behandlingar. 

Hugs at "naturleg" ikkje er det same som "ufarleg". Naturmiddel og kosttilskot bør nyttast i tråd med pakningsvedlegget.

Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå dersom symptomer tolkes feil eller overses av pasienten og/ eller behandleren, slik at nødvendig behandling forsinkes. Dette gjelder alle former for behandling.

For gravide og kvinner som ammar

LactMed og Natural Medicines inneheldt på søketidspunktet ingen informasjon om naturopati spesifikt for desse gruppene. Sjå likevel "Er det trygt?"-kapitla i artiklane om terapiar nemnt over, som inngår i naturopati.

Generelle tryggingsreglar

Bakgrunn

Naturopati har utvikla seg frå ein kombinasjon av tradisjonell/ folkemedisin og teknikkar som vart nytta i helsevesenet i Europa i det 19. hundreåret. Naturopati har røtene sine i Tyskland, og blei vidareutvikla i USA på byrjinga av 1900-talet.

Filosofien bak naturopati kvilar sterkt på trua på helbredande krefter i kroppen, naturen og naturmiddel. Hensikta med behandlinga er ifylgje utøverne å gi klienten indre balanse og hjelp til å møte stress og miljøbelastninger, slik at ein skal unngå sjukdom.

For å stille diagnose vil ein naturopat intervjue klienten om både noverande sjukdom, symptom, arv, tidlegare sjukdom, kosthald, søvn, stress, bruk av alkohol og tobakk. Negative kjensler er viktig for naturopaten. Han søkjer å minske mengda av dei fysiologiske og psykologiske belastingane han finn i samtalen, som til saman er det han meiner skaper sjukdom. Klarar ein å minske desse belastningane, meiner naturopatane at kroppen kan lækje seg sjølv og kome attende til indre balanse der ein er frisk.

Frå forskinga veit ein at naturopati vert nytta ved mange ulike helseproblem, som til dømes kroniske lidingar, luftvegsplager, angst, uro, influensa, allergi, PMS, matintoleranse, blodsukkerproblem, vanskar med fordøying, underernæring, overvekt, hudproblem, overgangsplagar, hormonelle ubalansar, vondt i ryggen, søvnvanskar og leddsmerter. I utlandet finn ein ofte at er naturopati brukt som tilleggsbehandling ved alvorleg sjukdom. Nokon nyttar og naturopati som førebyggjande mot stress og belastingssjukdomar

Naturopatien har sterk tru på "heil" og rå mat, og rår ofte til at mat ikkje bør vere mykje behandla eller prosessert. I tillegg til råd om rett kosthald, vil naturopaten også  oppmode klientane sine til eigenomsorg gjennom til dømes dagleg mosjon, vere mykje ute i sol og frisk luft, i tillegg til å drive meditasjon og ha det dei meiner er eit rett kosthald. Naturopaten oppmodar og gjerne til bruk av urtar eller kosttilskot i tillegg til at ein unngår visse stoff i maten, og aukar innhaldet av andre stoff.

Naturopatien har blitt kritisert fordi nokre naturopatar har offentleg vore usamde i styresmaktene sine tryggingsreglar for maksimale dosar av kosttilskot, vitaminar og liknande. Dei meiner at slike grensene er kunstig låge, og at ein kan og bør bryte desse for å få verknad frå slike stoff. Nokre har også uttrykt lita tru på nytten av vaksine, reseptbelagde lækjemiddel, injeksjonar, røntgen, eller kirurgi fordi dei meiner slik behandling øydelegg det dei kallar "den indre balansen"; den naturlege samansetjinga av stoff i kroppen, og kroppen si evne til å lækje seg sjølv. .

Andre namn/ internasjonale nemningar: Médecin Naturopathe, Médecine Naturopathique, Naturopath, Naturopathe, Naturopathic, Naturopathic Doctor, Naturopathic Medical Doctor, Naturopathic Medicine, Naturopathic Physician, Naturopathie, Naturopathique, Naturopatía, ND. 

Kjelder

Les meir

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: