Biopati

Biopati er eit behandlingssystem som femner mange diagnoseverktøy og behandlingsformer. Det baserer seg på ideen om at helseplager og sjukdom skuldast ubalansar frå langvarige påkjenningar og belastingar.
Govva
Foto av urter, og kosttilskudd i form av tabletter i blisterpakke.
Foto: Colourbox.com

Systemet er sett saman av ulike testar, diagnosemetodar og terapiar: diettar, vitamin-/mineralterapi, immun-/regulasjonsterapi, cellesalt, homøopati og avgifting (detox). 

Målet med biopatisk behandling er å fjerne ubalansar, støtte kroppen sine krefter til å heile og regulere seg sjølv, og bidra til likevekt (homeostase); som er ein tilstand og føresetnad for sunnheit og god helse. 

Biopatisk behandling støttar seg på eit omfattande intervju av pasienten, med testar og målingar av energinivå og behov for behandling ved bruk av eit elektronisk måleapparat kalla ein biotron.

Biopaten brukar biotronen til å gjere målingar på ulike fastsette punkt på kroppen. Nokre held seg strengt til akupunkturlæra sine akupunkt, medan andre målar på pulsen eller på eigne biopatiske punkt på pasienten sine hender og føter. Andre analyseverkty i biopatien er irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesiologiske testar og hårmineralanalyse. 

Ved hjelp av desse elementa analyserar biopaten seg fram til eit bilete av pasienten sin «biologiske situasjon», for å kunne utarbeide eit «regenerasjonsprogram» som er meint å snu (reversere) sjukdomsutviklinga.

I biopatien er ein særleg oppteken av pasienten sitt kosthald, og kombinerer idéar fra austleg medisin, homøopati, ernæringsterapi og urtemedisin (fytoterapi).

Biopatane meiner at behandlinga «gjenopprettar den indre biokjemiske balansen i menneskekroppen», fordi mennesket etter læra heile tida vert utsett for indre (arvelege) og ytre (miljømessige) påkjenningar som kan gjere oss sjuke ved at dei forstyrrar kroppen sitt indre, fysiologiske miljø.

Ein annan sentral ide i biopatien er konseptet om ulike nivå av kroniske betennelsar, infeksjonar og forgifting (dysbiose); særleg i tarmen. Her nyttar biopatane seg av urter som skal reinske ut og avgifte, og bygge opp att det indre miljøet med fortynna preparat av mikroorganismar og tilskot av levande bakteriar.

Prinsippa som dannar grunnlag for biopatien - som homøostase, regulasjon, dysbiose med fleire - er ikkje vitskapeleg påviste og anerkjente. Vitskapen støttar ikkje biopatien sin ide om at alle symptom er teikn på at kroppen tilpassar seg.

Biotron, irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesiologi, soneterapi og hårmineralanalyse vert ikkje rekna som pålitelege diagnoseverktøy.

I februar 2024 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på biopati som behandlingssystem. I slike tilfelle har vi ikkje nok dokumentasjon til å seie om behandlinga verkar eller ikke. Etter våre kriterium, har eventuelle påstandar om verknad på kroppsleg sjukdom då ikkje solid vitskapleg støtte.

Det manglar dokumentasjon om tryggleiken ved biopati som system i kjeldene våre.  Vi kan dermed ikkje seie noko om metoden kan reknast som trygg å bruke eller ikkje.

Somme av urtene som biopatar rår til, veit ein kan gje biverknadar eller interaksjonar med medisinar, andre urter og/eller kosttilskot.

Ver merksam på at det kan oppstå helseskade dersom du ventar med eller droppar å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Alle som vil, kan kalle seg biopat og praktisere biopati utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i biopati gjev ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Generelle tryggingsreglar

Ein reknar at biopatien vart utvikla av dansken Kurt Wienberg Nielsen tidleg på 1980-talet. Han starta utdanning innan metoden sin, som etter kvart spreidde seg utover Skandinavia. Til Noreg kom biopatien i midten av 1980-åra, då dei fyrste norske biopatane var uteksaminerte fra dei danske skulane. Det vart opna ein eigen skule i Noreg på byrjinga av 1990-talet. Nielsen var oppteken av at biopatien ikkje skulle vere eit lukka, fastlåst system, men skulle kunne vakse og utvikle seg med fagleg erfaring og ny forsking.

Nielsen meinte at dei viktigaste prosessane med helse og sjukdom går føre seg på cellenivå. Han meinte at mennesket sine celler treng heilt bestemte "byggeklossar" for å bygge ein frisk kropp, og at cellene treng å få kvitte seg med avfall og eigne forbrenningsstoff som fylgjer av menneska sine genetiske koder. Biopatane reknar denne koden for å vere utvikla i steinalderen, under heilt andre høve og påverkingsfaktorar enn menneska lever under i dag. Dei meiner at menneska si helse difor er truga på cellenivå av alvorlege forstyrringar av natur og miljø, blant anna i jord, luft, vatn og energikjelder.

På bakgrunn av desse tankane utvikla Nielsen eit nytt naturmedisinsk fag, med element frå amerikansk biologisk ernæringsmedisin, europeisk immun- og symbioseterapi; med sterk påverknad av austlege kunnskapar og teoriar om helse og sjukdom. Han meinte at biopati var gunstig ved ei lang rekkje problem og plager; frå "ubalanse" og "låg energi", trøytte og utmatting, smerter i kropp, ledd og musklar, rygg- og nakkeproblem, hovudverk, matintoleranse, fordøyingsplager, "kvinneplager", psykiske plager, stress og spenningar, depresjon, samt for å styrke immunforsvaret.

I biopatien er ein særleg oppteken av pasienten sitt kosthald, og kombinerer idéar fra austleg medisin, homøopati, ernæringsterapi og urtemedisin (fytoterapi). Biopatane meiner at behandlinga «gjenopprettar den indre biokjemiske balansen i menneskekroppen»; fordi mennesket etter læra heile tida vert utsett for indre (arvelege) og ytre (miljømessige) påkjenningar som kan gjere oss sjuke.

Desse påkjenningane kallar dei for antihomeostatiske faktorar, og dette omgrepet femner vidt: Frå mor di sin tilstand under graviditeten, dårlege genar som du har fått i arv, forgiftingar du vart fødd med, psykososialt stress, mangel på vitamin, mineral, feittsyrer, protein eller enzym; til faktorar som mangel på mosjon, sol, frisk luft og søvn. I tillegg femnar påkjenningane tilsetjingsstoff i maten, miljøgifter, samt stråling frå vassårer og elektriske installasjonar.

Ifylgje biopatene har kroppen ein særskilt regulasjonskapasitet, det vil seie ei kraft til å tilpasse seg desse påkjenningane og regulere seg attende til det dei kallar biologisk likevekt eller homeostase. Så lenge kroppen klarar dette sjølv er vi friske.

Men dersom påkjenningane vert store eller langvarige, meiner biopatane at kroppen før eller seinare må ty til "reserveløysingar" i denne sjølvreguleringa. Ifylgje læra omprioriterar kroppen då systematisk enkelte kroppsfunksjonar og organsystem. Nokre funksjonar og organ kan då kome i eit underskot på energi, og treng ifylgje læra tilføring eller stimulering av energi utanfrå.

I biopatien meiner dei å kunne identifisere ulike stadium av dette, alt etter kva symptom pasienten har. Ut frå symptoma du har, plasserer biopaten deg inn i éin av sju tilpassingsfasar (adaptasjonsfasar):

Adaptasjonsfasane i biopatien
Fase 1: Regulering Du er frisk. Kroppen er i balanse, og klarar sjølv å kompensere for dei stadige påkjenningane som prøver å få han ut av likevekt.
Fase 2: Dysfunksjon Kroppen er komen i mindre ubalanse. Symptom som utslett, hovudverk, dårleg fordøying, forstopping, diaré, trøytte eller muskelspenningar, meiner biopaten at dette er teikn på at du er i denne fasen.
Fase 3: Akutt infeksjon Immunforsvaret har blitt aktivert for å kjempe mot mikrobar som bakteriar, virus eller sopp. Biopatane meiner at symptom som forkjøling, influensa eller katarr, er teikn på at du er i denne fasen.
Fase 4: Kronisk infeksjon Biopatane meiner at teikn på at du er i denne fasen, er at du har lett for å få infeksjonar, har problem med nyre eller lever, nedsett vitalitet og at du er meir trøytt enn normalt.
Fase 5: Allergi Vert immunforsvaret pressa i lengre tid, meiner biopatien at det misser evna til å skilje mellom kva som er skadeleg og nyttig for kroppen. Ifylgje biopatien utviklar det seg då allergi.
Fase 6: Depotdanning Har du betennelsar, autoimmune lidingar, reumatisme, gikt, slapp blære, nedsunken livmor, nedsunken tjukktarm med utposingar og kronisk forstopping, hemoroidar, åreknutar, krinslaup-sjukdommar, gallestein eller nyrestein, meiner biopaten at dette er teikn på at du er i denne fasen.
Fase 7: Intracellulær dysbiose Når kroppen ikkje klarar å tryggje cellene sine lengre, meiner biopatien at det vil oppstå ein alvorleg tilstand kalla «intracellulær dysbiose», der giftstoff vil trengje inn i cellene, og dei vil byrje å oppføre seg unormalt, slik som ved kreft.

Når biopaten meiner å ha funne kva fase du er i, lagar hen ei oversikt over behandlinga hen meiner du treng for å kome attende i likevekt eller fase 1.

Ein annan sentral ide i biopatien er høvet mellom menneskekroppen og mikroorganismar. Dei fleste bakteriane er viktige for at mennesket skal overleve (som til dømes bakteriefloraen i tarmsystemet), men i biopatien har ein ei eiga forståing av at mikroorganismer kan føre til kroniske degenerative sjukdomar. Denne læra kallar dei  «immunterapi» eller «symbioseterapi» innen biopati. Det kan omfatte kroniske infeksjonsfokus (tenner, mandlar, bronkiar, mellomøyre, biholer, underliv, urinvegar med meire); dysbiose i fordøyinga, generelt svekka immunforsvar og svekka evne til avgifting.

For å regulere immunforsvaret, fjerne dysbiosar og kroniske infeksjonar, nyttar biopatane både urter til utreinsking og avgifting, og tilskot av levande mikroorganismar så som mjølkesyrebakteriar. Biopatane meiner at dette gjev ei naudsynt og total endring av det indre biologiske miljøet i kroppen. For å bygge opp att dette på ein ny og betre måte, vil dei og gje råd om bruk av ein variant av homøopati kalla isopati; om kosthald og matvanar, samt om tilskot av vitamin og mineral. Nokre biopatar nyttar og akupunktur, øyreakupunktur og soneterapi for å styrkje gjenoppbygginga av det indre miljøet.

Biotron, irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesologi, soneterapi og hårmineralanalyse vert ikkje rekna som pålitelege diagnoseverktøy. Vitskapen støttarr ikkje biopatien sin ide om at alle symptom er teikn på at kroppen tilpassar seg.

Når det gjeld behandlingsformene som vert nytta i biopati, har vi eigne artiklar om akupunkturøreakupunktursoneterapi og utreinsking/avgifting. Fleire urter, næringsstoff og kosttilskot som biopatane kan foreslå som behandling, vil du og finne på våre sider.

Når det gjeld tilskot av mikroorganismar, er det kun bruk av mjølkesyrebakteriar til førebyggjing og behandling av diaré som har solid dokumentasjon på verknad. Det er likevel ikkje heilt klårt korleis dei verkar. Dersom ein har eit sunt og variert kosthald er det ifylgje Helsenorge.no ikkje naudsynt med tilskot av ymse slag. Les og Helsedirektoratet sine råd om kosthald.

Andre namn

Ordet biopati er danna av dei greske orda bios (=liv) og pathos (=liding). 

Innanfor den alternativmedisinske konteksten vert biopati òg kalla «biologisk medisin», men ver merksam på at dette også er eit omgrep for skulemedisinsk behandling med biologiske legemiddel (legemiddel der verkestoffa er laga av levande organismar).

 

Søk i februar 2024 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: