I denne artikkelen vert behandlinga forstått og presentert som ei form for detox-behandling, som ein kan få frå utøvarar på klinikkar eller som eit "gjer-det-sjølv"-sett for å behandle seg sjølv heime. Ved slik tarmskyljing vert det brukt væske som vert sett under trykk med ei maskin; pumpa inn rektalt gjennom eitt rør og teke ut att gjennom eit anna rør.
Forkjemparar meiner at slik behandling fremjer helse og velvere generelt, betrar vitaliteten og kan hjelpe for konkrete sjukdomar og helseproblem som dei meinar skuldast giftstoff som hopar seg opp i tarmen.
Behandlinga manglar støtte frå forsking, og vi veit at tarmen er eit organ som reinsar seg sjølv: Berre i spesielle høve så som forstopping treng tarmen "reingjeringshjelp".
Det er rapportert om ymse negative verknadar og hendingar ved slik behandling - frå milde og forbigåande biverknadar så som magekrampe og magesmerter, til alvorlegare så som dehydrering og lågt blodtrykk, med kvalme og oppkast. Det er også rapportert om infeksjon etter rifter i tarmveggen (på grunn av røra og/ eller trykket på væska som vert brukt), koldbrann i bekkenbotnen, vatnforgifting og nyresvikt.
Tarmskyljing med rektal bruk av kaffi som klyster har vore populært. Det er rapportert at dette har gitt elektrolyttforstyrring, kjemisk ubalanse og blodforgifting. Forskarane meiner og at slik behandling over tid kan skade tarmen sin naturlege og sunne bakterieflora, påverke slimhinner negativt, og gje fordøyingsproblem. Det vert knytt fleire dødsfall til slik form for tarmskyljing.
På grunn av dette rår ein på generell basis frå å nytte tarmskyljing; særleg pasientar som har eller har hatt fordøyingsproblem slik som Divertikkelsjukdom, Crohns sjukdom eller Ulcerøs kolitt; tarmoperasjon, hemoroidar, nyresjukdomar eller hjartesjukdom. Personar med desse tilstandane ser ut til å ha auka risiko for uheldige verknadar av tarmskyljing.
Andre namn og nemningar:
Kolonhydroterapi, kolonrens, klyster, colonic irrigation, autointoxication treatment, colon therapy, cleansing, detoxification, hydrotherapy
Vurderer du alternativ behandling? Då bør du lese pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Kjelder:
- Acosta RD, Cash BD. Clinical effects of colonic cleansing for general health promotion: a systematic review. Am J Gastroenterol. 2009 Nov;104(11):2830-6; quiz 2837. doi: 10.1038/ajg.2009.494. Epub 2009 Sep 1. Erratum in: Am J Gastroenterol. 2010 May;105(5):1214. PMID: 19724266.
- Ernst E. Colonic irrigation: therapeutic claims by professional organisations, a review. Int J Clin Pract. 2010 Mar;64(4):429-31. doi: 10.1111/j.1742-1241.2009.02166.x. PMID: 20456189.
- Garrett B, Caulfield T, Murdoch B, Brignall M, Kapur AK, Murphy S, Nelson E, Reardon J, Harrison M, Hislop J, Wilson-Keates BJ, Anthony J, Loewen PS, Musoke RM, Braun J. A taxonomy of risk-associated alternative health practices: A Delphi study. Health Soc Care Community. 2022 May;30(3):1163-1181. doi: 10.1111/hsc.13386. Epub 2021 May 26. PMID: 34041822; PMCID: PMC9291966.
- Helsebiblioteket.no: Tarmskylling
- Levy FES. autointoksikasjon,from Store medisinske leksikon (snl.no). (Per 25.04.25)
- NatMedPro: Colonic irrigation (Per 25.04.25, licence needed)
- Mishori R, Otubu A, Jones AA. The dangers of colon cleansing. J Fam Pract. 2011 Aug;60(8):454-7. PMID: 21814639.
- Son H, Song HJ, Seo HJ, Lee H, Choi SM, Lee S. The safety and effectiveness of self-administered coffee enema: A systematic review of case reports. Medicine (Baltimore). 2020 Sep 4;99(36):e21998. doi: 10.1097/MD.0000000000021998. PMID: 32899046; PMCID: PMC7478478.