Auradiagnostikk

Omgrepet aura vert rekna å stamme frå utviklinga av ayurvedisk medisin, der auraen vert omtala som eit lysande felt kring kroppen. 

Innan alternativ behandling brukast aura som eit omgrep for eit energifelt kring menneskekroppen som blant anna speglar helsetilstanden vår. Omgrepet vert rekna å stamme frå utviklinga av ayurvedisk medisin, der auraen vert omtala som eit lysande felt kring kroppen. 

Innan alternativ behandling taler ein vanlegvis om at auraen til eit menneske har sju lag og strålar ein oval form av lys i ulike fargar og styrkar ut frå kroppen. Kvart av laga er etter læra også kopla til spesifikke delar av mennesket si fysiske, mentale, andelege og emosjonelle helse.

Etter denne læra kan ein få informasjon om helsetilstanden din ved å sjå på eller kjenne auraen, og deretter vurdere forma, fargen og styrken på han. Ein kan og «kople seg på» og vurdere auraen utan å vere på same stad som deg. Ein tilsvarande tanke og forklaring finn vi til dømes innanfor healing.

Dersom behandlaren til dømes oppfattar auraen din som «matt», vert dette forstått som at du kan ha dårleg helse eller har eit behov for endring. Mørke flekkar på spesifikke stadar i auraen vert tolka som nedsette funksjonar eller sjukdom i eit organ.

Kvart av dei sju laga skal også ha sin eigen farge som signaliserar særtrekk ved personlegdomen. Hvis behandlaren for eksempel seier at du har mykje raudfarge i auraen din, vert du rekna som rasjonell, energisk og til å ha ei sterk vilje. Ein aura som er dominert av oransje skal tyde på ein som likar eventyr og utfordringar, men som samstundes er omtenksam. Er det mykje gult, meiner behandlaren at du er ein kreativ, avslappa og venleg person. Blåfarge skal signalisere ein spontan, intuitiv og spirituell fritenkjar. Personar med mykje indigo i auraen sin vert omtala som nysgjerrige, andelege og milde; medan dei med mykje fiolett vert rekna som kloke, uavhengige og intellektuelle.

Etter læra kan ein også sjå på andre kvalitetar ved auraen. Om behandlaren beskriv auraen din som «svak» eller «frynsete», skal dette tyde på at du er lett å leie og å påverka.

Vær merksam på at aura vert rekna som eit teoretisk konsept som ikkje er prova etter allmenne vitskaplege prinsipp og metodar. Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon frå forsking som støtter at aura-diagnose er eit påliteleg verktøy for å påvise sjukdom og behov for behandling.

I artikkelen vår om auraterapi kan du lese kva som kjenneteiknar teknikkane alternative behandlarar nytter etter å ha stilt ein diagnose ved bruk av auradiagnostikk. Her kan du også lese om skilnaden mellom konsepta aura innan alternativ behandling og skulemedisinen.

Kjelder

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: