Vegetoterapi

Vegetoterapi er ei form for samtaleterapi kombinert med fleire andre behandlingsteknikkar, mellom anna massasje.
Image
Hvit kvinnelig terapeut med mørkt hår, hvit skjorte og grå dressbukse holder venstre hånd på skulderen til en mannlig hvit pasient, i grå t-skjorte og beige bukser.
Foto: Colourbox.com

Vegetoterapien er ei kroppsorientert form for samtaleterapi, som byggjer på psykiataren Wilhelm Reich sine observasjonar og tankar om at vanskelege kjensler, minne og opplevingar gir seg uttrykk i muskelspenningar. Namnet kjem av at terapeutane arbeider for å bryte ned mentale stengsel og å frigjere det som Reich kalla «den vegetative energien».

Generelt reknar ein samtaleterapiar som å ha god verknad på enkelte psykiske plager. Vegetoterapien er sett saman av samtaleterapi, massasje og andre behandlingsteknikkar, og det ser ikkje ut til å vere gjort mykje forsking på denne «pakka». Ein reknar det generelt som vanskeleg å forske på verknad av slike behandlingssystem.

Ved søk i kjeldene våre i juli 2021 fann vi ingen oppsummeringar av forsking på vegetoterapi. Etter våre kriterie ligg det i slike høve ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon til å seie om behandlinga verkar eller ikkje.

På søkedatoen fann vi ikkje rapportar i kjeldene våre om biverknadar av vegetoterapi. Det er ikkje det same som at behandlinga er trygg å bruke.

Generelt reknar ein samtaleterapi som trygt så lenge behandlaren har tilstrekkelege medisinske kunnskapar til å kunne tolke symptom og tilpasse behandlinga etter det.

Likevel kan alle i Noreg som ynskjer det, tilby vegetoterapi utan formelle krav til medisinske basiskunnskapar. Utøvarar som manglar tilstrekkeleg kunnskap, kan oversjå eller tolke symptom feil slik at pasienten ikkje vert rådd til å oppsøkje naudsynt behandling. 

Generelle tryggingsreglar

Vegetoterapi vart utvikla av den austerrikske psykiataren Wilhelm Reich på 1920-30-talet.  

Vegeto-terapeutar legg vekt på å byggje eit nært og venleg forhold til pasienten, å støtte og motivere han til auka aktivitet og samhandling med andre menneske. Dei ser på korleis pasienten samhandlar, korleis han talar, ord kva ord han nyttar, og korleis pasienten rører seg fysisk når han er i lag med andre menneske. Ifylgje Reich sin teori vil ei analyse av desse faktorane gje svar på kva for ein modus pasienten er i; noko som skal ha stor betyding for korleis behandlinga bør leggjast opp og settast i hop.

Ved å ta på og snakke om muskelspenningar, skal det såkalla karakterforsvaret løsne, og pasienten opne seg for terapeuten. Massasjen si rolle skal vere å frigjere energi, kjensler og spenningar, og påverke andinga og kroppshaldninga.

Mange av utøvarane nyttar seg og av draumetyding, for å freiste å finne det dei meiner er skjulte problem og stengsel som pasienten ikkje er klar over, eller ikkje klarar å setje ord på sjølv. Reich sitt arbeid med karakteranalyse og vegetoterapi vart i starten godt teke imot innan det psykoanalytiske fagmiljøet.

Etter kvart vart han meir oppteken av Jung og Freud sine idear om kva rolle kjønnsdrifta (libido) spelar, og utvikla sine eigne idear om ein "orgastisk styrke"; ei eiga evne til å frigjere kjensler. Reich hevda at psykisk helse og evna til å elske var avhengig av denne styrken, og samstundes at den orgastiske styrken var målet for mennesket sin karakter. Dette vart ikkje like godt teke i mot i fagmiljøet, og vert i dag ikkje lagt særleg vekt på.

Vegetoterapien fekk eit fotfeste hjå mellom anna fysioterapeutar, og ein kan finne spor av den i fleire fysikalske behandlingsformer som vert nytta ved psykiske lidingar - til dømes innan psykomotorisk fysioterapi.

Reich er også kjend for å ha utvikla orgon-terapien. Sett saman, vert vegetoterapien og orgon-terapien kalla Reichiansk terapi, som er eit eige behandlingssystem.

Andre namn

Variantar/ andre namn: karakteranalytisk vegetoterapi , psykomotorisk fysioterapi, kroppspsykoterapi

Engelske namn: Vegeto therapy, Orgastic therapy, Body psychotherapy.

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader: 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: