Reichiansk terapi

Reichiansk terapi er eit behandlingssystem utvikla av den austerrikske psykiataren Wilhelm Reich. Det består av to behandlingsformer: orgonterapi og vegetoterapi.
Govva
Illustrasjon av en lupe over ei bok
Illustrasjon: NAFKAM/Infogram.

Reich utvikla behandlingane si på 1920-30-talet, delvis då han budde i Noreg. Både orgon- og vegetoterapien vert og tilbydde kvar for seg.

  • Orgonterapi er basert på ideen om ein god orgon-energi, som både skal kunne reinse omgjevnadane, skjerme mot farleg stråling og verke mot mange ulike sjukdomar. Behandlinga går føre seg ved å gå til ein behandlar for å sitje i eit orgon-skap, eller skaffe seg forskjellige produkt av orgonitt for å plassere i miljøet.
  • Vegetoterapi er ei form for samtaleterapi som òg famnar massasje, avspenningteknikkar og pusteøvingar.

Variantar / andre namn

Karakteranalyse, psykomotorisk fysioterapi, kroppspsykoterapi, vegetoterapi

Ved søk i juli 2023 i kjeldene våre etter oppsummeringer av forsking på Reichiansk terapi fann vi ingen slike. Etter våre krav ligg det då ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon til at vi kan seie om Reich sine terapiar verkar eller ikkje. Det ein kan seie, er at påstandar om helsemessig verknad ikkje har solid støtte i forsking.

Placeboeffekten

Som med anna behandling, kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling

Forskinga melder ikkje om biverknadar etter bruk av Reichiansk behandling som system. Sjå likevel kapitla "Er det trygt?" i artiklane våre om orgon- og vegetoterapi.

Alle som vil kan kalle seg "reichiansk terapeut" eller liknande, og gje alternativ behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. 

Den største risikoen ved reichiansk terapi er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårligare dersom pasienten eller terapeuten feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. 

Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling, men særlig her fordi fleire av helseproblema Reich meinte at behandlinga hans verka mot, kan bli alvorlege dersom dei ikkje vert behandla i tide.

Ved graviditet og amming

Ved søk i juli 2023 i kjeldene våre, inneheldt dei ingen informasjon om tryggleiken av Reichiansk terapi ved graviditet og amming.

Vurderer du alternativ behandling? Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Søk i juli 2023 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Natural Medicines og Drugs and Lactation Database (LactMed)

Other websites from NAFKAM: