Reichiansk terapi

Reichiansk terapi er eit behandlingssystem utvikla av psykiataren Wilhelm Reich. Det består av to behandlingsformer: orgonterapi og vegetoterapi. Båe terapiane vert og tilbydd kvar for seg.
Image
Illustrasjon av en lupe over ei bok
Illustrasjon: NAFKAM/Infogram.

Reichiansk terapi vart utvikla av den austerrikske psykiataren dr Wilhelm Reich på 1920-30-talet. Han er kjend for å ha utvikla to terapiar: Orgonterapi og vegetoterapi. Båe terapiformene utgjer eit behandlingssystem som til saman vert kalla Reichiansk terapi, som vart delvis utvikla då Reich budde i Noreg mellom 1934-39. Dei to terapiane vert og tilbydd kvar for seg.

  • Orgonterapi er basert på ideen om ein god orgon-energi, som både skal kunne reinse omgjevnadane, skjerme mot farleg stråling og verke mot mange ulike sjukdomar. Behandlinga går føre seg ved å gå til ein behandlar for å sitje i eit orgon-skap, eller skaffe seg forskjellige produkt av orgonitt for å plassere i miljøet.
  • Vegetoterapi er ei form for samtaleterapi som òg famnar massasje, avspenningteknikkar og pusteøvingar.

Ved søk i juli 2019 i kjeldene våre etter oppsummeringer av forsking på Reichiansk terapi fann vi ingen slike. Etter våre krav ligg det då ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon for at Reich sine terapiar verkar eller ikkje - korkje brukt kvar for seg eller samstundes.

Det er ikkje meldt om biverknadar etter bruk av desse terapiane. Fleire av helseproblema som Reich meinte at behandlingane hans verka mot, kan derimot bli alvorlege dersom dei ikkje vert behandla i tide. Difor bør ein ikkje bytte ut verksam behandling til fordel for Reich sine terapiar eller anna alternativ behandling.

Alle som vil kan kalle seg reichiansk terapeut og gje slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan reichiansk terapi eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. 

Den største risikoen ved reichiansk terapi er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårligare fordi pasienten sjølv og/ eller terapeuten feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling.

Variantar/ andre namn

Karakteranalyse, psykomotorisk fysioterapi, kroppspsykoterapi

Generelle tryggingsreglar

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

  • Søk i The Cochrane Library, EMBASE, Natural Medicines, PubMed, Web of Science og CAM-Cancer 29.07.2019 ga 0 treff på relevante kunnskapsoppsummeringer
  • SNL.no: Orgon, vegetoterapi og Wilhelm Reich
  • Britannica.com: Wilhelm Reich
  • Bruset S. og Poleszynski D.(1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste AS, Oslo.
  • Helmersen, Runa (2008): Sporene etter Wilhelm Reich i Norge. I Afspænding og psykomotorik, nr.1/2008

Les meir

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: