Meridianar

Meridianar vert i den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM) beskrive som eit usynleg nettverk av kanalar inne i menneskekroppen for transport av ein livgivande energi kalla qi.

Meridianar er eit omgrep som opphavleg kjem frå den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM), og vert beskrive som eit usynleg nettverk av kanalar inne i menneskekroppen for transport av ein eigen, livgivande energi kalla qi. Omgrepet finn vi òg att i teorigrunnlaget og helseforståinga i mange alternative behandlingsformer. 

Ifylgje TKM-læra knyt meridianane saman huda, organa og kroppsdelane våre i eit komplisert krinslaup. Langsetter meridianane ligg det akupunkturpunkt der livsenergien qi skal vere særleg tilgjengelig for påverknad. 

Læra skiljer mellom hovud- og tilleggsmeridianar. Hovudmeridianane har faste funksjonar og knyt saman spesifikke organ og kroppsdelar etter detaljerte reglar. Desse reglane nyttar utøvarane for å forstå pasienten sine symptom og avgjere kva behandling hen skal ha. 

Tilleggsmeridianane seiest å ha varierande funksjonar, og behandlarane nyttar dei på ulike måtar. Talet på meridianar og akupunkturpunkt varierer noko med kjeldene, men tolv hovud- og to tilleggsmeridianar går att mange stadar.  

Når livsenergien får strøyme uhindra gjennom meridianane og utover i kroppen, er mennesket ifylgje læra ved god helse. Dersom meridianane av ulike grunnar vert blokkerte, kan energiflyten og balansen i organismen bli forstyrra. Dette er ifylgje læra årsaken til symptom på konkret sjukdom eller dårleg allmenntilstand. Dette kan du lese meir om i artikkelen om qi.

Behandlarar som baserar seg på denne helseforståinga seier ofte at deira rolla deira er å avdekkje kva for blokkeringar symptoma kjem av, og å hjelpe til med å fjerne desse slik at organismen kjem i balanse att. Til dette er det utvikla ei lang rekkje teknikkar innan ulike alternative behandlingsformar. Meir om slike finn du via artikkelen vår om akupunkturpunkta. Mange meiner at også kosthaldet generelt og inntak av spesifikke stoff frå plante-, dyre- og mineralriket skal kunne hindre at meridianane vert blokkerte. 

Nettverket av meridianar vert etter læra rekna å bli meir finmaska med tynnare kanalar di lenger ut på kroppen ein kjem; ikkje ulikt blodlaupet og nervesystemet. Austleg orienterte behandlarar forklarar qi og flyten både som målbare fysiske storleikar og som abstrakte eller teoretiske rammeverk henta frå taoismen (lenke til Store norske leksikon)

Det er gjort forsking som freistar å forklare og prove meridianane som kanalar med særleg låg elektrisk motstand, og qi som elektromagnetisk energi som strøymer mellom akupunkta. Eit forskarteam leia av Andrew Ahn oppsummerte i 2008 ni studiar på dette til at sjølv om fleire av studiane fann låg elektrisk motstand mellom spesifikke akupunkt, var kvaliteten på studiane så låg at dei ikkje kunne brukast til å prova eksistensen av korkje ein slik energi eller spesifikke kanalar som denne kan strøyme gjennom. 
Qi, akupunkt og meridianar vert ikkje rekna som påviste etter almenne vitskaplege prinsipp og metode.

Terapiar som byggjer på energistraumar kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå kunnskap om andre mekanismar og samanhengar enn det dei legg til grunn i den klassiske TKM-læra.

Til dømes forklarar vestleg orienterte utøvarar av slike terapiar ofte behandlinga si i lys av fysiologiske kunnskapar. Framfor å seie at dei stimulerar akupunkturpunkt vil dei seie at dei påverkar nervar eller muskelknutar, og at smerte, stivheit og nedsett rørsle skuldast nervar i klem framfor ubalanse i qi og blokkerte meridianar. Meir om dette kan du lese i den generelle artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingsformer.

Kjelder

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: