Qi (vert uttala tschji) er eit omgrep som opphavleg kjem frå tradisjonell kinesisk medisin (TKM). I læra er qi beskrive både som ei ytre universell kraft og ein livgivande energi som strøymer i eit eige krinslaup inne i menneskekroppen. Omgrepet finn vi òg att i teorigrunnlaget og helseforståinga i mange alternative behandlingsformer.
Ifylgje TKM sirkulerer qi i eit krinslaup av kanalar mellom huda, organa og kroppsdelane våre, kalla meridianar. Qi skal syte for at vi er i balanse både spirituelt, emosjonelt, mentalt og fysisk.
Etter læra bølgjer qi frå lungane, nedover og utover i kroppen og attende til lungane. Dette skal gje ei fast rytme av «flo og fjøre» av energi i kvart organ, gjennom ein syklus på 24 timar. Når nivået av qi er på sitt lågaste, vert organa og kroppsdelane rekna som på sitt mest sårbare. Difor tek ein i TKM også omsyn til desse tidspunkta for at behandlinga skal verke best mogleg.
Når qi får strøyme fritt og uhindra gjennom kroppen, reknar ein organismen som i balanse, velfungerande og optimalt i stand til å takle normale påkjenningar. Imidlertid kan ei rekkje ulike faktorar gjere at meridianane vert blokkerte. Dette kan til dømes vere ytre påkjenningar som kulde eller varme, vind, fuktig eller turt klima, miljøgifter, ugunstig eller feil kosthald. Eller indre faktorar så som svekkingar i organa, negative tankar og kjensler, opphoping av giftstoff, skade på vev etter traume og skade, med meire
Når qi vert hindra i å flyte fritt, vert balansen i organismen forstyrra. Nokre stadar vert det for lite, og andre stadar hopar det seg opp for mykje energi. Begge deler gjev ifylgje læra symptom på konkret sjukdom eller ein generelt dårleg allmenntilstand med til dømes trøytte, dårleg appetitt, søvnproblem, fordøyingsplager og liknande.
Behandlarar som baserar seg på denne helseforståinga seier ofte at rolla deira, undersøkjinga og behandlinga som dei gir er å avdekkje kva for blokkeringar symptoma kjem av, og å hjelpe til med å fjerne desse slik at organismen kjem i balanse att. Til dette er det utvikla fleire teknikkar. Meir om desse finn du via artikkelen vår om akupunkturpunkta.
Kor viktig det er å påverke qi i dei spesifikke akupunkturpunkta, varierer frå terapi til terapi. Ein skal også kunne nytte seg av treningsformer som tai chi og qi gong, samt ei rekkje næringsmiddel og stoff frå plante-, dyre- og mineralriket til å påverke qi og flyten av han. Behandling som er basert på qi kan dermed femne både fysisk behandling og råd om diettar, kosthald, trening og livsstil, bruk av urter, naturmiddel og liknande.
Det er gjort forsking som freistar å forklare og prove qi som elektromagnetisk energi som flyt mellom akupunkturpunkta gjennom kanalar (meridianane) med særleg låg elektrisk motstand (impedans). Meir om dette kan du lese i artikkelen om meridianar.
Austleg orienterte behandlarar forklarar likevel desse konsepta både som målbare fysiske storleikar og som abstrakte eller teoretiske rammeverk henta frå taoismen.
Qi, akupunkturpunkt og meridianar er ikkje rekna som påviste etter almenne vitskaplege prinsipp og metode. Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå fysiologiske kunnskapar. Framfor å seie at dei stimulerar akupunkturpunkt vil dei seie at dei påverkar nervar eller muskelknutar, og at smerte, stivheit og nedsett rørsle skuldast nervar i klem framfor ubalanse i Qi og blokkerte meridianar. Meir om dette kan du lese i den generelle artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingsformer.
Andre nemningar: Chi, ki
Kjelder
- Ahn AC, Colbert AP, Anderson BJ, Martinsen OG, Hammerschlag R, Cina S, Wayne PM, Langevin HM. Electrical properties of acupuncture points and meridians: a systematic review. Bioelectromagnetics, 2008 May;29(4):245-56. doi: 10.1002/bem.20403. PMID: 18240287.
- Behandler.no: Tradisjonell kinesisk medisin (Hentet 12.04.23)
- Birch S, Kaptchuk T. History, nature and current practice of acupuncture: an East Asian perspective. In: Ernst E, White, A. (Eds). Acupuncture: A Scientific Appraisal. Oxford: Butterworth-Heinemann, 1999
- Bruset S, Poleszynski D V. Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste A/S 1994. ISBN 82-7010-250-4.
- CAM-Cancer: Karen Pilkington and the CAM Cancer Consortium. Acupuncture for chemotherapy-associated nausea and vomiting [online document]. March 9th, 2021 (Hentet 12.04.23)
- Collinge W. The American Holistic Health Association Complete Guide to Alternative Medicine. New York. Warner 1997. ISBN 13-9780446672580
- Encyclopedia Britannica: Meridian og Qi (Hentet 12.04.23)
- Ernst, E: The Desktop Guide to Complementary and Alternative Medicine: An Evidence-Based Approach. Mosby 2001. ISBN 0 7234 3207 4
- Harvard Health: Acupuncture (Hentet 12.04.23)
- Langevin HM, Yandow JA. Relationship of acupuncture points and meridians to connective tissue planes. Anat Rec. 2002 Dec 15;269(6):257-65. doi: 10.1002/ar.10185. PMID: 12467083.
- Law SK, Wang L, Li T. Acupuncture for glaucoma. Cochrane Database of Systematic Reviews 2020, Issue 2. Art. No.: CD006030. DOI: 10.1002/14651858.CD006030.pub4
- Lu AP, Jia HW, Xiao C, Lu QP. Theory of traditional Chinese medicine and therapeutic method of diseases. World J Gastroenterol. 2004 Jul 1;10(13):1854-6. doi: 10.3748/wjg.v10.i13.1854. PMID: 15222022; PMCID: PMC4572216.
- Mayo Clinic: Acupuncture (Hentet 12.04.23)
- National Cancer Institute: Meridian og Qi (Hentet 12.04.23)
- Natural Medicines Comprehensive Database: Acupuncture og Traditional Chinese Medicine (Krever abonnement. Hentet 12.04.23).
- Needham J, Gwei-Djen L, Porkert M. Problems of translation and modernisation of ancient Chinese technical terms, Annals of Science 1975, 32:5, 491-502, DOI: 10.1080/00033797500200411
- Norheim, AJ: Dette bør du vite om akupunktur. Tiden Norsk Forlag 1989. ISBN 9788210032035
- Smith CA, Armour M, Lee MS, Wang LQ, Hay PJ. Acupuncture for depression. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 3. Art. No.: CD004046. DOI: 10.1002/14651858.CD004046.pub4.
- Store Norske Leksikon: Impedans (elektroteknikk) (hentet 04.05.23)
- Store Norske Leksikon: Qi (Hentet 12.04.23)
- University of Minnesota: What is Qi? (Hentet 12.04.23)
- White A; Editorial Board of Acupuncture in Medicine. Western medical acupuncture: a definition. Acupunct Med. 2009 Mar;27(1):33-5. doi: 10.1136/aim.2008.000372. PMID: 19369193.