Juicing

Juicing (jusing) er helsebehandling med ferskpressa råsaft frå frukt, bær og grønsaker, der fruktkjøtet er skilt ut.
Image
Fem ulike typer jus i glass. Fra venstre: Kiwi, blå druer, appelsin, jordbær og grønne druer.
Foto: Colourbox.com

Forkjemparar for juicing, juice-fasting og juice-diettar, meiner likevel at det å lage og drikke råsaft av frukt, bær og grønsaker gir større helseverknadar enn å ete råvarene i si naturlege form.

Ein av ideane bak dette er at dei meiner at juice både kan førebyggje og kurere eit stort antal konkrete sjukdomar og plager. Dette byggjer på tanken om at det flytande formatet og utskiljinga av fruktkjøtet gjer at kroppen tek opp næringsstoff lettare og betre. Dette skal spare energi og gje fordøyingssystemet "kvile". Den sparte energien skal så kunne brukast til andre ting, så som meir styrking, reparasjon og helsebot. Dette skal igjen redusere risikoen for alvorleg sjukdom, styrke immunforsvaret, reinse kroppen og fjerne giftstoff, forbetre fordøyinga og hjelpe deg å gå ned i vekt.

Ferskpressa juice skal kunne gje slike helseverknadar også når det vert nytta som einaste næringskjelda ved faste; eller ved at ein drikk mykje og ofte slik juice. Slike juice-diettar vert sagt å skulle vere gunstige ved ei rekke plager og sjukdomar, så som urein hud (akne), mot jernmangel/anemi, åreforkalking (arteriosklerose), leddgikt, astma og forstopping.

Ein kan også få kjøpt ferdige slike juicar. Ifylgje reklamen for slike skal dei ofte kunne reinse kroppen for avfall, giftstoff og liknande. Les artikkelen vår om detox for meir om dette temaet.

Vi har faktaartiklar om nokre av råvarene som vert nytta i juicing:

Det finst ingen solide haldepunkt for at inntak av juicer gir betre helseverknadar enn frukt og grønt i si naturlege form, og teorien om at slik juice påverkar korleis kroppen si evne til å skilje ut avfallsstoff har ikkje støtte i vitskapen. 

Det å drikke juice av frukt og grønt gir færre og mindre positive verknadar på kroppen enn når ein et råvarene. Dette gjeld til dømes påverkinga av blodsukkeret og tarmmotorikken. Dette er fordi juicinga gjer at mykje av dei gunstige fibrane i råvarene går tapt. Dermed får tarmen mindre å arbeide med, og det kan gjere at ein ikkje kjenner seg mett og difor et meir. 

Noko forsking syner at juice av visse typar frukt og grønt kan auke kroppen sitt opptak av legemiddel, men dette er ikkje det same som at juicen i seg sjølv verkar mot dei sjukdomane ein får medisinen mot.

For dei som av ulike grunnar ikkje klarar å ete frukt og grønt, kan det å drikke juice gjera det lettare å få i seg nokre av næringsstoffa som finst i slike råvarer. I prinsippet vil det også vere meir gunstig å drikke ferskpressa juice utan tilsettingsstoff enn anna juice, sukkerhaldig brus og andre leskedrikkar med meire.

Ved søk etter oppsummert forsking i kjeldene våre på diettar med ferskpressa juice i februar 2024, fann vi ingen slike. I slike tilfelle har vi ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon til å seie om slik behandling har verknad eller ikkje mot konkrete helseproblem. Ein kan likevel seie at eventuelle påstandar om slik verknad, manglar solid støtte i vitskapen.

Kaldpressing av frukt og grønt til juice fjernar ikkje allergena som finst i råvarane. Risiko for allergiske reaksjonar er derfor også til stades ved inntak av frukt og grønt i juice-form.

Strenge diettar kan generelt føre til feilernæring, dersom du ikkje får i deg nok av alle næringsstoffa kroppen treng. Unormalt stort inntak av visse næringsmiddel kan føre til helsemessig uheldige endringar i kroppen, sjølv om det du inntek kjem frå naturen og er lite prosessert.

Risikoen for interaksjonar mellom juice og medisinar og andre helseprodukt som ein bruker, vil variere ut frå kva type frukt/grønt juicen er laga av. Til dømes har forskinga vist at juice frå appelsin og eple kan seinke kroppen sitt opptak av verkestoffa i visse medisinar.

Nokre populære oppskrifter på "helse-juice" inneheld også oppmala fruktsteinar/kjernar. Men slike inneheld ofte stoff som er helseskadelege og i verste fall kan gje forgifting. Fruktsteinar/ kjernar bør difor alltid fjernast før ein lagar juice sjølv. Meir om teorien om fruktsteinar/ kjernar som helsebehandling kan du lese meir om i artikkelen vår om dette.

Det finst fleire skadelege bakteriar som trivst godt og veks raskt i ferskpressa juice. For å unngå å bli sjuk, bør du derfor ikkje laga meir juice enn du klarar å drikke med ein gong -  ikkje la ferskpressa juice stå lenge. Ver også nøye med hygienen og reingjering av utstyret du brukar.

Generelle tryggingsreglar

For å halde oppe helsa, rår helsestyresmaktene dei fleste av oss til å ete mykje frukt og grønt i det daglege.

Det er positivt for helsa å innta frukt og grønt, så lenge du ikkje har allergi eller intoleranse mot dette. Slike råvarer inneheld fibrar og andre stoff som vi veit er gunstige for kroppen. Innhaldet av antioksidantar, vitamin og mineral i frukt og grønt kan mellom anna påverka blodsukkerstigninga, blodtrykket og kolesterolnivået.

Dette vert rekna som viktig for å førebyggje mellom anna kreft og hjarte- og karlidingar. Evidensen for dette gjeld vel og merke frukt og grønt i si naturlege form. Mengda og samansettinga av gunstige stoff i frukt og grønt varierar også mykje mellom dei ulike råvarene. 

 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: