Reichiansk terapi | NAFKAM

Reichiansk terapi

Reichiansk terapi vart utvikla av den austerrikske psykiataren dr Wilhelm Reich på 1920-30-talet. Han er kjend for å ha utvikla to terapiar: orgonterapi og vegetoterapi. Båe terapiformene utgjer det som til saman vert kalla Reichiansk terapi, og vart delvis utvikla då Reich budde i Noreg mellom 1934-39.

Orgonterapi er basert på ideen om ein god orgon-energi, som både skal kunne reinse omgjevnadane, skjerme mot farleg stråling og verke mot mange ulike sjukdomar. Behandlinga går føre seg ved å gå til ein behandlar for å sitje i eit orgon-skap, eller skaffe seg forskjellige produkt av orgonitt for å plassere i miljøet.

Vegetoterapi er ei form for samtaleterapi som òg famnar massasje, avspenningteknikkar og pusteøvingar.

Ved søk den 29.07.2019 i kjeldene våre etter oppsummeringer av forsking på Reichiansk terapi fann vi ingen slike. Etter våre krav ligg det då ikkje føre dokumentasjon for at Reich sine terapiar verkar, korkje kvar for seg eller sett saman til eit medisinsk system.

Det er ikkje meldt om biverknadar etter bruk av desse terapiane.

Fleire av helseproblema som Reich meinte at behandlingane hans verka mot, kan bli alvorlege dersom dei ikkje vert behandla i tide. Difor bør ein ikkje bytte ut verksam behandling til fordel for Reich sine terapiar eller anna alternativ behandling. Generelt rår vi til at du snakkar med lækjaren din før du prøvar alternativ behandling, slik at du kan få ei vurdering knytt til heile helsesituasjonen din.

Varianter/ andre namn: karakteranalyse, psykomotorisk fysioterapi, kroppspsykoterapi

Kilder

  • Søk i The Cochrane Library, EMBASE, PubMed, Web of Science og CAM-Cancer 29.07.2019 ga 0 treff på relevante kunnskapsoppsummeringer
  • SNL.no: Orgon, vegetoterapi og Wilhelm Reich
  • Britannica.com: Wilhelm Reich
  • Bruset S. og Poleszynski D.(1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste AS, Oslo.
  • Helmersen, Runa (2008): Sporene etter Wilhelm Reich i Norge. I Afspænding og psykomotorik, nr.1/2008

Les mer

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: