Unani

Unani-medisinen er eit folkemedisinsk behandlingssystem frå Midt-Austen og Sør-Asia, som har mykje til felles med dei medisinske forståingane til dei gamle grekarane Hippokrates og Galen.
Image
Fotomontasje fra colourbox som illustrerer tradisjonelle urter
Foto: Colourbox.com

Unani-medisin er eit eldre medisinsk behandlingssystem for å halde helsa ved like og å helbrede sjukdom. Det byggjer mellom anna på antikken sin hippokratiske medisin (humoralpatologi), der prinsippet om balanse mellom fire kroppsvæsker sto sentralt. Denne tradisjonen finn vi i fleire folkemedisinske tradisjonar, mellom anna i den tibetanske medisinen.

I denne tradisjonen er endring av kosten og bruk av urter og mineral sentrale behandlingsteknikkar. I tillegg finn vi oljemassasje, varmebehandling med bad og badstu, fysiske opptreningsøvingar, healing med edelsteinar/ krystallar, samt kopping, årelating og innføring av materiale frå dyr i kroppen.

Unani-medisin byggjer delvis på fleire aksepterte medisinske konsept; mellom anna om at kroppen har sjølvhelbredande krefter, at god luftkvalitet, eit variert kosthald og ein livsstil med balanse mellom fysisk aktivitet og kvile er viktige faktorar for å oppretthalde god helse, og å unngå ein del helseproblem. Utøvarar i Unani-medisinen kan rå deg til å endre kosthaldet ved å kutte ut visse matvarer og å leggje til andre, både for å førebyggje og behandle sjukdomstilstandar og påverke forbrenninga.

Unani-læra sine idear om at sjukdom skuldast ubalansar, og læra sine prinsipp om kroppsvæsker og temperament, har ikkje lenger støtte i skulemedisinen og i moderne helsevitskap.

Det er gjort lite forsking på samansett unani-behandling. Forskinga som er gjort på nokre av behandlingsteknikkane i systemet gjev ikkje grunnlag for å seie noko om dette som heilskap.

Det er generelt vanskeleg å forske på behandlingar som er sett i hop til slike komplekse system. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår om ulike behandlingssystem.

Etter våre krav, er unani-medisin ikkje godt nok dokumentert til at vi kan seie noko om det verkar eller ikkje. Påstandar om slik verknad manglar då solid støtte i vitskapen.

Vitskapleg gransking har funne at ein del av plantane som inngår i ymse av unani-medisinane, inneheld bioaktive stoff som kan verke, også mot dei plagene dei tradisjonelt har blitt brukte mot. I dag vert fleire av desse plantane nytta som råstoff i produksjonen av produserte plantebaserte lækjemiddel.

Det er generelt vanskeleg å vurdere tryggleiken ved medisinske behandlingssystem som dette, fordi behandlingsteknikkane som regel har ulik risiko ved seg. Dette betyr at du bør lese deg opp på risikoen ved dei ulike elementa som inngår.

Unani-medisinen omfattar svært mange urter og andre stoff. Ein veit at mange urter inneheld verkestoff som kan seinke eller endre verknaden av viktige medisinar. Vi oppfordrar deg derfor til å lese dei generelle råda våre om aktsemd.

Utøvarane kan i nokre høve rå deg til å nytte fleire unani-urter i kombinasjon, men opplysingane om dose og blandingshøve er lite detaljerte og gir stort rom for tolking. Uheldig dosering og blandingshøve kan føre til uventa, uønska verknadar (interaksjonar). Dette kan du lese meir om i artikkelen «Plantebaserte produkter – hva vet vi?» hjå RELIS.

Nokre av unani-medisinane inneheld giftige stoff som kvikksølv, kvikksølvklorid, arsenikk og jernoksid (rust). Desse kan gje alvorleg forgifting.

Det å skjere eller stikke hol i huda, og det å føre inn biologisk materiale frå dyr i menneskekroppen byr på andre former for risiko. Les artiklane våre om celleterapi og årelating for meir om dette.

Unani-medisinen sine diagnosemetodar som er basert på pulsen og/ eller prøver av avføring og urin vert ikkje rekna som pålitelege til å slå fast mange av dei helseproblema som unani vert brukt mot, eller til å velje rett behandling av desse. Meir om alternativmedisinske diagnosemetodar kan du lese i artikkelen vår om diagnosemetodar.

Generelle tryggingsreglar

Unani-medisinen er eit folkemedisinsk behandlingssystem frå Midt-Austen og Sør-Asia, som har mykje til felles med dei medisinske forståingane til dei gamle grekarane Hippokrates og Galen. Ordet «unani» er arabisk, og tyder «gresk». Unani-medisinen er også påverka av ayurveda og av helseforståinga i Islam.

Utøvarane av unani-medisin - hakimar - meiner at god helse betyr at det er balanse mellom elementa luft, jord, vatn og eld, samt kroppsvæskene blod, slim, gul og svart galle. I tillegg til dette, spelar pasienten sin type temperament ei rolle.

Ifylgje unani-læra er det mest desse faktorane og høvet mellom dei som avgjer både normaltilstanden din, kva for ein mennesketype du er, kva som kan gjere deg sjuk og kva som kan gjere deg frisk. Utøvarane meiner at balansen mellom desse heile tida vert utfordra av endringar i både kroppen, sinnet og ting i miljøet kring deg, på same måte som innan tibetansk medisin.

Eit anna viktig prinsipp i unani-læra er rolla og kompetansen til utøvarane.  Det å oppsøkje og få unani-behandling frå ein hakim vert sett på som ein eigen ekstern faktor, som i seg sjølv  skal verke sterkt i å gjenopprette god helse og auka  velvere.

Unani-medisinen består av mange behandlingsteknikkar. Den vanlegaste behandlinga i Unani-medisinen handlar om tiltak for å normalisere og balansere dei ytre faktorane luft, vatn og mat. Difor vil hakimen ofte fyrst rå til eit spesifikt kosthald som behandling. Hvis dette ikkje verkar, vil hakimen rå deg til å bruke spesifikke urter i kosten.

Verkar heller ikkje dette, vil hakimen føreslå bruk av særlege unani-medisinar som famnar meir enn urter. Ifylgje læra er slike medisinar meir miljøvenlege, skånsame og verksame enn andre typer medisin. Unani-systemet si liste over tilstandar og tilrådde medisinar er lang, med meir enn 2000 preparat basert på spesifikke urter, mineral og dyr. Hakimen vil fyrst prøve å gi slike medisinar enkeltvis, og eventuelt seinare i kombinasjon dersom medisinen ikkje verkar slik han skal.

Dersom heller ikkje dette verkar, reknar ein ifylgje læra med at pasienten har eitt eller fleire sjuke organ som bør behandlast. Då vil hakimen prøve å finne ut kva organ som er sjukt, og vurdere ei form for organterapi, som går ut på at sjuke organ hjå mennesket kan helbredast med vev frå det tilsvarande organet til eit sunt og friskt dyr. Hakimen vil då skjere i pasienten sin kropp for å plassere inn vev frå dyret.

Andre behandlingsteknikkar innanfor unani-medisinen er oljemassasje, varmebehandling med bad og badstu, fysiske opptreningsøvingar, healing med edelsteinar/ krystallar, samt kopping, årelating, skjering i huda eller bruk av iglar for å tappe ut for mykje/ sjukt blod.

Forsking som er gjort på fleire av dei Unani-medisinske behandlingsteknikkane syner at Unani er kjent brukt ved ei rekkje ulike helseplager, frå vanlege og forbigåande «kvardagsplager» til kroniske plager og alvorlieg sjukdom. I dag er unani-medisin truleg vanlegast i India, men det finst alternative behandlarar i Vesten som nyttar seg av delar av unani-medisinen sine prinsipp når dei set diagnose, tolkar symptom og vel behandlingsteknikk

Andre navn

Unani tibb, arabisk medisin, islamsk medisin.

Flere av kildene fører til eksterne nettsider: 

Les mer

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: