Akupunkturpunkt

Akupunkturpunkt er eit omgrep for spesifikke punkt under hudoverflata, som ein ved sjukdom og plager skal kunne nytte til å påverke ein indre livsenergi kalla qi.
Bilete
Bilde som viser plasseringen av akupunkturpunkter
Akupunkturpunkter. Foto: Mostphotos.com

Omgrepet akupunkturpunkt kjem opphavleg frå den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM), men vi finn det att i teorigrunnlaget og helseforståinga i mange alternative behandlingsformer også utanfor TKM.

Ifylgje TKM har mennesket ein indre livsenergi kalla qi. Etter læra sirkulerer qi kring i kroppen gjennom kanalar som vert kalla meridianar. Desse skal knyte saman huda, organa og kroppsdelane våre til eit komplisert nettverk og krinslaup. Ifylgje TKM har mennesket også 365 identifiserbare punkt som er plasserte langsetter meridianane utover heile kroppen.

Det er desse som vert kalla akupunkturpunkt. I tillegg til desse 365 "klassiske" eller hovedpunkta, skal det og finnast ei rekke tilleggspunkt. Nokre av desse er definerte på førehand, medan andre av dei vert påviste av utøvaren; ved at pasienten reagerer med smerte ved trykk og press ulike stadar på kroppen.

Akupunkturpunkta vert sagt å ha ulike energi-innhald og potensiale til å påverke livsenergien qi. Dette skal avhenge av kva meridian og relatert organ dei høyrer til, og kor langt ut på kroppen dei sit. 

Nokre akupunkturpunkt vert forklart som «kjeldepunkt», andre som «krysspunkt» eller «koplingspunkt». Ei slik forståing gjer at utøvarane meiner å kunne nytte seg av fleire meridianar samstundes, ved å kunne «kople» seg på akupunkturpunkt som ligg på andre meridianar og slik «overføre» energi frå ein meridian til ein annan. Dette skal ifylgje læra gje sterkare verknad av behandlinga.

Når livsenergien får strøyme uhindra gjennom meridianane og kringom i kroppen, er mennesket ifylgje læra ved god helse. Dersom meridianane av ulike grunnar vert blokkerte, vert energiflyten og balansen i organismen forstyrra. Dette er ifylgje læra årsaken til symptom på konkret sjukdom eller generelt  dårleg allmenntilstand. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår om qi.

Utøvarar som baserar seg på denne helseforståinga, seier ofte at rolla deira er å avdekkje kva for blokkeringar symptoma kjem av, og å hjelpe til med å fjerne desse slik at organismen kjem i balanse att. Til dette er det utvikla og vert tilbudt ei lang rekkje av ulike teknikkar, som til dømes  akupunkturakupressurkinesiologitai chiqi gongkopping samt variantar av healing (reiki) og massasje (meridiandrenasje, meridianmassasje, tui na med fleire).

Kor viktig det er å påverke «rett» akupunkturpunkt, verkar å variere ut frå om utøvaren er austleg eller vestleg medisinsk orientert. I TKM og austlig akupunktur er akupunkturpunkta og kva læra seier om bruken av dei særs viktig. Til dømes søkjer austleg orienterte akupunktørar etter at nålebehandlinga skal gje pasienten ein fysisk reaksjon som dei kallar «De-qi», som dei omtalar som ei kjensle av prikking, bedøving eller tyngde. Denne kjensla forstår slike behandlarar som at nåla er «rett» plassert og gjev den verknaden ho skal.

I TKM vert desse konsepta forklara både som målbare fysiske storleikar, og som abstrakte eller teoretiske rammeverk henta frå taoismen.

Verkar det?

Det er gjort forsking som freistar å syne at meridianane og qi finst; at meridianene er kanalar med særleg låg elektrisk motstand, og at qi er elektromagnetisk energi som strøymer mellom akupunkturpunkta. 

Oppsummert reknar ein ikkje qi, akupunkturpunkt og meridianar som påviste etter almenne vitskaplege prinsipp og metode. Meir om kva denne forskinga seier, kan du lese i artikkelen vår om meridianar.

Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå eit vestlig-medisinsk teorigrunnlag. Til dømes forklarar vestleg orienterte utøvarar ofte behandlinga si i lys av det vi har av fysiologiske kunnskapar:

Framfor å seie at til dømes smerte, stivheit og nedsett rørsle skuldast "ubalanse i Qi" eller "blokkerte meridianar", vil vestleg orienterte utøvarar ofte seie at dette skuldast nervar i klem; og forklare at behandlinga deira freistar å påverke nervar eller muskelknutar, framfor å "stimulere akupunkturpunkt". 

Slike utøvarar vil forstå og forklare fysiske reaksjoner på akupunkturnåla som at nerven eller muskelen «slepp», istadenfor at "De-qi er oppnådd". Meir om dette kan du lese i den generelle artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingsformer.

Er det trygt?

Terapiar som byggjer på påvirking av akupunkturpunktene er mange og forskjellige. Den direkte risikoen (for biverknadar, interaksjonar med anna behandling med meire) ved dei varierer og fører for langt til å presentere her. Detaljar om tryggleik og risiko ved terapiane som er nevnt og lenka til over, finn du i i kapitla "Er det trygt?".

Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå dersom nærare undersøkjing og naudsynt verksam behandling vert utsett eller valt bort. Utøvarar av alternativ behandling treng ikkje ha dokumenterte medisinske kunnskapar, og kan soleis oversjå eller tolke symptom feil, og slik medverke til forseinka medisinsk undersøkjing og behandling.

Vurderer du alternativ behandling? Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Kjelder

Other websites from NAFKAM: