Juicing/ jusing

Å laga jus av frukt, bær og grønsaker vil seia at ein puttar desse i ei juspresse og pressar ut safta, medan fruktkjøttet blir skilt ut.
Image
Fem ulike typer jus i glass. Fra venstre: Kiwi, blå druer, appelsin, jordbær og grønne druer.
Foto: Colourbox.com

Norske helsestyresmakter rår til å bruke frukt og grønt i det daglege, vanlege kosthaldet for å halde oppe helsa.

Forkjemparar for jusing meiner at slik tilbereding gjev enda større helseverknadar, i form av både førebygging og eigenbehandling av konkrete sjukdommar og plager.

Virkar det?

Det er positivt for helsa å innta frukt, grønsaker og fiber så lenge du ikkje har allergi eller intoleranse mot dette. Frukt og grønt inneheld fibrar og andre stoff som vi veit er gunstige for kroppen. Innhaldet av antioksidantar, vitamin og mineral kan mellom anna påverka blodsukkerstigninga, blodtrykket og kolesterolnivået, og reknast som viktig for å førebyggja mellom anna kreft og hjarte- og karlidingar.

Evidensen for dette gjeld frukt og grønsaker i si naturlege form. Mengda og samansetninga av gunstige stoff i frukt og grønt varierar også mykje mellom dei ulike råvarane.

Jus har ikkje same verknad på kroppen når det gjeld til dømes blodsukker og tarmmotorikk. Jusing gjer at nokre av dei gunstige fibrane i frukt og grønt går tapt. Dermed får tarmen mindre å arbeide med, og det kan gjere til at ein ikkje kjenner seg mett og difor et meir. 

Likevel finst det teoriar om at frukt- og grønsaksjus har særleg gunstig verknad på helseproblem. Dette byggjer på tanken om at jus-forma gir andre verknader enn å ete råvara slik ho er. Her meiner ein at den flytande forma gjer at kroppen absorberer næringsstoffa lettare og betre. Dette skal spare energi og gje fordøyingssystemet ditt "kvile". Den sparte energien skal kunne nyttast til meir styrking, reparasjon og helsebot. Dette skal igjen redusere risikoen for kreft, styrkje immunforsvaret, reinse kroppen og fjerne giftstoff, forbetre fordøyinga og hjelpe deg å gå ned i vekt. Denne teorien manglar solid vitskapleg støtte.

Påstandar om reinsande verknad finst også i marknadsføringa av spesielle ferdige jusar i helsekostbransjen. Det finst ingen solide haldepunkt for at slik jus gir annan verknad enn råvara i si naturlege form. 

Dei gode verknadane av jusing kviler også ofte på eit stort og hyppig inntak av ferskpressa jus, framfor annan mat og drikke. I tillegg til idéen om at dette verkar reinsande, har jus-diettar også vorte lanserte som gunstige ved urein hud, anemi, arteriosklerose, leddgikt, astma og forstopping. Forsking på dette støttar ikkje påstandar om slike verknadar.

Noko forsking har synt at jus av visse typar frukt og grønt kan auke kroppen sitt opptak av legemiddel, men dette er ikkje det same som at jus i seg sjølv har verknad mot konkrete sjukdommar.

For dei som av ulike årsaker ikkje et frukt og grønt, kan det å drikke jus gjera det lettare å få i seg nokon av dei næringsstoffa som finst i slike råvarer.

Er det trygt?

Den største helserisikoen ved jusing som behandling av sjukdom, er truleg forverring av tilstanden dersom ein byter ut eller ventar med nødvendig medisinsk behandling.

Nokre er allergiske mot ulike typar frukt og grønt. Kaldpressing av frukt og grønt til jus fjernar ikkje allergena som finst i råvarane. Risiko for allergiske reaksjonar er derfor også til stades ved inntak av frukt og grønt i jus-form.

Risikoen for uønskte interaksjonar med medisinar og andre helseprodukt som ein bruker, varierer ut frå kva type frukt/grønt ein jusar. Til dømes har forsking vist at jus frå appelsin og eple kan seinke opptaket til kroppen av virkestoffa i nokre medisinar. Vurderer du å bruka jus som behandling av eit helseproblem, bør du derfor først rådføra deg med legen din om medisinane du bruker.

Nokre populære råvarer for juicing inneheld også oppmala fruktsteinar/kjernar. Slike inneheld ofte stoff som ein veit er helseskadelege og kan gje forgifting. Fruktsteinar/ kjernar bør fjernast før råvara vert laga jus av. Les meir om dette i artikkelen om teoriane bak fruktsteiner som behandling.

Fleire skadelege bakteriar trivst og veks raskt i ferskpressa jus. For å unngå å bli sjuk, bør du derfor ikkje laga meir jus enn du klarer å drikka med ein gong. Ikkje la jusen stå lenge. Ver også nøye med hygienen og reingjeringa av utstyret du nyttar.

Generelle tryggingsreglar

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: