Bachs blomstermedisin | NAFKAM

Bachs blomstermedisin

Teorien bak Bachs blomstermedisin er at kroppslege symptom og sjukdom skuldast negative kjensler, og at ein kan bearbeide desse med fortynna essensar av blomar og planter.

Bach blomstermedisin vart utvikla av lækjaren og homeopaten Edward Bach på 1930-talet. Han meinte at at alle symptom på sjukdom er signal om at mennesket manglar noko i personlegdomen sin, og at kvar person sin eigen natur, karakter og kjensler. Ifylgje Bach spelar dette ei nøkkelrolle i utviklinga av sjukdom og korleis ein bør behandle den. 

Han meinte at kroppslege symptom er den menneskelege organismen sin måte å gje uttrykk for negative kjensler, så som frykt, sjalusi, fortviling og liknande. For å bli kvitt kroppslege symptom så som smerter o.l., meinte han at ein må påverke kjenslene som ligg bak, i staden for å dempe symptoma direkte.  Vidare meinte han at blomar, busker og tre inneheld gunstige energiar, som ein kan trekkje ut og nytte til å påverke manglane i personlegdomen og dei negative kjenslene hjå pasienten.


 

Virker det?

Ein veit at mange planter inneheld verkestoff som har farmakologisk verknad, og som kan vere gunstige ved sjukdom. Men, middel som er framstilte etter Bach sin teori er så fortynna at det ikkje vert rekna med at dei inneheld farmakologisk relevante mengder av den opphavlege planten og verkestoffa.

Ideen om energien i planten og at denne blir overført til væskene som ein fortynnar med, er ikkje påvist med aksepterte undersøkjelsesmetodar.

Ein veit at stress og korleis ein har det psykisk, kan ha stor betydning for den fysiske helsa - og vice versa. Men Bach sine idear om kva kroppslege symptom og sjukdom tyder på og kjem av; og at blomsteressensar kan hjelpe via det psykiske, er ikkje prova.

Gjennom forskinga som er gjort, veit ein at Bach blomstermedisin har vore nytta for mange problem og hensikter: astma, fødselsrelaterte hensikter, symptom ved irritabel tarm-syndrom (IBS), smerter (hovudverk, migrene, muskelsmerter og karpaltunnelsyndrom), stress, utmatting, ADHD, uro og rastløyse, negative kjensler (depresjon og angst), samt ved symptom på overgangsalder. Forskinga som er gjort, skil ikkje alltid mellom sjølve midla pasienten som vert rådd til å bruke, og det å gå til og å samtale med ein behandlar om moglege psykiske årsakar til plagene som pasienten kjem med.

Pr juni 2020 inneheldt kjeldene våre tre oppsummeringar av forskinga på Bachs blomstermedisin: Desse har gått gjennom studiar av slik behandling for igangsetting av fødsel, ved ADHD, samt på stress, karpal tunnel-syndrom  og på depresjon. Alle tre konkluderer med at det mest truleg ikkje er effekt av Bachs blomstermedisin utover placeboeffekten. I tillegg omtalar Natural Medicines forskinga som er gjort på Bach blomstermedisin ved angst, til at behandlinga ikkje ser ut til å ha nokon innverknad på mengda eller graden av angstanfall hjå personar som har slike plager.

Etter våre kriterie tyder dette på at behandlinga ikkje har effekt. Påstandar manglar då solid vitskapeleg støtte. 

Er det trygt?

Sidan blomsteressensane inneheld få eller ingen aktive innhaldsstoff frå planten som er brukt i modertinkturen, kan risikoen for negative verknadar frå plantene reknast som lav; både for direkte biverknadar og interaksjon med medisinar o.l. Vi finn ikkje rapporter om slike. 

Men fordi dei ferdige produkta inneheld alkohol, peikar Natural Medicines på at denne kan gje uheldig verknad dersom Bach-middel vert brukt utover moderate mengder. Dei rår særleg gravide og dei som ammar til varsemd, sidan alkohol kan forstyrre utviklinga og gjere skade på foster, og på born som vert amma. Natural Medicines rår og den som får antabus-behandling for avvenning frå alkoholisme til å ikkje bruke Bach-middel samstundes, fordi alkoholen i Bach-midla kan gje sterke reaksjonar med visse typar antabus.

Alle som vil, kan kalle seg «Bach-terapeut» eller liknande, og praktisere Bachs blomstermedisin utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i dette gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har. Nokre Bach-terapeutar tilbyr pasientane sine opplæring i å lage Bach-middel sjølve. Heimelaga middel for eigenbehandling kan generelt by på fleire typar risiko; så som ureine råstoff, urein produksjon og feil i doseringa.

Den største risikoen ved Bach blomstermedisin er truleg forverring av tilstanden, dersom pasientarn vel bort naudsynt, verksam behandling til fordel for slik behandling. Dersom du opplever forverring eller negative verknadar som du trur skuldast Bach blomstermedisin, bør du avslutte behandlinga og kontakte lækjar.

Sjølv om eit helseprodukt (lækjemiddel, urtemedisinar, kosttilskot, vitaminar mm) reknast som trygt å bruke, kan kombinasjonar av slike gje uønska reaksjonar (interaksjonar). Er du usikker på om den totale kombinasjonen din av helseprodukt er trygg, rår vi deg til å drøfte dette med lækjaren din. Saman kan de også kontakte RELIS med spørsmål om interaksjonar mellom ulike spesifikke helseprodukt. RELIS har også ein open database med spørsmål og svar som alle kan søke i.

Generell varsemd

  • Snakk med lækjaren din om bruk av alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke mot sjukdom og plager
  • Ikkje bruk produkt som urter og kosttilskot ukritisk - hald deg til pakningsinformasjonen
  • Som brukar av alternativ behandling er rettsvernet ditt svakare enn når du brukar den offentlege helsetenesta
Bakgrunn

I fylgje Edward Bach sin teori finst det ein gunstig energi i essensen av planter, og at ein kan få tak i denne og nytte han ved å trekkje den ut frå planten gjennom fortynning i væske. Han utvikla i alt 38 grunn-essensar frå ulike planter, som skulle hjelpe mot 38 spesifikke negative kjensler og sjukdomsteikn. Desse 38 kunne så nyttast i ulike kombinasjonar for å hjelpe mot andre sjukdomar og plager; både fysiske (smerter o.l.) og psykiske.

Essensane i Bach blomstermedisin vert laga ved å fyrst leggje plantemateriale i vatn, og så stråle det med sollys eller koke det. Over tid vil vatnet trekkje ut essensen av planten. Dette vert kalla moder-tinkturen. Denne vert fortynna, ved at ein tilset nokre få dråpar av han i destillert vatn, som så vert meir fortynna med alkohol. 

Dei ferdige produkta vert selde på små flasker, som ein skal ta nokre dråpar av. Det finst og Bach blomstermedisin som krem, meint for utvortes bruk.

Fortynningsprosessen har likheitstrekk med homeopatien, men Bach sin teori skil seg frå homeopatien ved at prinsippet om at "likt kurerer likt" ikkje gjeld i Bach blomstermedisin. I homeopatien nyttar ein seg og av og ekstremt fortynna giftige stoff, men dette finn vi ikkje att i Bach blomstermedisin. 

Andre kjende namn: Bach-behandling, Bach-medisin, Bach-remedier, Bach-terapi, blomsterterapi 

Utanlandske nemningar: Bach Flower Essences, Bach Flower Remedies, Bach Flower Remedy, Bach Remedies, Batch Flower Remedies, BFR, BFRs, Edward Bach Remedies, Élixirs Floraux du Docteur Bach, Essences Florales de Bach, Five Flower Remedy, Fleurs de Bach, Florathérapie, Flower Dilutions, Flower Essence, Flower Essence Dilution, Flower Remedies, Flower Remedies, Remèdes Floraux, Remèdes Floraux de Bach, Remèdes Floraux du Dr Bach, Remedios Florales de Bach, Rescue Remedy

       

      Kilder

      Les meir:

      NAFKAM -

      Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

      Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

      Les mer om NAFKAM

      Andre nettsteder fra NAFKAM: