Aromaterapi

Aromaterapi er bruk av eterisk olje frå planteekstraktar til helsebehandling. Den vanlegaste forma i Noreg er arometerapeutisk massasje.
Image
Bilde av liten flaske olje og pipette.
Foto: Colourbox.com

Aromaterapi byggjer på tanken om at ein  kan førebyggje eller kurere psykiske og fysiske problem ved hjelp av slike oljar når ein smør den på huda, nyttar dei saman med massasje, har olje i badevatn eller på kompressar/ omslag, eller andar den inn. Den sterke dufta som slike oljar har - aromaen - står sentralt i teorien for helserelatert bruk.

Eteriske oljer er ekstraktar som er vunne ut av ein duftande del av planten. Kvar olje har sin eigen kjemiske struktur, som verkar inn på korleis den luktar og korleis den vert teke opp (absorbert). Aromaterapeutar meiner også at ulike oljar har ulik verknad alt etter kvar på kroppen ein smør dei på.  Såleis er og dei eteriske oljane sine farmakologiske eigenskapar tilstade i teorigrunnlaget for terapeutisk nytte, ved at ulike delar av kroppen tek opp olje i ulik grad. 

Her i landet vert aromaterapi tilbydd både som eiga terapiform, og gitt saman med andre behandlingar så som kinesiologi, meridian-drenasje, fotsoneterapi, øyreakupunktur, Bachs blomstermedisin, kost-rettleiing og som del av ulike heilskapleg orienterte terapiar. Den vanlegaste forma i Noreg er truleg aromaterapimassasje; som er når ein terapeut vel ut eteriske oljer og nyttar dei saman med massasje.

Det er fleire teoriar om korleis eteriske oljar skal kunne vere nyttige mot helseproblem. Det ein har av solid kunnskap ved eteriske oljar, er at dei har ulik kjemisk samansetjing. Dette gir dei ulike grader og typar av farmakologisk aktivitet. Ein kan ikkje seie at alle eteriske oljar har verknad mot helseproblem, fordi om èin har det. Les meir om aromaterapi hjå Store medisinske leksikon

Som nemt er den vanlegaste forma for aromaterapi i Noreg aromaterapimassasje. Såleis kan verknad av aromaterapi kome både av oljane, og frå massasje-delen av behandlinga, eventuelt av kombinasjonen av dette. Det ein kan seie generelt om verknad av fysikalsk/ manuell behandling så som massasje kan du lese meir om i artikkelen vår om fysikalske- og manuelle terapiar

Ved søk i kjeldene våre i desember 2020 fann vi oppsummeringar av forsking på verknad av aromaterapi ved dei fylgjande helseproblema. Desse er ikkje like tydelege på om dei ser på verknad av oljane, massasjen eller kombinasjonen av massasje og olje; eller måten aromaterapien vert brukt på.

Beroligande ved uro, angst og frykt

I ei oppsummering frå 2021 gjekk Weisfeld med fleire gjennom 408 studiar av fleire, ikkje-farmakologiske behandlingar for å redusere stress og frykt hjå pasientar som skal gå gjennom spesifikke medisinske inngrep, mellom anna hjå tannlækjar. Forfattarane fann ikkje prov på at aromaterapi kan hjelpe mot slike lidingar.

Ei oppsummering frå 2020 tok for seg forskinga som på aromaterapi (eller "eksponering for duftende planteoljer") for kognitive problem, uro, humørsvingingar og sømnproblem hjå personar med demens. Forfattarane Ball med fleire skriv at dei tretten studiane som dei gjekk gjennom ikkje ga prov på at denne behandlinga var verksam ved slike problem.

Same året oppsummerte forfattarane Liao med fleire forskinga på aromaterapi mot angst og frykt hjå førstegangsfødande. Dei skriv at dei ni studiane som dei kunne inkludere, synte ein viss verknad, men ikkje ga solid nok grunnlag til å generelt kunne anbefale aromaterapi som ei verksam behandling. Til å avgjere det spørsmålet, meinte dei at det fyrst må gjerast meir forsking, med betre vitskapleg metode og fleire deltakarar i studiane.

Ved kreft

NAFKAM si internasjonale forskargruppe CAM Cancer har oppsummert forskinga på bruk av aromaterapi ved kreft. Forfattarane fann noko, men svak dokumentasjon på at aromaterapi kan betre livskvaliteten generelt i ei viss tid, og kanskje hjelpe mot smerte, utmatting, angst, depresjon og sømnproblem for kreftpasientar. Les det norske samandraget av oppsummeringa her

Kvalme og oppkast hjå gravide

O'Donnell med fleire oppsummerte i 2016 forskinga på aromaterapi brukt mot svangerskapskvalme. Dei fann ingen dokumentasjon i dei 75 studiane dei undersøkte på at slik behandling har større verknad enn placebo eller standard medisinsk behandling. Dei meinte at metodiske manglar ved studiane trekte ned kvaliteten på dokumentasjonen, og gjorde at dei truleg ikkje syner at aromaterapi "verkar like bra som standard behandling".

Lindrande ved brannskade

Då Choi med fleire oppsummerte forskinga i 2018 på aromaterapi brukt ved ulike symptom ved sår etter brannskade, fann dei at dei fire studiane som dei inkluderte, hadde høg risiko for skeive resultat (bias); at ikkje alle funna av verknad var truverdige, og at det generelt var for få studiar med for få deltakarar til å kunne seie noko. Forfattarane konkluderte med at forskinga ikkje ga dei grunnlag til å kunne seie at om aromaterapi har lindrande verknad eller ikkje ved slike problem. 

Smerte

Hu med fleire oppsummerte i 2021 forskinga på ikkje-farmakologisk smertebehandling for kvinner som føder. Ifylgje forfattarane synte dei 43 studiane at mellom anna aromaterapi reduserte smerten til kvinnene vesentleg (signifikant).

Same året undersøkte Tola med fleire ikkje-farmakologiske behandlingar mot postoperativ smerte hjå brystkreftpasientar. Dei fann at aromaterapi såg ut til å redusere smerte, men fordi dei seks studiane var små og få ville forfattarane ikkje dra konklusjonar på basis av desse.

Sømnproblem

Greenberg med fleire oppsummerte i 2018 forskinga på ulik behandling av sømnproblem. Dei fann ingen studiar av aromaterapi. Det mangla difor dokumentasjon til at dei kunne vurdere om forskinga synte verknad eller ikkje mot sømnproblem. 

Som nemt er den vanlegaste forma for aromaterapi i Noreg aromaterapimassasje. Følgjeleg kan biverknadar ved aromaterapi kome både av oljane, og frå massasje-delen av behandlinga.

Vanlege biverknadar kan du lese om i vår artikkel om fysikalske og manuelle terapiar. Om kombinasjonen av eteriske oljar og massasjen kan gje eigne biverknadar, gjev ikkje forskinga svar på.

Ifylgje Natural Medicines fører eteriske oljar med seg risiko for visse biverknadar, med ulik alvorsgrad. Ein veit at utynna (konsentrerte) slike oljar kan vere giftige og gje skade på huda. Difor rår ein generelt frå alle former for bruk av utynna oljar.

Utblanda (fortynna) oljar vert generelt rekna som trygt for dei fleste, men gjennom forskinga har ein funne risiko for visse grupper og visse bruksmåtar:

Ein veit at nokre oljar aukar huda si lyskjensle. Difor bør ein unngå å bruke slike i sterk sol, solarium og andre høve med sterkt lys. Personar med sår som ikkje vil gro eller held på å gro, bør vere varsame med eteriske oljar på eller kring slike sår. Det er og rapportert om allergiske utslett og hudreaksjonar ved bruk av fortynna eteriske oljar på frisk hud. Det finst og rapportar om krampeanfall etter bruk av mykje olje.

Innanding av eteriske oljar kan ofte gje hovudverk og kvalme. Nokre aromaterapeutar meiner at slike reaksjonar er bra, og forstår dei som teikn på det dei kallar "reinsking av kroppen".

Forskinga rapporterer og om tilfelle av rastløyse og depresjon. Kjeldene våre opplyser ikkje kva oljar, kor mykje, ofte eller kor høg konsentrasjon i oljen dette gjeld. 

Forskinga har funne at visse eteriske oljar kan påverke verknaden av medisinar, urter og kosttilskot, og endre resultatet av medisinske prøver. Dette kan gje uønska resultat. Vidare har ein funne at:

  • Nokre eteriske oljar kan gjere at ein vert trøytt eller slapp. Personar som brukar beroligande middel eller sovemedisin, bør difor vere varsam med eteriske oljar, fordi dei kan forsterke verknaden av slike middel.
  • Oljar som kan auke lyskjensla i huda bør ikkje nyttast ilag, eller saman med medisinar som påverkar lyskjensla fordi verknaden kan bli for stor og gje foto-toksiske reaksjonar (Store medisinske leksikon).

Forskarane er uroa for om lang tids bruk av eteriske oljar kan auka faren for kreft. Ifylgje det amerikanskje National Cancer Institute er det funne stoff med hormonliknande effekt i tetreolje og lavendel. Verknadar av desse stoffa liknar det kvinnelege kjønnshormonet østrogen, og seiest å kunne blokkere for eller redusere mengda mannlege kjønnshormon. Ein veit at østrogen gjev næring til enkelte typar kreftsvulstar. Kreftpasientar vert difor rådd til å ikkje nytte aromaterapi med eteriske oljar.

Ifylgje kjeldene våre bør også epileptikarar, allergikarar og dei med nedsett lever- og nyrefunksjon unngå aromaterapi/bruk av eteriske oljar, av di det manglar dokumentasjon på tryggleiken for desse gruppene. 

For gravide og ammande

Ifylgje Natural Medicines bør gravide og kvinner som ammar unngå aromaterapi/ eteriske oljar, fordi det manglar tilstrekkeleg dokumentasjon til å kunne vurdere tryggleiken for desse gruppene. Nokre forskarar mistenkjer at gravide sin bruk av eteriske oljar kan knytast til abort.

LactMed inneheldt på søkedatoen ingen informasjon om tryggleiken for gravide og ammande ved aromaterapi generelt. Sjekk eventuelt artiklane våre om vanlege urter/ planter for informasjon om olje frå spesifikke urter/ planter.

Kjeldene åtvarar og mot bruk på born: Eterisk olje frå peppermynte nært andletet på babyar og småborn vert sett i samanheng med pusteproblem og spasmer i strupehovudet og bronkiane. 

Generelle tryggingsreglar

Opprinneleg vart fleire hundre planteartar nytta i framstillinga av eteriske oljar, men i dag held terapeutane seg gjerne til omlag tretti ulike. Dei delar oljane inn i tre hovudkategoriar, etter kva verknad dei meiner desse har:

  • dei som skal styrkje både kropp og sinn ved å gje auka innsikt, spiritualitet og anna
  • dei som skal styrkje og regulere fysiske funksjonar i kroppen direkte
  • dei som skal gje ein avslappande og beroligande verknad på kropp og sjel

Så langt vi kjenner til, har ikkje aromaterapien èi, felles forklaring på korleis behandlinga skal kunne gi helsebringande verknad:

Nokre meiner at den einskilde oljen ber med seg urten si "unike livskraft". Dei meiner at verknad skuldast meir ein spesiell "energi" frå urten som er brukt, og mindre frå dei kjemiske stoffa som ein kan påvise. Denne teorien har ikkje solid støtte frå vitskapen.

Ein annan teori byggjer på det ein veit om at duftmolekyl bind seg til reseptorar i nasen, og at desse kan sende kjemiske signal til hjernen via luktnerven. Ut frå dette, meiner aromaterapeutar at innanding av eterisk olje gir generelt auka positiv sinnsstemning og positive kjensler, og at produksjonen av endorfinar aukar. Desse faktorane reknar ein generelt som føresetnadar for god helse. Terapeutane meiner difor at behandlinga både styrkjer helsa, og førebyggjer og kurerer sjukdom.

Ein tredje teori om verkemåte stør seg på det ein veit om at nokre bestanddelar av duft eller damp er i stand til å passere inn i blodet via lungene. Ein veit at nokre slike bestanddelar også er i stand til å krysse blod-hjernebarrieren, og kan påverke nerveceller i hjernen direkte. Ut frå dette meiner nokre tilhengjarar av aromaterapi at eteriske oljar trengjer inn i kroppen og gjev biologisk verknad, anten dei vert anda inn eller smurt på huda.

Nokre aromaterapeutar meiner også å vite kvar på kroppen den einskilde oljen gjer best nytte. Dei talar både om verknad ved bruk på den kinesiske læra sine akupunkt; på pulsen; eller direkte på den staden der ein til dømes har vondt eller dårleg rørsle.

Helseretta bruk av eteriske oljar har opp gjennom hatt mange og ulike bruksområde: Frå forsking veit ein at pasientar har anda det inn i behandling av alkoholisme, ved søvnproblem, uro, stress, smerte, angst, depresjon, demens, utmatting (fatigue), fibromyalgiske lidingar, bronkitt og andre luftvegsproblem, hovudverk og migrene, nyrestein, og ved kvalme og oppkast. 

Smurt på huda har det vore nytta ved hårtap/ håravfall, atopisk eksem, angst, smerte, auka livskvalitet ved kronisk/ alvorleg sjukdom, CFS/ ME, utmatting/ fatigue, dysmenore, fibromyalgi, spebarns-kolikk, smerte under barnefødsel, lymfeødem, hevingar og kular i kroppen, sår som ikkje vil gro, for å skunde på helingsprosessen ved sår, ved overgangsplager, gikt og revmatiske plager, ved depresjon, kløe, i rehabilitering av lammingar etter hjerneslag med meire. 

Forskinga som er gjort på aromaterapimassasje, tek ikkje alltid omsyn til at eventuell verknad av kan kome både av oljen/ oljane som vert nytta, av massasjen eller om kombinasjonen av olje og massasje kan gje annan verknad. Dette gjev diskusjonar i fagmiljøa om konklusjonar frå slik forsking.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: