Innan alternativ behandling vert aura ofte nytta som eit omgrep for eit energifelt kring menneskekroppen, som blant anna speglar helsetilstanden vår. Omgrepet vert rekna å stamme frå utviklinga av ayurvedisk medisin, der auraen vert omtala som eit lysande felt kring kroppen.
Innan alternativ behandling vert auraen til eit menneske ofte forklara med at den har sju lag, og strålar ein oval form av lys i ulike fargar og styrkar ut frå kroppen. Kvart av desse laga er etter læra også kopla til spesifikke delar av mennesket si fysiske, mentale, andelege og emosjonelle helse.
Etter denne læra kan ein få informasjon om helsetilstanden din ved å sjå på eller kjenne på auraen, og deretter vurdere forma, fargen og styrken på han. Ein skal også kunne «kople seg på» auraen til nokon og vurdere han utan å vere på same stad. Ein tilsvarande tanke og forklaring finn vi til dømes innanfor healing.
Dersom behandlaren til dømes oppfattar auraen din som «matt», vert dette forstått som at du er ved dårleg helse eller har behov for endring. Behandlaren kan også tale om at du har mørke flekkar på spesifikke stadar i auraen, og tolke det som nedsette funksjonar eller sjukdom i eit organ.
Kvart av dei sju laga skal også ha sin eigen farge, som signaliserar særtrekk ved personlegdomen din. Hvis behandlaren for eksempel seier at du har mykje raudfarge i auraen din, vert du rekna som rasjonell, energisk og til å ha ei sterk vilje. Ein aura som er dominert av oransje, skal tyde på ein som likar eventyr og utfordringar, men som samstundes er omtenksam.
Hvis behandlaren ser mykje gult i han, meiner hen at du er ein kreativ, avslappa og venleg person. Blåfarge skal signalisere ein spontan, intuitiv og spirituell fritenkjar. Ein som behandlaren meiner har mykje indigo i auraen sin, vert omtala som nysgjerrig, andeleg og mild; medan mykje fiolett skal tyde på ein som er klok, uavhengig og intellektuell.
Etter læra kan ein også lese av andre personlege trekk og kvalitetar i auraen: Om behandlaren omtalar auraen din som «svak» eller «frynsete», skal dette tyde på at du er lett å leie og å påverka.
Vær merksam på at aura vert rekna som eit teoretisk konsept som ikkje er prova etter allmenne vitskaplege prinsipp og metodar. Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon frå forsking som støtter at auradiagnose er eit påliteleg verktøy for å tillegge folk personlege trekk eller påvise sjukdom og behov for behandling.
I artikkelen vår om auraterapi kan du lese kva som kjenneteiknar vanlege teknikkar som alternative behandlarar brukar etter å ha stilt ein diagnose med auradiagnostikk. Her kan du også lese om skilnadar mellom konsepta aura innan alternativ behandling, og innenfor skulemedisinen.
Kjelder
- Auratransformation.com: En permanent bevissthetsutvidelse. Hentet 25.04.23.
- Alternativ.no: Healing. Hentet 25.04.23.
- Balanseakademiet.no: Auratransformasjon. Hentet 25.04.23.
- Behandler.no: Hva er auratransformasjon? Hentet 25.04.23.
- Bruset S, Poleszynski D V. Alternativ medisinsk leksikon: Auraterapi. Det Beste A/S 1994. ISBN 82-7010-250-4.
- Healthline.com: Can you cleanse your aura?
- Hammerschlag R, Marx BL, Aickin M. Nontouch biofield therapy: a systematic review of human randomized controlled trials reporting use of only nonphysical contact treatment. J Altern Complement Med. 2014 Dec;20(12):881-92. doi: 10.1089/acm.2014.0017. PMID: 25181286.
- Jain S, Hammerschlag R, Mills P, Cohen L, Krieger R, Vieten C, Lutgendorf S. Clinical Studies of Biofield Therapies: Summary, Methodological Challenges, and Recommendations. Glob Adv Health Med. 2015 Nov;4(Suppl):58-66. doi: 10.7453/gahmj.2015.034.suppl. Epub 2015 Nov 1. PMID: 26665043; PMCID: PMC4654788.
- Jain S, Mills PJ. Biofield therapies: helpful or full of hype? A best evidence synthesis. Int J Behav Med. 2010 Mar;17(1):1-16. doi: 10.1007/s12529-009-9062-4. Erratum in: Int J Behav Med. 2011 Mar;18(1):79-82. PMID: 19856109; PMCID: PMC2816237.
- Liu, Tianjin: The scientific hypothesis of an “energy system” in the human body. Journal of Traditional Chinese Medical Sciences (2018) 5, 29-34.
- Matos LC, Machado JP, Monteiro FJ, Greten HJ. Perspectives, Measurability and Effects of Non-Contact Biofield-Based Practices: A Narrative Review of Quantitative Research. Int J Environ Res Public Health. 2021 Jun 13;18(12):6397. doi: 10.3390/ijerph18126397. PMID: 34199174; PMCID: PMC8296239.
- Rubik B. The biofield hypothesis: its biophysical basis and role in medicine. J Altern Complement Med. 2002 Dec;8(6):703-17. doi: 10.1089/10755530260511711. PMID: 12614524.
- Store norske leksikon: Kirlianeffekten. Hentet 25.04.23.
- Store norske leksikon: Veda. Hentet 09.5.2023
- Timesofindia.com: Five simple ways you can cleanse your aura. Hentet 25.04.23