Kinesiologi | NAFKAM

Kinesiologi

I kinesiologien står såkalla «muskeltesting» sentralt. Denne skal kunne fortelje kva du manglar av næringsstoff og kva for slike du bør unngå, og eventuelt kva for behandling du bør ha.
Image
Bilde av en hånd som løfter noen andre sin hånd etter håndleddet

Kinesiologi er ei form for alternativ behandling som søkjer å avdekke kva som er årsak til helseproblem og plager. Mange utøvarar av andre alternative behandlingsformer nyttar det også som verkty til å avgjere kva behandlingsform som vil vere best for pasienten. 

Kinesiologi nytta ved eit stort antal ulike plager, mellom anna som diagnoseverkty for å påvise matallergi/ matintoleranse; ved psykiske plager så som stress, angst, uro og depresjon; ved kroppslege plager så som muskel- og skjelettlidingar, smerter, nedsett rørsle og funksjon; men og ved andre typer problem så som sømnproblem, lærevanskar, lese- og skrivevanskar, koordinasjonsproblem (dyspraksi, DCD), konsentrasjonsvanskar og ADHD. 

Om musklane vert stramma eller slappe ved ulike stimuli, kan seie noko om muskel-skjelett-lidingar. Spente musklar er og vanleg ved psykiske reaksjonar så som angst og frykt ved stress, krevjande situasjonar og vonde tankar og minner, medan slappe musklar vert knytt til velvere. Tanken om at musklane sine reaksjonar kan seie noko om til dømes kva for matvarer ein er allergisk for eller kva for næringsstoff ein manglar, har ikkje støtte i helsevitskapen. Kinesiologisk muskeltesting vert difor ikkje rekna som eit påliteleg diagnoseverkty til å slå fast helseproblem og behov for behandling.

 

Virkar det?

Det er gjort ein del forsking på lågare nivå, men ved søk i kjeldene våre i juni 2020 fann vi ingen oppsummeringar av forskinga på kinesiologi. I slike høve manglar vi tilstrekkeleg dokumentasjon til å seie om behandlinga verkar eller ikkje. Det vi kan seie, er at det ikkje føre påliteleg dokumentasjon som støtte for påstandar om verknad. 

Er det trygt?

Ifylgje Natural Medicines er det ikkje rapportert om biverknadar i forskinga på kinesiologi. Undersøkjing med kinesiologisk muskeltesting ser ut til å vere godt tolerert.

Kjelda peikar likevel på at dette ikkje vert rekna for ein påliteleg diagnosemåte, og at undersøkjing og rett behandling av helseproblem difor kan verte forseinka, slik at tilstanden vert forverra.

Alle som vil, kan i Noreg kalle seg kinesiolog og praktisere kinesiologi utan medisinske kunnskapar. Eventuell utdanning i kinesiologi gjev ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som det autorisert helsepersonell har.

Innan alternativ behandling nyttar ein ofte ulike behandlingsprodukt, så som reseptfrie lækjemiddel, urtar og naturmiddel samt kosttilskot. Mange slike kan endre verknaden av andre medisinar, kosttilskot, urtar og mat, samt påverke medisinske prøver og inngrep. Difor bør du informere lækjaren din om alle slike produkt du nyttar eller tenkjer å nytte, også dersom kinesiologen rår deg til vesentlege endringar av kosten.

Artiklane våre om urter, kosttilskot og mat  inneheld informasjon om interaksjonar for fleire av dei vanlege produkta som alternative behandlerar ofte rår deg til å bruke. Ta gjerne med deg informasjonen vår om det produktet du tenkjer å bruke til lækjaren din.

Ifylgje Statens Legemiddelverk, bør alle som skal ha ein operasjon, slutte å bruke kosttilskot og plantebaserte lækjemiddel 1-2 veker før operasjonen.

Graviditet og amming

Natural Medicines rår den som er gravid eller ammar til å ikkje nytte kinesiologisk muskeltesting for å undersøkje årsaken til symptom og helseproblem, fordi dette ikkje vert rekna som eit påliteleg nok verkty. LactMed inneheldt på søkedatoen ikkje opplysingar om kinesiologi.

Generelle tryggingsreglar

  • Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å prøve.
  • Ikkje bytt ut naudsynt behandling frå helsetenesta med alternativ behandling.
  • Mangel på rapporterte biverknadar er ikkje det same som at ei behandlingsform er dokumentert som trygg. I Noreg har vi ikkje noka offisiell form for rapportering og systematisering av meldingar om biverknadar ved alternativ behandling. Difor kan ein rekne med at slike ofte er underrapportert.
  • Når du brukar alternativ behandling, er rettsvernet ditt svakare enn når du brukar offentlege helsetenester. Ved skade er du som regel ikkje dekt av Norsk Pasientskadeerstatning.
  • Du kan lese mer om dette temaet i artikkelen vår om juridisk tryggleik, og i den generelle pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
Bakgrunn

Kinesologien vert spora attende til den amerikanske kiropraktoren George Goodheart tidleg på 1960-talet, då han lanserte metoden «Anvendt kinesiologi» (Applied Kinesiology). Som kiropraktor jobba Goodheart ut frå teorien om at stramme og krampeaktige musklar strålar ut smerte som trekkjer ryggsøyla skeiv. I motsetnad til det han hadde lært som kiropraktor, meinte han etter kvart at svake musklar på eine sida av ryggrada ville få musklar på motsett side til å kjennast eller synast for stramme.

Goodheart var og oppteken av høvet mellom visse musklar og dysfunksjonar i bestemte organ og kjertlar. Han meinte til dømes at personar med magesår nesten alltid testa svakt på same muskelen i skuldra, og at mange personar med nyreproblem testa svakt på ein spesiell muskel ved øvre del av lårbeinet. Difor meinte han at det måtte vere ein samanheng og korrespondanse mellom visse musklar sin styrke, og dysfunksjonar i eit tilhøyrande organ.

Goodheart meinte at læra om livsenergien i tradisjonell kinesisk medisin kunne forklare høvet mellom musklar og organ. Kinesiologane  meiner at spenning eller avslapping i musklane under muskeltesinga seier noko  om blokkering av denne livsenergien: Om ein muskel i samantrekt tilstand vert belasta mot utstrakt posisjon og framleis held styrkjen, vert det tolka som at muskelen fungerer normalt. Vert muskelen slapp og gjev etter, meiner kinesiologane at det er teikn på at muskelen er svak eller har såkalla «under-energi».

Kinesiologane meiner til dømes å kunne teste om det er ulike næringsmiddel som gjev ubalanse eller blokkeringar hjå pasienten. I testen legg kinesiologen spesifikke næringsmiddel ein stad på kroppen til pasienten, og testar muskelen. Vert muskel slapp under testen, tolkar kinesiologen det som eit teikn på at det aktuelle næringsmiddelet gjev auka ubalanse i kroppen. Kinesiologen meiner då å ha funne eit  næringsmiddel som pasienten vert sjuk av, og som pasienten difor bør halde seg borte frå.

Vert muskelen spent, blir det tolka som eit godt teikn. Eit næringsmiddel som fører til dette, hjelper i følgje kinesologane til med å gjenopprette balanse og set i gang prosessar slik at kroppen lækjer seg sjølv. Då meiner kinesiologen at pasienten bør ha meir av dette næringsmiddelet i kosten sin. Her legg kinesiologane og vekt på tanken om at enkelte næringsmiddel har særleg reinsande verknad (detox).

Når kinesiologen er ferdig med muskeltestinga, vil han foreslå ei behandling ut frå testresultata. I tillegg til råd om kva næringsmiddel pasienten bør bruke meir og mindre av i kosten, tilbyr kinesiologar ei rekkje terapiar så som homøopatiakupressurmassasjekosttilskot, opplæring i fysiske øvingar og mentale teknikkar.

For at den kinesiologiske behandlinga skal ha størst effekt, meiner utøvarane at pasienten må fylgje opp sjølv mellom behandlingstimane. Ein kinesiolog vil halde fram med muskeltesting utover i behandlinga, for å sjå om pasienten etter kvart reagerer annleis. Dette vil dei då legge til grunn for om behandlinga verkar.

Ifylgje utøvarane vert kinesiologi nytta ved eit stort antal ulike helseproblem og plager i Noreg, for å førebyggje sjukdom, å auke prestasjonar oppnå kjensler av meir overskot og meistring.

Variantar

Det finst fleire variantar og retningar innan kinesiologien på den norske marknaden, til dømes:

Touch for Health er ei grein innan kinesiologien som legg vekt på at kvar husstand bør ha eit medlem som får opplæring i kinesiologi, og tek ansvar for helsa til heile husstanden. Her meiner ein at dette vil både førebyggje sjukdom, skape og halde vedlike god helse for alle. Denne teknikken vert og kalla «avbalansering». Touch for Health har som mål at du skal vite korleis du styrkjer andre og deg sjølv for å oppnå betre kroppshaldning, auka livsenergi, stressredusering, smertelindring, sunn livsstil, motivasjon og målmedvit.

Pedagogisk kinesiologi er ei retning der ein freistar å øve opp samarbeidet mellom venstre og høgre hjernehalvdel, mellom fram- og baksida av kroppen, mellom høgre og venstre side av kroppen samt mellom hovudet og kroppen. Her meiner ein at dette gir særleg gode tilhøve for innlæring av betre vanar og reaksjonar. I denne retninga blir det nytta både visualiseringsmetodar, fysiske øvingar, samt spesifikke teknikkar som skal gje «emosjonell frigjering». Utøvarane meiner at denne behandlinga verkar mot stress, aukar konsentrasjonsevna og betrar hjernen si evne til koordinering.

Transformasjonskinesiologi er ei grein innan kinsiologien der ein meiner at umedvitne tankar og kjensler blokkerar energiflyten i menneskekroppen. Saman med resultata frå muskeltestinga, meiner kinesiologane innan denne retninga at innsikt og endring av slike tankar og kjensler vil gje klienten makt til å oppnå eit sunnare og betre liv. Her søkjer utøvarane difor meir å avdekke og endre (transformere) klienten sine negative vanar, tankemønster og kjensler, enn å finne og helbrede sjukdom og plager.

Norske namn: kinesiologi, pedagogisk kinesiologi, transformasjonskinesiologi
Utanlandske namn: kinesiology, applied kinesiology, Touch for Health, AK, Health Kinesiology, Kinésiologie Appliquée, Kinésiologie Éducative, Kinesiology Muscle Test, Quinesiología, Test Musculaire de la Kinésiologie

NB

Kinesio-/ kinesiologi-tape er ein elastisk teip som vert nytta ved muskel- og skjelettlidingar. Så langt vi kjenner til, er slik teip ikkje ein del av kinesiologisk behandling slik den er forklart her, og verknad av teipen vert ikkje forklart ut frå kinesiologien sine teoriar.

Kjelder

Les også

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: