Ein hovudtanke i ayurveda er ei "naturleg" og heilskapleg tilnærming til helse; både fysisk, mentalt, emosjonelt og andeleg. Utøvarar av ayurvedisk medisin skal ta omsyn til både kroppen, sinnet og den spirituelle sida av mennesket, samt mennesket sitt høve til naturen og omgjevnadane. Førebyggjing står sentralt.
I ayurveda blir alkohol, stress, negative kjensler, overtrening og for mykje fasting sett på som årsakar til ubalanse og blokkeringar, som gir seg utslag sjukdom og dårlegare helse. Som i tradisjonell kinesisk medisin (TKM) vert behandling sett på som ulike måtar å stø kroppen sine evner til å heile seg sjølv, å rette opp ubalansar og fjerne blokkeringar for at livsenergien skal flyte fritt igjen. Ayurveda kviler også på ideane om eigne energisenter (chakra) i kroppen og ein aura kring han.
I ayurvedisk behandling kombinerer ein forskjellige former for sjølvhjelp og terapiar (til dømes detox, yoga, meditasjon og massasje), naturlege stoff frå folkemedisinen (planter, dyr, metall og mineral), eteriske oljar (aromaterapi), kosthald og ernæring, samt trening og livsstil til eit stort og komplekst behandlingssystem.
Visse basisingrediensar i kosten vert ifylgje ayurveda rekna som særleg viktige for å rette opp ubalansar og å kunne førebyggje sjukdom, mellom anna ghee (klarna smør), mjølk og ris. Attåt desse, rår ayurvediske utøvarar ofte til at ein nyttar spesifikke urter eller ferdige blandingsprodukt av slike.
Dei mange komponentane og måtane å kombinere dei på, gjer at ein ikkje kan seie noko generelt om verknad av ayurvedisk medisin på systemnivå. Men det er forska på verknad av fleire av terapiane som inngår i systemet. Av desse har vi artiklar om dei fylgjande:
Dei mange komponentane og måtane å kombinere dei på, gjer det også vanskeleg å seie noko generelt om tryggleiken av ayurvedisk medisin som system. For informasjon om tryggleiken ved dei terapiane innan ayurveda som vi har artiklar om, sjå "Er det trygt"-kapitla:
I ayurveda finn ein også konseptet rasa shastra, der ein nyttar stoff med kjent giftig verknad. Det er gjort fleire granskingar av innhaldet i vanlege ayurvediske preparat, og dei fleste av desse har funne at slike preparat inneheld langt meir tungmetall som bly, kvikksølv og arsenikk enn grenseverdiane for kva som er trygt. Ein forskingsrapport frå 2017 konkluderte med at risikoen for forgifting på grunn av slikt innhald i ayurvediske produkt er eit aukande folkehelseproblem.
Indirekte risiko for forverring kan oppstå ved at symptom vert tolka feil eller oversett av pasienten eller utøvaren, slik at viktig naudsynt behandling vert forseinka. Dette gjeld alle former for alternativ behandling.
Vurderer du alternativ behandling? Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Ordet ayurveda tyder "vitskapen om livet." Det finst skriftlege kjelder som tyder på at ayurvedisk medisin vart utvikla i India for fleire tusen år sidan, av dei same som utvikla indisk meditasjon og yoga.
På same måten som yoga, meiner ayurveda-læra at alt liv og å heila byggjer på ein vital energi kalla prana. Ifølgje læra vert prana styrt av dei fem elementa jord, luft, eld, vatn og eter. Når det er balanse og harmoni mellom desse fem, reknar ein at mennesket er ved god helse. Sjukdom oppstår på grunn av ubalanse eller mangel på harmoni mellom dei.
Helseforståinga i ayurveda er på fleire måtar òg parallell med tradisjonell kinesisk medisin: Fokus i behandlinga er på heile personen, og målet er å balansere eller harmonisere kropp, sinn og ande. Som fellesnemning for behandling nyttar ein i ayurveda omgrepet rasayana. Mellom dei vanlegaste slike inngår meditasjon med kontrollert pust (pranayama), trening, kosthald, urter, avgiftingsprogram og ymse former for massasje. Mange av urtene som ofte blir brukte i tradisjonell kinesisk medisin, finn ein att i ayurveda.
Dei fem elementa som styrer prana dannar ifølgje læra tre grunnleggjande mennesketypar eller konstitusjonar (dosha): Eter og luft dannar Vata; eld og vatn dannar Pitta, og vatn og jord dannar Kapha. Kvar av desse tre typane styrer spesifikke funksjonar, organ og vev i kroppen, og gjev dei tre typane individuelle kvalitetar. Til saman regulerer dei også kroppsfunksjonen Tridoshas. Ubalanse i Tridoshas vert rekna som årsaka til sjukdom. Slik ubalanse vert kalla vikriti.
Ifølgje ayurvedisk medisin ligg Tridoshas til grunn for alt i naturen, inkludert maten vi et, klede og smykke vi likar og pyntar oss med, og så bortetter. Alle ting i naturen vert rekna for å ha sin eigen energi, som påverkar menneska på bestemte måtar ved at dei aukar, minskar eller balanserar livsenergiane. Til dømes meiner ein i ayurveda at sukker aukar Kapha, fisk aukar Pitta og rå grønsaker aukar Vata. Andre råvarer har motsett verknad: Til dømes skal nellik redusera Kapha, sitron redusera Pitta og eterisk olje redusera Vata.
Ut frå dette kan den ayurvediske utøvaren setje opp ein detaljert diett og gje råd om daglege rutinar. Det er vanleg å starte behandlinga med panchakarma (reinsing/ avgifting/ detox) I tillegg kan utøvaren gje råd om kva farge og materiale pasienten bør ha på smykka og kleda – og kva type musikk hen bør lytte til. Ein vesentleg del av ayurvedisk undersøkjing handlar altså om å avgjere kva type (dosha) pasienten er og kva slag ubalanse (vikriti) hen har. Dette vert lagt til grunn for kva diett, urter, behandling og livsstilsendringar pasienten skal rådast til å bruke.
Ayurvedisk medisin vert rekna som eit av dei eldste medisinske systema i verda. I India er det enno del av det offentlege helsetilbodet, og vert styrt av eit eige departement for Ayurveda, Yoga og Naturopati, Unani, Siddha og Homeopati (AYUSH).
Andre kjende namn/ omgrep
Ayurvéda, Ayurvedic Medicine, Médecine Ayurvédique, Médecine Traditionnelle Asiatique, Médecine Traditionnelle Indienne, TAM, TIM, Traditional Asian Medicine, Traditional Indian Medicine.
- Behandler.no: Hva er ayurveda (Hentet 11.04.23)
- Johns Hopkins Medicine: What is ayurveda (Hentet 11.04.23)
- Government of India: Ministry of Ayush (Hentet: 09.05.23)
- Mikulski MA, Wichman MD, Simmons DL, Pham AN, Clottey V, Fuortes LJ. Toxic metals in ayurvedic preparations from a public health lead poisoning cluster investigation. Int J Occup Environ Health. 2017 Jul;23(3):187-192. doi: 10.1080/10773525.2018.1447880. Epub 2018 Mar 12. PMID: 29528276; PMCID: PMC6060866.
- National Ayurvedic Medical Association: What is ayurveda? (Hentet 11.04.23)
- National center for complementary and integrative health (NCCIH): Ayurvedic medicine in depth (Hentet 11.04.23)
- Natural medicines: AYURVEDA (Krever abonnement, hentet 11.04.23)
- Norsk meditasjon og yoga skole: Hva er ayurveda (Hentet: 11.04.23)
- Saper RB, Phillips RS, Sehgal A, Khouri N, Davis RB, Paquin J, Thuppil V, Kales SN. Lead, mercury, and arsenic in US- and Indian-manufactured Ayurvedic medicines sold via the Internet. JAMA. 2008 Aug 27;300(8):915-23. doi: 10.1001/jama.300.8.915. Erratum in: JAMA. 2008 Oct 8;300(14):1652. PMID: 18728265; PMCID: PMC2755247.
- Saper RB, Kales SN, Paquin J, Burns MJ, Eisenberg DM, Davis RB, Phillips RS. Heavy metal content of ayurvedic herbal medicine products. JAMA. 2004 Dec 15;292(23):2868-73. doi: 10.1001/jama.292.23.2868. PMID: 15598918.
- Store norske leksikon: Ayurveda (Hentet 11.04.23)