- Ut frå våre krav finst det ikkje solid vitskaplig støtte til å hevde at biopati verkar.
- Frå forskinga veit ein at bruk av biopati kan gi visse biverknadar, ved at ymse middel som vert brukt i behandlinga kan påverke medisinar, urter og kosttilskot, samt resultata av medisinske prøver og inngrep.
Biotron, irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesiologi, soneterapi og hårmineralanalyse vert ikkje rekna som pålitelige diagnoseverktøy. Vitskapen støtter ikkje biopatien sin ide om at alle symptom er teikn på at kroppen tilpassar seg.
I juni 2020 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om biopati som behandlingssystem. Det betyr at det etter våre kriterier ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at biopati som behandlingssystem verkar.
Alle som vil, kan kalle seg biopat og praktisere biopati utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i biopati gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.
Det ligg ikkje føre dokumentasjon om tryggleiken ved biopati som system i kjeldene våre. Vi kan dermed ikkje seie noko om metoden kan reknast som trygg å bruke eller ikkje.
Vær merksam på at det kan oppstå helseskade dersom utøvaren ikkje rår klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.
Biverknadar
Det ligg ikkje føre dokumentasjon på biverknadar av biopati i kjeldene våre. Dersom du likevel kjenner negative verknadar som du meiner kjem av behandlinga, bør du oppsøkje lækjar.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderar å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
- Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- Denne og dei andre omtalane av terapiar på nettstaden er meint som opplysing, og gjev inga offentleg kvalitetssikring eller godkjenning av terapiar eller utøvarar. NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar.
Biopatane meiner at vi heile tida vert utsett for indre og ytre påkjenningar som kan gjere oss sjuke. Desse kallar dei for antihomeostatiske faktorar, og omgrepet femner vidt. Nokre av påkjenningane biopatane nemner er: mor di sin tilstand under graviditeten, dårlege gener som du har fått i arv, forgiftingar du vart fødd med, psykososialt stress, mangel på vitamin, mineral, feittsyrer, protein eller enzym.
Biopatien reknar òg mangel på mosjon, sol, frisk luft og søvn som slike faktorar. I tillegg kjem påkjenningar som byggjer på tanken om at maten vi et er tilsett mykje skadelege stoff, at vi er utsett for mange miljøgifter, samt at vass-årer og elektriske installasjonar gir frå seg skadeleg stråling.
I følge biopatene prøver kroppen sjølv å tilpasse seg alle desse påkjenningane og regulere seg attende til likevekt, eller homeostase som dei også kallar det. Så lenge kroppen klarar dette, er vi friske. Men, blir påkjenningane for store, meiner biopatane at kroppen kjem i ubalanse og vi vert sjuke.
Ut frå symptoma du har, plasserer biopaten deg inn i éin av biopatien sine sju tilpassingsfasar (adaptasjonsfasar):
Biopatene meiner å kunne seie kva fase du er i ved å spørje deg om helsetilstanden din. Nokre biopatar undersøkjer óg fargane og strukturen i auget ditt (irisanalyse), og i blodet ditt (mørkefeltsmikroskopi).
Nokre nyttar også kinesiologi, soneterapi og hårmineralanalyse som diagnoseverktøy. Det finst og biopatar som bruker en biotron, som er ei maskin dei meiner kan måle energiar og lese av kroppen sin tilstand.
Når biopaten meiner å ha funne kva fase du er i, lagar han ei oversikt over behandlinga han meiner at du treng for å kome attende i likevekt eller fase 1.
I sjølve behandlinga nyttar biopatane ulike alternative behandlingsformer, som til dømes regulasjonsterapi (bruk av urter til utreinsking og avgifting) symbioseterapi (tilskot av levande mikroorganismar, som mjølkesyrebakteriar), ein variant av homøopati som vert kalla isopati, råd om kosthald og matvanar, og tilskot av vitamin og mineral. Nokre biopatar nyttar og akupunktur, øyreakupunktur og soneterapi.
Biotron, irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesologi, soneterapi og hårmineralanalyse vert ikkje rekna som pålitelige diagnoseverktøy. Vitskapen støtter ikkje biopatien sin ide om at alle symptom er teikn på at kroppen tilpassar seg.
Når det gjeld behandlingsformene som vert nytta i biopati, har vi eigne artiklar om akupunktur, øreakupunktur, soneterapi og utreinsking/avgifting. Fleire urtar, næringsstoff og kosttilskot som biopatane kan foreslå som behandling, vil du og finne på våre sider.
Når det gjeld tilskot av mikroorganismar, er det kun bruk av mjølkesyrebakteriar til førebyggjing og behandling av diaré som har solid dokumentasjon på at har verknad. Det er likevel ikkje heilt klårt korleis dei verkar.
Dersom ein har eit sunt og variert kosthald er det ifylgje Helsenorge.no ikkje naudsynt med tilskot av ymse slag. Les og Helsedirektoratet sine råd om kosthald.
Variantar: Biopati vert òg kalla «biologisk medisin».
- Helsedirektoratet
- Helsenorge.no
- NOU 1998:21: Alternativ behandling, punkt 6.3.5
- Winberg-Nielsen, Kurt (1984): Biopati - en vej til sundhed. Forlaget Minerva, Herlev
Les også
- Kvalitetssikring av våre artikler
- Pasientrettleiing
- Hvordan vurdere informasjon?
- Beskrivelse av biopatyrket på utdanning.no
- Om bransjen
- Sjekk om behandlaren står i Registeret for utøvarar av alternativ behandling i Brønnøysund