Ayurveda

Ayurveda eller ayurvedisk medisin er eit system sett saman av mange typar folkemedisinske terapiformer frå India.
Image
Tegning av en person i lotusstilling, og symboler rundt
Illustrasjon: Varvara Gorbash, Mostphotos.com

Ein hovudtanke i ayurveda er ei "naturleg" og heilskapleg tilnærming til helse; både fysisk, mentalt, emosjonelt og andeleg. Utøvarar av ayurvedisk medisin skal ta omsyn til både kroppen, sinnet og den spirituelle sida av mennesket. Førebyggjing står sentralt.

Som i tradisjonell kinesisk medisin (TKM) vert behandling sett på som ulike måtar å stø kroppen sine evner til å heile seg sjølv, å rette opp ubalansar og fjerne blokkeringar i energikrinslaupet for at livsenergien skal flyte fritt. Konsepta om eigne energisenter (chakra) i kroppen og ein aura kring kroppen er tilstades i ayurvedisk medisin. Alkohol, stress, negative kjensler, overtrening og for mykje fasting vert i ayurvedisk medisin sett på som årsaker til ubalanse, blokkeringar, sjukdom og dårlegare helse. 

I ayurvedisk behandling kombinerer ein forskjellige former for sjølvhjelp og terapiar (til dømes detox, yogameditasjon og massasje) med stoff kjende frå folkemedisinen (hovudsakeleg planter, men også frå dyr, metall og mineral), eteriske oljar (aromaterapi) og kosthald, ernæring, trening og livsstil til eit stort og komplekst behandlingssystem

Visse basisingrediensar i kosten vert rekna som særleg viktige for å rette opp ubalansar og å kunne førebyggje sjukdom, mellom anna ghee (klarna smør), mjølk og ris. Attåt desse, rår ayurvediske utøvarar ofte til at ein nyttar spesifikke urter eller ferdige blandingsprodukt av slike. 

Ayurvedisk medisin vert rekna som eit av dei eldste medisinske system i verda, og i India er det framleis ein del av den offentlege helsehjelpa. India har sidan 2014 hatt eit eige departement for Ayurveda, Yoga og Naturopati, Unani, Siddha og Homeopathy (AYUSH). 

    Ved søk i kjeldene våre i april 2023 fann vi ingen oppsummeringar av forsking som kan seie noko om verknad på overordna nivå av dei mange komponentane som ayurvedisk medisin som regel er sett saman av.

    Det er oppsummert forsking på medisinsk verknad av fleire av enkeltkomponentane som vert brukte innan ayurvedisk medisin. Dette kan du lese om i dei følgjande artiklane: 

    Dei mange komponentane og måtane som desse kan bli sett saman på i ayurveda, gjer det vanskeleg å kunne seie noko overordna om tryggleiken på systemnivå.

    Det amerikanske NCCIH undersøkte i 2008 (lenkje til PubMed) ei rekkje vanlege ayurvediske preparat. Meir enn 20% av desse inneheldt meir bly, kvikksølv og/eller arsenikk enn det som er rekna for å kunne vere trygt. Inntak av slike fører med seg fare for forgifting. Sjå også artikkelen Advarer mot Ayurveda-produkter som inneholder bly på Matportalen.no om dette.

    Indirekte risiko for forverring kan oppstå ved at symptom vert tolka feil eller oversett av pasienten eller utøvaren, slik at viktig naudsynt behandling vert forseinka. Dette gjeld alle former for alternativ behandling.

    Generelle tryggingsreglar

      Ordet ayurveda tyder "vitskapen om livet." Det finst skriftlege kjelder som tyder på at ayurvedisk medisin vart utvikla i India for fleire tusen år sidan, av dei same som utvikla indisk meditasjon og yoga.

      På same måten som yoga, meiner ayurveda-læra at alt liv og å heila byggjer på ein vital energi kalla prana. Ifølgje læra vert prana styrt av dei fem elementa jord, luft, eld, vatn og eter. Når det er balanse og harmoni mellom desse fem, reknar ein at mennesket er ved god helse. Sjukdom oppstår på grunn av ubalanse eller mangel på harmoni mellom dei.

      Helseforståinga i ayurveda er på fleire måtar òg parallell med tradisjonell kinesisk medisin: Fokus i behandlinga er på heile personen, og målet er å balansere eller harmonisere  kropp, sinn og ande. Som fellesnemning for behandling nyttar ein i ayurveda omgrepet rasayana. Mellom dei vanlegaste slike inngår meditasjon med kontrollert pust (pranayama), trening, kosthald, urter, avgiftingsprogram og ymse former for massasje. Mange av urtene som ofte blir brukte i tradisjonell kinesisk medisin, finn ein att i ayurveda. 

      Dei fem elementa som styrer prana dannar ifølgje læra tre grunnleggjande mennesketypar eller konstitusjonar (dosha): Eter og luft dannar Vata; eld og vatn dannar Pitta, og vatn og jord dannar Kapha. Kvar av desse tre typane styrer spesifikke funksjonar, organ og vev i kroppen, og gjev dei tre typane individuelle kvalitetar. Til saman regulerer dei også  kroppsfunksjonen Tridoshas. Ubalanse i Tridoshas vert rekna som årsaka til sjukdom. Slik ubalanse vert kalla vikriti.

      Ifølgje ayurvedisk medisin ligg Tridoshas til grunn for alt i naturen, inkludert maten vi et, klede og smykke vi likar og pyntar oss med, og så bortetter. Alle ting i naturen vert rekna for å ha sin eigen energi, som påverkar menneska på bestemte måtar ved at dei aukar, minskar eller balanserar livsenergiane. Til dømes meiner ein i ayurveda at sukker aukar Kapha, fisk aukar Pitta og rå grønsaker aukar Vata. Andre råvarer har motsett verknad: Til dømes skal nellik redusera Kapha, sitron redusera Pitta og eterisk olje redusera Vata.

      Ut frå dette kan den ayurvediske utøvaren setje opp ein detaljert diett og gje råd om daglege rutinar. Det er vanleg å starte behandlinga med panchakarma (reinsing/ avgifting/ detox) I tillegg kan utøvaren gje råd om kva farge og materiale pasienten bør ha på smykka og kleda – og kva type musikk hen bør lytte til. Ein vesentleg del av ayurvedisk undersøkjing handlar altså om å avgjere kva type (dosha) pasienten er og kva slag ubalanse (vikriti) hen har. Dette vert lagt til grunn for kva diett, urter, behandling og livsstilsendringar pasienten skal rådast til å bruke.

      Fleire av lenkjene går til eksterne kjelder.

      NAFKAM -

      Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

      Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

      Les mer om NAFKAM

      Andre nettsteder fra NAFKAM: