Kopping | NAFKAM

Kopping

Kopping går føre seg ved at behandlaren set vakuumkoppar på pasienten sin kropp.
Image
Bilde av en rygg som behandles med fem kopper
  • Kopping går ut på å setje vakuumkoppar på huda. Nokre behandlarar meiner at kopping verkar ved at behandlinga aukar blodgjennomstrøyminga i kroppen. Andre behandlarar stør seg på teoriar frå kinesisk medisin, der ein freister å påverke livsenergien qi.
  • Noko forskning syner verknad mot visse typar smerter, men forskinga gir ikkje grunnlag for å seie det sikkert. For anna enn smertelindring er det lite forsking som støtte for påstandar om verknad. 
  • Kjeldene våre nemner visse biverknadar ved kopping, og rår gravide og kvinner som ammar frå å nytte det. 

Det fins to hovudvariantar: Tørr kopping og våt kopping. I den siste gjer behandlaren eit snitt i huda etter koppinga, slik at blod strøymer ut. Blåmerke etter kopping, og blod i koppane ved "våt" kopping, syner at blodgjennomstrøyminga aukar der koppane vert sette. Det er imidlertid uklart i kva grad den auka blodgjenomstrøyminga bidrar til å betre ulike helseproblem.

Dei fleste påstandene om kva sjukdomar kopping kan hjelpe mot, og korleis behandlinga verkar, manglar solid vitskapleg grunnlag. Livsenergien og energibanane i den kinesiske medisinen er ikkje påviste.

Det ein veit, er at det finst mekanismar i kroppen som gjer at når ein tilfører kroppen ny smerte, kan det undertrykkje smerte som ein allereie har. Meir om dette temaet kan du lese i artikkelen vår om fysikalske/ manuelle terapiar.

Virkar det?

Ved søk i kjeldene våre den 31.05.2021 fann vi oppsummeringar av forskinga som er gjort på kopping for det fylgjande:

Bekhterevs sjukdom (Ankyloserande spondylitt)

Ma med fleire fann i sin gjennomgang av forskinga frå 2018 på kopping brukt ved Bekhterevs sjukdom at kopping ikkje hadde vesentleg nytte åleine, men at det såg ut til å kunne forsterke nytten av konvensjonell behandling. Forfattarane peika imidlertid på at dokumentasjonen var liten og svak, slik at ein ikkje kan seie dette sikkert. 

Fibromyalgi

Cao med fleire fann i sin gjennomgang frå 2010 at ein kombinasjon av kopping og akupunktur såg ut til å gje noko betre smertelindring og reduserte symptom ved depresjon hjå personar med fibromyalgi, enn bruk av skulemedisinske medikament. Om dette skuldast koppinga, akupunkturen eller kombinasjonen av dei to behandlingane, ga forskinga ikkje grunnlag for å seie noko om.

Hudproblem

Timis med fleire fann i sin gjennomgang frå 2021 at kopping ikkje bedra tilstanden hjå personar med hudlidinga psoriasis, men at bruk av kopping kan forverre tilstanden.

Cao med fleire fann i si oppsummering frå 2010 av forsking på kopping mot helveteseld (herpes zoster) at det reduserte utslett og smerter samt tida til ein vert rekna som frisk, betre enn konvensjonell behandling. Dei fann og at kopping kunne forsterke verknaden av konvensjonell behandling.

Xiao med fleire fann i sin gjennomgang av forskninga i 2020 på kopping mot elveblest (urticaria) at det var små forskjellar i verknad mellom kopping og konvensjonell behandling med histaminar, og at kopping samstundes med histaminar såg ut til å gje betre verknad enn histaminar aleine. Forfattarane rår til å tolke desse resultata med varsemd, fordi den forskingsmetodiske kvaliteten på studiane dei undersøkte, var låg. 

I ei Cochrane-oppsummering av forskinga på ulike terapiar mot kviser (akne vulgaris) i 2015, fann Cao med fleire at kopping mangla god dokumentasjon på at det kan hjelpe: studiane synte for sprikande resultat til at forfattarane kunne nytte dei til å konkludere om verknad, og dei fann metodiske feil og manglar som gjorde at dei vurderte kvaliteten som låg.

Høgt blodtrykk (hypertensjon)

Lu med fleire fann i 2019 at forskinga som var gjort på kopping mot høgt blodtrykk, tyda på at dette verkar, men at det til då var gjort for lite forsking med gode metodar til at desse resultata kan gje grunnlag for bastante konklusjonar.

Karpal-tunnel-syndrom (CTS)

I ei oppsummering av forsking frå 2010 tok Huisstede med fleire for seg ulike terapiar ved karpal-tunnel-syndrom. Sett bort frå at dei fann at studiane synte betre, men kortvarig smertelindring frå kopping og enn frå varme omslag, kunne dei ikkje seie noko om kopping har meir verknad enn placebo.

Langvarige (kroniske) smerter

I ein annan forskingsgjennomgang frå same året, fann Cramer med fleire at kopping hadde betre smertelindrande effekt hjå kroniske smertepasientar enn inga behandling, og at det såg ut til å bety lite eller ingenting for smertelindringa om det vart brukt ekte koppar eller narre-koppar (sham). For nedsett rørsle hjå slike pasientar, var forskjellen mellom kopping og inga behandling mindre enn ved smertelindring. Forfattarane tolka dette til at kopping kan vere ei nyttig behandling av smerte, men at den samla dokumentasjonen er begrensa på grunn av metodiske problem som trekk ned kvaliteten på forskinga.

Migrene

Ifylgje Seo med fleire, fann dei i sin gjennomgang frå 2021 av forskinga på kopping mot migrene at det verka betre enn konvensjonell behandling, og at ein kombinasjon av kopping og akupunktur verka litt betre enn kun akupunktur. Forfattarane tolka resultata til at kopping kanskje kan forsterke verknaden av anna behandling i å redusere smerte ved migrene, men dei peikar på at kvaliteten ved studiane var låg. Difor etterlyser dei meir og betre forsking før ein kan seie dette meir sikkert. 

Muskel-skjelett-relaterte smerter og redusert rørsle

Wood med fleire oppsummerte i 2020 forskinga på kopping ved muskel-skjelett-relaterte smerter til at behandlinga kan sjå ut til å vere verksam for å lindre smerter hjå personar med kroniske nakkesmertar og uspesifikke smerter i korsryggen. Dei kunne ikkje seie noko om kopping også ga betre rørsle i nakken og korsryggen. Forfattarane peika på at dei ikkje kunne konkludere sikkert, fordi studiane dei undersøkte, var av middels til låg forskingsmetodisk kvalitet. 

Nakkesleng (Whiplash)

Wong med fleire gjekk i 2016 gjennom forskinga på ei rekkje manuelle terapiar for smerter og stiv nakke hjå nakkesleng-pasientar. Dei fann at studiane synte ulik verknad og var av varierande kvalitet.  Konklusjonen deira seier ikkje noko spesifiktom kopping spesielt. Etter våre kriterie er det ikkje solid nok dokumentasjon for å seie om kopping har nytte for whiplash-relaterte problem eller ikkje.

Nytte for idrettsutøvarar

I 2017 gjekk Bridgett med fleire gjennom forskinga som var gjort på om kopping kan vere til nytte for idrettsutøvarar. Dei fann studiar på ei rekkje behandlingsmål: om kopping kan redusere smerter og nedsett rørsle, korte ned tida til heling av skade, auke fleksibiliteten, påverke ymse funksjonar, blodserum-verdiar, nivået av kreatin kinase (CK) med meire. Dei fann at kopping synte ein viss, kortvarig verknad mot smerter og nedsett rørsle, for auka funksjonar og reduksjon i kreatin kinase-nivået (CK). Men, dei vurderte desse resultata til å vere usikre på grunn av feil og manglar ved studiane. Dei konkluderte med at ein ikkje kunne gje noko tydeleg melding for eller mot kopping ut frå forskinga, og at ein trong meir og betre forsking for å kunne seie noko om dette.

Rehabilitering etter hjerneslag

Soo Lee med fleire gjekk i 2010 gjennom forskinga som var gjort på om kopping kan forbedre rørsle og funksjon frå lammingar ved hjerneslag. Forfattarane fann at det var gjort få studiar og at den metodiske kvaliteten på desse var låg, slik at dei ikkje kunne dra konklusjonar om verknad. Dei skreiv at meir forsking er naudsynt, men at nye studiar må ha meir robuste forskingsmetoder. Etter våre kriterie tyder dette at ein ikkje kan seie om kopping verkar eller ikkje i rehabilitering etter hjerneslag.

Slitasjegikt (osteoartritt) i kneet

Wang med fleire gjekk i 2018 gjennom forskinga på kopping ved slitasjegikt. Dei fann svak dokumentasjon til støtte for hypotesen om at kopping reduserer smerte og betre rørsle i kneleddet, og meinte at ein treng meir og betre forsking som eventuelt støttar dette før ein kan seie noko sikrare om det verkar.

Er det trygt?

I fylgje Natural Medicines ser det ut til at kopping er trygt for dei fleste ved kortvarig bruk, og når behandlinga vert gjort av ein røynd behandlar.

Fylgjande biverknadar er funne gjennom forskinga:

Dei vanlegaste biverknadane er hevingar i huda og blåmerker etter koppane, samt ømme musklar. Det er rapportert om betenningar  i underhuda etter kopping.

Timis med fleire fann i si oppsummering frå 2021 at kopping kan gje Koebners fenomen hjå pasientar med psoriasis, og gjere tilstanden deira verre.

Kvinner som er gravide eller ammar

LactMed inneheldt 28.05.21 ikkje opplysningar om kopping. Natural Medicines skriv at informasjonen om tryggleik for gravide og kvinner som ammar ikkje gir tilstrekkeleg grunnlag til å seie noko om dette. Inntil ein veit meir, rår dei i slike tilfelle gravide og dei som ammar til varsemd og å ikkje nytte behandlinga.

Generelle tryggingsreglar

Dersom du merkar negative verknadar som du meiner skuldast kopping, bør du kontakte lækjar.

Bruk av kopping eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i vår pasientrettleing.

Bakgrunn

Kopping går føre seg ved at behandlaren set vakuumkoppar på pasienten sin kropp. For å lage vakuum i koppane held behandlaren brennande bomull eller urter i koppen i nokre sekund. Når varmekjelda vert fjerna, minkar volumet av luft i koppen, og koppen syg seg fast mot huda. Nokre behandlarar nyttar i staden koppar som er kopla til ei maskin eller ei manuell pumpe for å lage vakuum i dei.

Det finst fleire variantar av kopping. Ein variant er «våt kopping», der behandlaren rispar i huda med eit lite, skarpt blad slik at koppane trekk ut blod frå kroppen når det vert danna vakuum i dei. Dei meiner at dette aukar verknaden av koppinga, og nokre meiner og at det er viktig å kvitte seg med "gamalt" eller "sjukt"  blod; ikkje ulikt tankane kring årelating. Ein annan variant er «kopping-massasje», der behandlaren ikkje let vakuumkoppane stå i ro, men flyttar dei rundt for å massere pasienten.

Behandlarne gir ulike forklaringar på korleis kopping verkar. Nokre behandlarar seier at kopping verkar ved at behandlinga aukar blodgjennomstrøyminga i kroppen. Andre behandlarar stør seg på teoriar frå kinesisk medisin, der ein freister å påverke ein "livsenergi", som ifylgje teorien går gjennom spesielle energibanar (meridianar) inne i kroppen. Nokre meiner og at koppinga verkar reinasande, som ei type detox.

Kopping blir som behandling nytta aleine eller som del av/ i kombinasjon med andre behandlingar som massasje og akupunktur, og som ein del av tradisjonell kinesisk medisin (TKM). Det er óg kjent at enkelte helsepersonell som til dømes fysioterapeutar tilbyr kopping, men kopping vert rekna som alternativ behandling uavhengig av kven som set koppane.

Norske namn: Kopping, tørr kopping, våt kopping, kopping-massasje, vakuumterapi

Engelske namn: Cupping, dry cupping, wet cupping, Bleeding Cupping, Blood-Letting Cupping, Fire-Cupping, Flash Cupping, Liquid Cupping, Medicinal Cupping,Momentary Cupping, Moving Cupping, Multiple Cupping, Needle Cupping, Pneumatic Pulsation Therapy, Pulsating Cupping, Retained Cupping, Shuiguanfa, Traditional Cupping, Water Cupping

Andre namn: Hajamat, hijama

Kjelder

Les meir

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: