Tarmskylling

Image
Tarmskyllingsapparat og behandler, og pasient i bakgrunnen.
Foto: Colourbox.com

Tarmskylling byggjer på ein ide om at farlege avfallsstoff samlar seg i tjukktarmen, og at tarmen treng hjelp til å reinse ut desse. Det vert hevda at tarmskylling både kan hjelpe mot plager du allereie har, og førebyggje mot nye.

Tarmskylling går føre seg ved at ein pumpar inn vatn i endetarmen gjennom eit rør, med eller utan å tilsetje stoff som skal ha ekstra verknad. Væska løyser opp det som ligg i tarmen, og tek med seg dette ut att.

Tarmskylling vert sagt å verke mot mange ulike plager: Frå trøytte og slappheit, angst og depresjon, abstinens under rusavvenning, mot allergiar og eksem, smertar og betenningar, til irritabel-tarm-syndrom (IBS) og lekkasje av avføring. Det ligg inga støtte føre for teorien om at eventuelt avfallsstoff i tarmen fører til slike helseproblem.

Det vi veit, er at tarmen er eit organ som reinsar seg sjølv. Berre i svært spesielle høve treng tarmen «reingjeringshjelp».

Det er gjort forsking på tarmskylling mot ymse helseproblem, men i kjeldene våre finn vi inga forskning som møter kriteria våre til tilstrekkeleg dokumentasjon. Slik vi ser det, ligg det dermed ikkje føre solid vitskapleg støtte for at tarmskylling verkar mot noko helseproblem.

Tarmskylling kan gi milde og forbigåande biverknadar, som til dømes magekrampe og magesmertar, men også alvorlegare verknadar så som dehydrering og lågt blodtrykk med kvalme og oppkast. Ein trur at slik behandling over tid kan skade den naturlege og sunne bakteriefloraen i tarmen, påverke slimhinner negativt, og gå ut over fordøyinga.

Det er og rapportert alvorlege bivirknadar slik som infeksjon etter rift i tarmveggen, koldbrann i bekkenbotnen, vatnforgiftning og nyresvikt. Ein veit at tarmskylling med bruk av kaffi som klyster har gitt alvorleg elektrolyttforstyrrelse, kjemiske ubalansar og blodforgifting. Det har skjedd fleire dødsfall som vert knytte til slike biverknadar etter tarmskylling.

Generelt rår ein frå å nytte tarmskylling, særleg pasientar som har eller har hatt fordøyingsproblem slik som divertikulitt, Crohns sjukdom eller ulcerøs kolitt; tarmoperasjon, hemoroidar, nyresjukdomar eller hjartesjukdom. Desse tilstandane aukar risikoen for uheldege verknadar av tarmskylling.

Generelle tryggingsreglar

Den alternativmedisinske diagnosen autointoksikasjon, der farlege avfallsstoff vert samla opp i tarmen og seiest å føre til alt frå trøytte til kreft, har røter langt attende i tid.

Det finst fleire forklaringar på korleis sjukdom kan oppstå slik. Nokre av forklaringane meiner at stress, dårleg kosthald, miljøgifter, konserveringsmiddel og syntetiske lækjemiddel har negativ verknad på biokjemien i kroppen, forstyrrar fordøyinga og gjev problem med stoffskiftet. Andre forklaringar legg vekt på at opphoping av avfallsstoff gjer miljøet i tarmen surt, eller at giftstoff vert overførte frå tarmen til blodet.  Desse hendelsane vil då skape ubalansar; forstyrre dei gode tarmbakteriane, og føre til sjølvforgifting,

Denne teorien vart også nytta av lækjarar fra til 1920, som grunnlag for å rå pasienten til tarmskylling. Etter kvart vart dette teorigrunnlaget erklært som gamaldags, og bruken av tarmskylling gjekk etter kvart ned.

I dag finst det klinikkar som tilbyr tarmskylling, men det finst og «gjer-det-sjølv»-sett for å behandle seg sjølv heime. Når ein vert behandla med tarmskylling på ein klinikk, vert det brukt store mengder vatn under trykk. Då er det er det eitt rør som pumpar inn vatnet, og eit anna som tek ut att væska.

Nemninga autointoksikasjon vert og nytta innan helsetenesta og skulemedisinen, men då kun om spesielle forgiftingstilstandar ved for eksempel lever- og nyresvikt, samt ubehandla diabetes.

I dag er bruken av tarmskylling i helsetenesta og skulemedisinen redusert til klyster ved forstoppelse og ved visse undersøkjingar i endetarmen, samt dersom andre former for avgifting ikkje er til hjelp.

Andre navn

Kolonhydroterapicolonic irrigation, autointoxication treatment, colon therapy/ cleansing/ detoxification/ hydrotherapy 

Flere av kildene fører til eksterne nettsider: 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: