Tibetansk medisin

Tibetansk medisin er eit omfattande medisinsk system, som det er gjort lite forsking på.
Image
Illustrasjon av mediterende menneske, ginsengrot og aloe vera plante.
Illustrasjon Tine Lillegård Bergli., 2020.

Tibetansk medisin er ei form for folkemedisin. Den inneheld mange diagnosemetodar og behandlingsformer, som vert sett saman på mange måtar til eit komplekst behandlingssystem. Dei fleste helseplager og sjukdomar vert her forstått som at det handler om samspelet mellom psykiske og kroppslege funksjonar eller symptomar (psykosomatikk, Store medisinske leksikon).

Når utøvarane skal setje diagnose og velje behandlingsform, er det svært mange faktorar som dei ifylgje læra må ta omsyn til:

Alt frå kva type menneske dei meiner at du er (ikkje ulikt humoralpatologien si typelære (Store medisinske leksikon) om ulike kroppsvæsker og rolla deira), omgjevnadane dine, livsførselen, vanane og kosthaldet, psykologiske faktorar, alderen din og kva årstid det er, saman med pulsdiagnostikk og urindiagnostikk.

Delar av den tibetanske medisinen er òg prega av åndelege og religiøse aspekt. I tillegg må utøvarane ta omsyn til om plagene dine skal reknast som akutte og "varme", eller kroniske  og "kalde", og sjekke dei 5 sanseorgana dine (auge, øyre, nase, tunge og hud). Til saman gjer dette at kvar diagnose vert svært individuell, og behandlinga kun nyttig for èin person.

Den tibetansk medisinen er påverka av fleire andre, nærliggande folkemedisinske tradisjonar, og utøvarane støtter seg tungt på den eldre teorien om kroppsvæsker og balansen mellom desse, som vi finn mellom anna i unani-medisinen og innan ayurvedisk medisin. I skulemedisinen reknar ein ikkje lenger dette som tilstrekkelig eller påliteleg for å stille diagnose og velje behandling. 

Sjølve behandlingsformene i tibetansk medisin famner behandling med urter, råd om endring av kosthaldet, vanar og livsstil, massasje, meditasjon, yoga og uliker former for samtaleterapi.

Det er gjort lite forsking på tibetansk medisin som behandlingssystem, og etter våre krav er ikkje grunnlaget godt nok til å seie om det verkar eller ikkje. Meir om krava våre til dokumentasjon kan du lese i artikkelen om kvalitetssikring.

Det er generelt vanskeleg å forske på slike samansette behandlingar. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår om behandlingssystem.

Det er gjort noko forsking på delar av den tibetanske medisinen, slik som urteblandinga Padma 28, men forskarane kan ikkje konkludere på basis av denne om ho verkar.

Den manglande dokumentasjonen av tibetansk medisin som system gjer òg at ein ikkje kan seie noko overordna om tryggleiken når ein vert behandla innanfor det. Dei ulike behandlingane som inngår i systemet, har ulik risiko ved seg.

Generelt kan urter eller urteblandingar auke eller minske verknaden av lækjemiddel du brukar.

Generelle tryggingsreglar

Det grunnleggjande synet på helseproblem i tibetansk medisin er at pasienten sitt ego er opphavet til sjukdom og lidelse. Eit viktig prinsipp i læra er at ubalanse i kroppen, eller mellom kroppen og det ytre miljøet, fører til helseproblem. Målet med mykje av behandlinga i tibetansk medisin er difor å halde oppe eller finne att balanse i kroppen, sinnet eller livet. Tilstanden balanse kan ifylgje læra kjennast att på at du er fri for symptom.  

Ein av Dalai Lama (Dalailama.com) sine livlækjarar, skal ha forklart sjukdom slik: «Sinnet skapar materie, og sinnet skapar sjukdom og god helse». Dette strekar under at i den tibetanske folkemedisinen er dei psykologiske aspekta viktige for god helse.

I den tibetanske folkemedisinen er Dharma-medisinen eitt av tre hovudområde. Det inneheld religiøse og åndelege aspekt frå buddhismen (Store norske leksikon).

Flere av kildene fører til eksterne nettsider:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: