Ifylgje tradisjonell kinesisk medisin (TKM) sirkulerer qi i eit krinslaup av kanalar mellom huda, organa og kroppsdelane våre, kalla meridianar. Qi skal syte for at vi er i balanse både spirituelt, emosjonelt, mentalt og fysisk. Mange alternative behandlingsformer byggjer på konseptet om slik energi, og søkjer å betre helsa ved å påverke qi i særskilde akupunkturpunkt.
Etter læra bølgjer qi frå lungane, nedover og utover i kroppen og attende til lungane. Dette skal foregå med fast rytme, som skal skape ei form for «flo og fjøre» av energi i kvart organ, gjennom ein syklus på 24 timar. Når nivået av qi er på sitt lågaste, vert organa og kroppsdelane rekna som på sitt mest sårbare. Difor tek ein i TKM omsyn til desse tidspunkta, for at behandlinga skal verke best mogleg.
Når qi får strøyme fritt og uhindra gjennom kroppen, reknar ein organismen som i balanse, velfungerande og optimalt i stand til å takle normale påkjenningar. Imidlertid kan ei rekkje ulike faktorar gjere at meridianane vert blokkerte. Dette kan til dømes vere ytre påkjenningar som kulde eller varme, vind, fuktig eller turt klima, miljøgifter, ugunstig eller feil kosthald. Det kan og vere indre faktorar, som ifylgje læra er svekkingar i organa, negative tankar og kjensler, opphoping av giftstoff, skade på vev etter traume og skade, med meire.
Når qi vert hindra i å flyte fritt, vert balansen i organismen etter læra forstyrra. Nokre stadar vert det då for lite, og andre stadar hopar det seg opp for mykje energi. Begge delar gjev ifylgje læra symptom på konkret sjukdom eller ein generelt dårleg allmenntilstand - som til dømes trøytte, dårleg matlyst, søvnproblem, fordøyingsplager og liknande.
Behandlarar som baserar seg på denne helseforståinga seier ofte at rolla deira, undersøkjinga og behandlinga som dei gir er å avdekkje kva for blokkeringar symptoma kjem av, og å hjelpe til med å fjerne desse slik at organismen kjem i balanse att. Til dette er det utvikla mange og ulike teknikkar. Meir om desse finn du via artikkelen vår om akupunkturpunkta.
Kor viktig det er å påverke qi i spesifikke akupunkturpunkt, varierer frå terapi til terapi. Ein skal også kunne påverke qi og flyten av han gjennom treningsformer som tai chi og qi gong, samt ved å bruke spesifikke næringsmiddel og stoff frå plante-, dyre- og mineralriket. Behandling som er basert på qi kan altså femne både fysisk berøring og råd om diettar, kosthald, trening og livsstil, bruk av urter, naturmiddel og liknande.
I TKM og mellom austleg orienterte behandlarar vert konsepta om qi, akupunkturpunkt og meridianar både som målbare fysiske storleikar, og som abstrakte eller teoretiske rammeverk henta frå taoismen.
Andre nemningar: Chi, ki
Det er gjort forsking som freistar å prove og forklare qi, som elektromagnetisk energi som flyt mellom akupunkturpunkta gjennom kanalar (meridianane) med særleg låg elektrisk motstand (impedans). Meir om denne forskinga kan du lese i artikkelen vår om meridianar.
Oppsummert reknar ein ikkje qi, akupunkturpunkt og meridianar som påviste etter almenne vitskaplege prinsipp og metode.
Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå eit vestleg-medisinsk teorigrunnlag. Til dømes kan vestleg orienterte utøvarar forklare behandlinga si i lys av det vi har av fysiologiske kunnskapar:
Framfor å seie at til dømes smerte, stivleik og nedsett rørsle skuldast "ubalanse i Qi" eller "blokkerte meridianar", vil dei kanskje seie at dette skuldast nervar i klem. På same måte vil dei seie at behandlinga deira freistar å påverke nervar eller muskelknutar, framfor å "stimulere akupunkturpunkta". Fysiske reaksjonar på akupunkturnåla kan her bli forstått og forklart som at nerven eller muskelen «slepp», istadenfor at "De-qi er oppnådd".
Meir om dette kan du lese i den generelle artikkelen vår om fysikalske/manuelle behandlingsformer.
Behandlingsformene som byggjer på påvirking av qi er mange og forskjellige. Den direkte risikoen (for biverknadar, interaksjonar med anna behandling med meire) ved dei varierer og fører for langt til å presentere her. Ei liste over aktuelle slike terapiar med lenkjer til spesifikk informasjon om kvar einskild finn du her.
Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå dersom nærare undersøkjing og naudsynt verksam behandling vert utsett eller valt bort.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
- Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av omtalane våre - eller manglande omtale.
- Sjekk om din behandlar står i Registeret for utøvere av alternativ behandling i Brønnøysundregistra.
- Ahn AC, Colbert AP, Anderson BJ, Martinsen OG, Hammerschlag R, Cina S, Wayne PM, Langevin HM. Electrical properties of acupuncture points and meridians: a systematic review. Bioelectromagnetics, 2008 May;29(4):245-56. doi: 10.1002/bem.20403. PMID: 18240287.
- Behandler.no: Tradisjonell kinesisk medisin (Hentet 12.04.23)
- Birch S, Kaptchuk T. History, nature and current practice of acupuncture: an East Asian perspective. In: Ernst E, White, A. (Eds). Acupuncture: A Scientific Appraisal. Oxford: Butterworth-Heinemann, 1999
- Bruset S, Poleszynski D V. Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste A/S 1994. ISBN 82-7010-250-4.
- CAM-Cancer: Karen Pilkington and the CAM Cancer Consortium. Acupuncture for chemotherapy-associated nausea and vomiting [online document]. March 9th, 2021 (Hentet 12.04.23)
- Collinge W. The American Holistic Health Association Complete Guide to Alternative Medicine. New York. Warner 1997. ISBN 13-9780446672580
- Encyclopedia Britannica: Meridian og Qi (Hentet 12.04.23)
- Ernst, E: The Desktop Guide to Complementary and Alternative Medicine: An Evidence-Based Approach. Mosby 2001. ISBN 0 7234 3207 4
- Harvard Health: Acupuncture (Hentet 12.04.23)
- Langevin HM, Yandow JA. Relationship of acupuncture points and meridians to connective tissue planes. Anat Rec. 2002 Dec 15;269(6):257-65. doi: 10.1002/ar.10185. PMID: 12467083.
- Law SK, Wang L, Li T. Acupuncture for glaucoma. Cochrane Database of Systematic Reviews 2020, Issue 2. Art. No.: CD006030. DOI: 10.1002/14651858.CD006030.pub4
- Lu AP, Jia HW, Xiao C, Lu QP. Theory of traditional Chinese medicine and therapeutic method of diseases. World J Gastroenterol. 2004 Jul 1;10(13):1854-6. doi: 10.3748/wjg.v10.i13.1854. PMID: 15222022; PMCID: PMC4572216.
- Mayo Clinic: Acupuncture (Hentet 12.04.23)
- National Cancer Institute: Meridian og Qi (Hentet 12.04.23)
- Natural Medicines Comprehensive Database: Acupuncture og Traditional Chinese Medicine (Krever abonnement. Hentet 12.04.23).
- Needham J, Gwei-Djen L, Porkert M. Problems of translation and modernisation of ancient Chinese technical terms, Annals of Science 1975, 32:5, 491-502, DOI: 10.1080/00033797500200411
- Norheim, AJ: Dette bør du vite om akupunktur. Tiden Norsk Forlag 1989. ISBN 9788210032035
- Smith CA, Armour M, Lee MS, Wang LQ, Hay PJ. Acupuncture for depression. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 3. Art. No.: CD004046. DOI: 10.1002/14651858.CD004046.pub4.
- Store Norske Leksikon: Impedans (elektroteknikk) (hentet 04.05.23)
- Store Norske Leksikon: Qi (Hentet 12.04.23)
- University of Minnesota: What is Qi? (Hentet 12.04.23)
- White A; Editorial Board of Acupuncture in Medicine. Western medical acupuncture: a definition. Acupunct Med. 2009 Mar;27(1):33-5. doi: 10.1136/aim.2008.000372. PMID: 19369193.