Auraterapi

Auraterapi byggjer på ideen om eit eige energifelt rundt kroppen, som ein skal kunne påverke for å hjelpe ved sjukdom og plager.

Ideen om auraen som eit eige energifelt rundt kroppen som det strålar lys frå, kjem frå dei hinduistiske Veda-skriftene, frå om lag 1000–1200 år før vår tid. Desse vert også sagt å danne grunnlaget for det ayurvediske medisinsystemet, der konseptet om auraen står sentralt.

Omgrepet auraterapi vert brukt både om terapiar der ein meiner å kunne påverke auraen din for å behandla helseproblem, og om ulike behandlingar som vert gjeve etter auradiagnostikk, som vil seie at behandlaren vurderer tilstanden og behandlingsbehovet ditt ut frå korleis hen oppfattar auraen din.

Auraen vert sagt å innehalde ulike fargar som representerer forskjellige energiar. Også kvaliteten – styrken – som desse strålane har, skal ha betydning for korleis utøvarar vil behandla deg: Nokre forklarer behandlinga med at dei kan sjå på auraen kva energi du har lite av (fordi auraen strålar svakt, med matt farge), og at dei kan gje deg meir av denne; eller at dei kan dempe energi som dei meiner du har for mykje av (dersom auraen strålar sterkt, med skarp farge).

Andre utøvarar forklarer behandlinga si med at dei kan ta på og massere auraen din (auramassasje). Denne nærast fysiske behandlinga skal kunne føre til gunstige endringar i auraen. Akkurat korleis auramassasje går føre seg verkar uklart, og vi har ikkje funne noko eintydig forklaring på det.

Andre utøvarar forklarer behandlinga si med at dei ser at auraen din treng reparasjon eller reinsing (aurareinsing). Grunnen til dette oppgir dei ofte til å vere at den indre energistraumen din er blokkert. Du skal sjølv kunne reinse auraen din ved lære visualiseringsteknikkar og bruke vegleia meditasjon til å tenkje positivt, og sjå føre deg at du «vaskar bort skit frå auraen», medan du tek ein dusj eller er ute i regnvêr. Du skal også kunne ta terapeutiske bad med eteriske oljer, badesalt og urter i vatnet, eller brenne salvie og puste inn røyken frå den (smudging) for å reinsa auraen.

Nokre utøvarar forklarer også auraen som eit sensitivt instrument, som både sender ut og fangar opp signal frå andre menneske, dyr, plantar og mineral. Dei seier at når to slike signal møtest, oppstår det anten harmoni eller disharmoni. Dersom du då får ei kjensle av tiltrekking, fred og tilknyting til nokon eller noko, skuldast det harmoni mellom aura-signala, og dersom du kjenner ubehag, skuldast det disharmoni mellom dei.

Desse utøvarane meiner også at det er mogleg å «omprogrammere» auraen din (auratransformasjon), for å endre korleis du reagerer i visse situasjonar, på visse mennesketypar eller på faktorar som kan truge helsetilstanden din. Dei seier at dei bryt ned strukturen i auraen din, for så å byggje opp ein ny aura til deg. Denne omtalar dei då som «transformert», og betre og sterkare enn den gamle.

Desse utøvarane kallar seg ofte auraformidlarar, og forklarer at behandlinga deira kan endre og forbetre både auraen, utstrålinga og medvitet ditt. Tittelen peikar på at dei meiner det eksisterer visse standardiserte eller arketypiske auraer, med kvar sine særtrekk og sterke sider, som dei kan formidle til deg.

Utøvarar som baserer seg på konsept om aura og universell energi, er ofte opptekne av at pasientane skal vere delaktige og aktive i behandlingsprosessen. Mellom anna kan dei tilby å lære pasienten å sjå, tolke og påverke si eiga aura, ved hjelp av til dømes fargeterapi, meditasjon, visualisering, eller aktivitetar som å teikne eller skrive; eller ved å observere andre menneske og prøve å setje seg i deira stad. Andre utøvarar vil også gje pasienten råd om å endre livsstil og kosthald ut frå kva dei finn i aura-diagnosen.

Andre namn og nemningar:

Biofelt, biofeltterapi

Det er semje om at levande organismar avgir energi i form av elektromagnetisk stråling. Ved fotografering med termografi vil ein tydeleg sjå forskjellar på varme og kalde område på kroppen. Det er også semje om at slike bilete kan seie noko om pasientar sin helsetilstand: Til dømes utviklar betennelsar varme, og dette vil visast som raude område på termografibilete. Område med til dømes redusert blodgjennomstrøyming har lågare temperatur, og vil visast med blåtonar.

Forkjemparar for auraterapi seier derimot at auraen er noko anna enn slik stråling. Nokre av dei meiner at bilete som vert tekne med eit anna, spesielt kamera (Kirlianfotografering) provar dette. På slike bilete kan ein sjå at det strålar lys i ulike fargar og styrkar ut frå silhuetten av objektet som ein tek bilete av (til dømes ein menneskekropp). Denne strålinga vert også kalla kirlian-effekten, som ein veit skuldast høge spenningar inne i sjølve kameraet.

Auraen vert rekna som eit teoretisk konsept som ikkje er bevist etter allmenne vitskaplege prinsipp og metodar. Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel vise effekt i helseforskning. I nokre tilfelle kan ein forklare dette ut frå fysiologisk kunnskap. Meir om dette finn du i vår generelle artikkel om fysikalske/manuelle behandlingsformer.

På lik linje med andre former for behandling, må ein også rekne med at pasientar kan oppleve ein placeboeffekt av aura-baserte terapiar. Dette kan forklare at pasientar, trass i manglande støtte frå forskinga, likevel opplever effekt av slike behandlingar.

Merk:
«Aura» er også eit omgrep innan nevrologien, men der betyr det ei kortvarig kjensle av lys, luft eller smak som personar med til dømes epilepsi, migrene eller liknande kan oppleve rett før eit anfall.

Ifølgje behandlarane er det ingen risiko for alvorlege biverknadar ved aura-diagnostikk og auraterapi, men innan enkelte terapiar som inkluderer auraen som ein behandlingsfaktor – som til dømes healing – seier behandlarane at du kan bli forbigåande slapp og tørst, få hovudverk eller bli uroleg i magen. Slike forbigåande reaksjonar meiner dei er ein naturleg del av behandlinga, og eit teikn på at behandlinga byrjar å verke.

Risikoen ved aura-basert terapi er truleg låg, så lenge du ikkje utset eller droppar fagleg undersøking og nødvendig verksam behandling.

Nokre variantar, som auratransformasjon, vert sagt å kunne endre både personlegdomen, reaksjonane og medvitet ditt. Utøvarane åtvarar her om at dette berre er for «psykisk friske som vil noko meir med livet sitt». Det er rimeleg å anta at dei som søkjer slike effektar, men ikkje opplever det, kan oppleve auraterapi som ei ekstra belastning.

Vurderer du alternativ behandling?

Då bør du lese pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Other websites from NAFKAM: