Auraterapi

Auraterapi byggjer på ideen som eit eige energifelt kring kroppen, som ein skal kunne påverke for å hjelpe ved sjukdom og plager.

Ideen om auraen som eit eige energifelt kring kroppen kjem frå Veda-skriftene, som er gamle hinduistiske skrifter som ein kan spore attende til 1000-1200 år før vår tid. Veda-skriftene vert og sagt å liggje til grunn for mellom anna det ayurvediske medisin-systemet.

Omgrepet auraterapi vert nytta både om særskilte terapiar der ein meiner å kunne behandle problem direkte i auraen, og om behandling med andre terapiar etter auradiagnostikk. Desse kan vere svært ulike, og behandlaren nyttar då auraen mest som eit «sjekkpunkt» på utviklinga i helsetilstanden din.

Nokre behandlarar vil leggje vekt på kva fargar i auraen din dei synst er for svake eller sterke. Dei vil forklare behandlinga si som å kanalisere energiar som skal tilføre auraen din fargar som det trengs meir eller mindre av. Ideen om at særskilte fargar uttrykkjer ulike energiar, personlegdom og tilstandar, finn ein også att i andre, frittståande terapiar så som fargeterapi.

Nokre utøvarar vil behandle problema som dei ser i auraen din ved å ta på og massere han (auramassasje). Dette skal gje endringar i auraen som skal vere moglege å sjå og kjenne.

Andre behandlarar forklarar behandlinga si med at auraen din treng reparasjon eller reinsing (aurareinsing). Dei forklarar dette med at den indre energistraumen din er blokkert. Aurareinsing kan og innehalde visualiseringsteknikkar og rettleia meditasjon for å hjelpe deg med å tenke positivt og sjå føre deg at du «vaskar vekk skit frå auraen». Ifylgje ayurvedisk medisin skal du også kunne reinse auraen din ved å ta ein dusj eller vere ute i regnver, og medvete sjå føre deg at vassdropane vaskar auraen din. Du skal og kunne ta terapeutiske bad med eteriske oljar, badesalt og urter i vatnet, eller brenne salvie og puste inn røyken frå den (smudging).

Utøvarane forklarar òg auraen som eit sensitivt instrument som både sender ut og fangar opp signal frå andre menneske, dyr, planter og mineral sin aura. Dei seier at når to slike signal møtest, oppstår det enten harmoni eller disharmoni. Dersom vi får ei kjensle av tiltrekking, fred og tilknytning til nokon eller noko skuldast det harmoni mellom aura-signala, og dersom vi kjenner eit ubehag skuldast det disharmoni mellom dei.

Nokre meiner at det er mogleg å endre måten du reagerar på ved å «omprogrammere» auraen din (auratransformasjon), enten korleis du reagera i visse situasjonar, på visse mennesketypar og på faktorar som kan truge helsetilstanden din. Desse behandlarane seier at dei bryt ned det dei kallar aurastrukturen for så å byggje opp ein ny aura til deg. Denne vert omtala som «transformert» og betre og sterkare enn den gamle. Desse utøvarane kallar seg ofte aura-formidlarar og dei forklarar at behandlinga skal endre og forbetre både auraen, utstrålinga og medvitet ditt. Tittelen deira peiker på at det skal finnast visse aura-typar med ulike særtrekk som dei kan formidle til deg.

Behandlarar som baserar seg på konsepta om aura og universell energi, er ofte opptekne av at pasientane skal vere delaktige og aktive i behandlingsprosessen. Mellom anna kan dei tilby seg å lære pasienten sin å sjå, tolke og påverke auraen sin ved hjelp av til dømes fargeterapi, meditasjon, visualisering, eller aktivitetar som det å teikne eller skrive; eller ved å observere andre menneske og freiste å sette seg i deira stad. Andre behandlarar vil gje råd om å endre livsstil og kosthald ut frå kva dei finn i aura-diagnosen.

Andre namn og nemningar

Biofield, biofield therapy

Vi veit at alle levande organismar gjev frå seg energi i form av elektromagnetisk stråling. Ved mellom anna termografering (lenkje til Store norske leksikon) vil ein kunne sjå dette. Der ser ein også tydeleg skilnadar på varme og kalde område på kroppen. Til dømes utviklar betennelse (inflammasjon) varme, og dette vert vist som raude område i termografi-bilete. Område med til dømes nedsett blodgjennomstrøyming har lågare temperatur og vert viste med blåtonar.

Ifylgje dei alternative behandlarane er auraen imidlertid noko anna enn slik stråling. Nokre av dei meiner at bilete tekne med eit spesielt fotoapparat (Kirlianfotografering) viser dette. På slike bilete kan ein sjå at det strålar lys i ulike fargar og styrkar ut frå silhuetten av objektet som ein fotografera  (til dømes ein menneskekropp). Denne strålinga kallas også kirlianeffekten (lenkje til Store norske leksikon) og skapas av spenningar inni sjølve apparatet. 

Auraen vert rekna som eit teoretisk konsept som ikkje er prova etter allmenne vitskaplege prinsipp og metodar. Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan verknaden forklarast ut frå fysiologiske kunnskapar. Meir om dette finn du i den generelle artikkelen vår om fysikalske/manuelle behandlingsformer.

Ver merksam på at «aura» også er eit omgrep innan nevrologien (lenkje til Store norske leksikon), for ei kortvarig kjensle av lys, luft eller smak som personar med til dømes epilepsi, migrene eller liknande kan oppleve rett før anfall.

Ifylgje behandlarane er det ingen risiko for alvorlege biverknadar ved aura-diagnostikk og aura-terapi, men innan enkelte terapiar – som til dømes healing – seier behandlarane at du kan bli forbigåande slapp og tyrst, få vondt i hovudet eller bli uroleg i magen. Slike forbigåande reaksjonar meiner dei er ein naturleg del av behandlinga.  

Risikoen ved aura-basert terapi er mest truleg låg, så lenge du ikkje droppar fagleg undersøkjing og naudsynt verksam behandling.

Nokre variantar, så som aura-transformasjon, vert sagt å kunne endre både personlegdomen, reaksjonane og medvitet ditt. Utøvarar åtvarar her om at dette kun er for «psykisk friske som vil noe mer med livet sitt». Det er rimeleg å tru at nokre av dei som ikkje opplever ynsjet effekt av behandlinga kan oppleve det som ei ekstra belasting.

Generelle tryggingsreglar

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: