Akupunkturpunkt er eit omgrep for spesifikke punkt under hudoverflata, der ein indre livsenergi kalla qi skal kunne påverkast i særleg grad. Omgrepet kjem opphavleg frå den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM), men vi finn det att i teorigrunnlaget og helseforståinga i mange alternative behandlingsformer.
I TKM vert qi forklart som å sirkulere i kroppen gjennom kanalar kalla meridianar. Desse knyt saman huda, organa og kroppsdelane våre i eit komplisert nettverk og krinslaup. På kroppen skal mennesket ha 365 klassiske akupunkturpunkt, som ligg langsetter meridianane utover heile kroppen. I tillegg til dei klassiske akupunkturpunkta kjem ei rekke tilleggspunkt. Nokre av desse er definerte på førehand, medan andre av dei vert påviste klinisk av at pasienten reagerer med smerte ved trykk og press.
Akupunkturpunkta seiest å ha ulikt energi-innhald eller potensiale til å påverke livsenergien qi, ut frå kva meridian og relatert organ dei høyrer til og kor lengt ut på kroppen dei sit. Nokre akupunkturpunkt vert definert som «kjeldepunkt», andre som «krysspunkt» eller «koplingspunkt». Ut frå denne forståinga meiner behandlaren å kunne overføre energi frå ein meridian til ein annan, ved å «kople» seg på via andre akupunkturpunkt.
Når livsenergien får strøyme uhindra gjennom meridianane og utover i kroppen, er mennesket ifylgje læra ved god helse. Dersom meridianane av ulike grunnar vert blokkerte, kan energiflyten og balansen i organismen bli skipla. Dette er ifylgje læra årsaken til symptom på konkret sjukdom eller dårleg allmenntilstand. Dette kan du lese meir om i artikkelen om qi.
Behandlarar som baserar seg på denne helseforståinga seier ofte at rolla deira er å avdekkje kva for blokkeringar symptoma kjem av, og å hjelpe til med å fjerne desse slik at organismen kjem i balanse att. Til dette er det utvikla ei lang rekkje av ulike teknikkar, som til dømes innafor akupunktur, akupressur, kinesiologi, tai chi, qi gong, kopping og variantar healing (reiki) og massasje (tui na).
Kor viktig det er å påverke «rett» akupunkturpunkt i høve til læra, varierer noko ut frå om behandlaren er austleg eller vestleg medisinsk orientert. I TKM og austlig akupunktur er akupunkturpunkta og bruken av dei særs viktig. Til dømes søkjer austleg orienterte akupunktørar etter at nålebehandlinga skal gje pasienten ein fysisk reaksjon som dei kallar «De-qi»: Ei kjensle av prikking, bedøving eller tyngd, som dei forstår som at nåla er «rett» plassert og gjev den verknaden ho skal.
I TKM vert desse konsepta forklara både som målbare fysiske storleikar og som abstrakte eller teoretiske rammeverk henta frå taoismen (lenke til Store norske leksikon). Qi, akupunkturpunkt og meridianar vert ikkje rekna som påviste etter almenne vitskaplege prinsipp og metode.
Det er gjort forsking som freistar å forklare og prove meridianane som kanalar med særleg låg elektrisk motstand, og qi som elektromagnetisk energi som strøymer mellom akupunkturpunkta. Meir om dette kan du lese i artikkelen om meridianar.
Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå vestlig-medisinsk teorigrunnlag.
Til dømes forklarar vestleg orienterte utøvarar av slike terapiar ofte behandlinga si i lys av det vi fysiologiske kunnskapar. Framfor å seie at dei stimulerar akupunkturpunkt vil dei seie at dei påverkar nervar eller muskelknutar, og at smerte, stivheit og nedsett rørsle skuldast nervar i klem framfor ubalanse i Qi og blokkerte meridianar. Fysiske reaksjoner på akupunkturpunkturnåla vert her forstått meir som at nerven eller muskelen «slepp», enn at De-qi er oppnådd. Meir om dette kan du lese i den generelle artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingsformer.
Kjelder
- Ahn AC, Colbert AP, Anderson BJ, Martinsen OG, Hammerschlag R, Cina S, Wayne PM, Langevin HM. Electrical properties of acupuncture points and meridians: a systematic review. Bioelectromagnetics, 2008 May;29(4):245-56. doi: 10.1002/bem.20403. PMID: 18240287.
- Behandler.no: Tradisjonell kinesisk medisin (Hentet 12.04.23)
- Birch S, Kaptchuk T. History, nature and current practice of acupuncture: an East Asian perspective. In: Ernst E, White, A. (Eds). Acupuncture: A Scientific Appraisal. Oxford: Butterworth-Heinemann, 1999
- Bruset S, Poleszynski D V. Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste A/S 1994. ISBN 82-7010-250-4.
- CAM-Cancer: Karen Pilkington and the CAM Cancer Consortium. Acupuncture for chemotherapy-associated nausea and vomiting [online document]. March 9th, 2021 (Hentet 12.04.23)
- Collinge W. The American Holistic Health Association Complete Guide to Alternative Medicine. New York. Warner 1997. ISBN 13-9780446672580
- Encyclopedia Britannica: Meridian og Qi (Hentet 12.04.23)
- Ernst, E: The Desktop Guide to Complementary and Alternative Medicine: An Evidence-Based Approach. Mosby 2001. ISBN 0 7234 3207 4
- Harvard Health: Acupuncture (Hentet 12.04.23)
- Langevin HM, Yandow JA. Relationship of acupuncture points and meridians to connective tissue planes. Anat Rec. 2002 Dec 15;269(6):257-65. doi: 10.1002/ar.10185. PMID: 12467083.
- Law SK, Wang L, Li T. Acupuncture for glaucoma. Cochrane Database of Systematic Reviews 2020, Issue 2. Art. No.: CD006030. DOI: 10.1002/14651858.CD006030.pub4
- Lu AP, Jia HW, Xiao C, Lu QP. Theory of traditional Chinese medicine and therapeutic method of diseases. World J Gastroenterol. 2004 Jul 1;10(13):1854-6. doi: 10.3748/wjg.v10.i13.1854. PMID: 15222022; PMCID: PMC4572216.
- Mayo Clinic: Acupuncture (Hentet 12.04.23)
- National Cancer Institute: Meridian og Qi (Hentet 12.04.23)
- Natural Medicines Comprehensive Database: Acupuncture og Traditional Chinese Medicine (Krever abonnement. Hentet 12.04.23).
- Needham J, Gwei-Djen L, Porkert M. Problems of translation and modernisation of ancient Chinese technical terms, Annals of Science 1975, 32:5, 491-502, DOI: 10.1080/00033797500200411
- Norheim, AJ: Dette bør du vite om akupunkturpunktur. Tiden Norsk Forlag 1989. ISBN 9788210032035
- Smith CA, Armour M, Lee MS, Wang LQ, Hay PJ. Acupuncture for depression. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 3. Art. No.: CD004046. DOI: 10.1002/14651858.CD004046.pub4.
- Store Norske Leksikon: Qi (Hentet 12.04.23)
- University of Minnesota: What is Qi? (Hentet 12.04.23)
- White A; Editorial Board of Acupuncture in Medicine. Western medical acupuncture: a definition. Acupunct Med. 2009 Mar;27(1):33-5. doi: 10.1136/aim.2008.000372. PMID: 19369193.