Øyreakupunktur (aurikuloterapi)

Øyreakupunktur er ei form for akupunktur som kviler på den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM) sine premiss om ein indre livsenergi, som ein kan nå og påverke i spesielle akupunkturpunkt. Ifylgje teorien bak øyreakupunkturen er alle kroppen sine delar og funksjonar spegla i det ytre øyret.
Image
Bilde av en hvit hånd som setter akupunkturnåler i øret på en hvit person med mørkt hår.
Foto: Colourbox.com

I øyreakupunkturen nyttar behandlarane seg difor kun av dei punkta som etter læra finst i det ytre øyret. Dei meiner at øyreakupunktur kan brukast både til å førebyggje og kurere helseproblem. 

Øyreakupunktur vert også kalla "aurikuloterapi" eller "øyreakupressur". Desse nemningane seier til ein viss grad noko om korleis behandlinga går føre seg: Måtane som akupunkturpunkta i øyret vert påverka med varierar frå perforering av huda med akupunkturnåler; svakstraum frå elektrodar; lys frå lågstyrke-laser eller andre typar lys (infraraudt, ultrafiolett og liknande); sprøyter med injeksjon av visse medikament; fastteiping av frø, korn, magnetar eller metallkuler; innsetjing av meir permanente pressmåtar (øyrepynt, metallklemmer eller medisinsk piercing).

Nokre behandlarar vel nøye ut type objekt og materialet det er laga av ut frå kva type helseproblem pasienten søkjer hjelp for, fordi dei meiner at materiala har ulik terapeutisk potensiale. Det er lita støtte til dette i helseforskinga.

Det er gjort forsking på behandling av helseplager/ problem via spesifikke punkt i øyret. Ordbruken i forskingslitteraturen er ikkje konsistent, og detaljane om korleis behandlinga har blitt gitt i dei ulike studiane, varierer også. I juni 2021 fann vi oppsummert forsking i kjeldene våre på fylgjande bruksområde av øyreakupunktur/ aurikuloterapi/ øyreakupressur:

Akutte smerter

I 2017 oppsummerte Jan med fleire forskinga på øyreakupunktur brukt som smertelindring ved akuttmedisinske institusjonar. Studiane dei undersøkte, viste at slik behandling reduserte pasientane sine smertar noko, men det var usikkert om den også kunne redusere bruken av smertestillande lækjemiddel. Forfattarane peika på at antallet studiar var lågt, og at fleirtalet av dei hadde vesentleg risiko for bias. Dermed kunne dei ikkje konkludere ut frå desse studiane, og skreiv at meir forsking med betre metode er naudsynt før ein kan seie dette sikkert.

I ei anna oppsummering frå same året (2017) fant Murakami med fleire at øyreakupunktur var lovande som behandling av akutte smertar; dersom behandlinga vart gjeve innan 48 timar at smerten oppsto. Ifylgje studiane var smertelindringa også avgrensa til å vere kortvarig. Forfattarane vurderte studiane som var gjort til å gi eit for usikkert grunnlag for klåre konklusjonar, og at meir og betre forsking var naudsynt for å kunne seie det sikkert. 

Elveblest (urticaria)

I 2018 oppsummerte Zhu med fleire forskinga på øyreakupunktur som behandling ved kronisk, spontan elveblest. Studiane synte at slik behandling kunne betre kliniske teikn under episodar av sjukdomen, og dempe symptom. I konklusjonen peika dei på metodiske manglar ved fleire av studiane, slik at funna burde tolkast med varsemd. 

Forstopping

Yang med fleire oppsummerte i 2014 forskinga på aurikuloterapi ved forstopping. Studiane dei undersøkte, synte at behandlinga truleg verka ved forstopping. Dei peika på at dei fleste studiane hadde høg risiko for bias og at alle var gjort i Kina: På grunn av kulturelle og geografiske skilnadar, kunne dei ikkje gjere klåre konklusjonar. Dei etterlyste meir og betre forsking før ein kan seie det for sikkert at behandlinga har slik verknad. 

I 2018 gjekk Chen med fleire gjennom forskinga på aurikuloterapi utan perforering av huda, spesifikt brukt av kreftpasientar som får forstopping under cellegift-behandling. Studiane viste at behandlinga såg ut til å auke verknaden av avføringsmiddel, og at gitt åleine kunne ho hindre forstopping hjå pasientgruppa. Dei peika på at dokumentasjonen var avgrensa fordi det var gjort få gode studiar på området, og at tilråding om bruk ville krevje meir og betre forsking fyrst.

Hovudverk (kronisk spenningshovudverk)

Zhao med fleire gjekk i 2015 gjennom forskinga på øyreakupunktur mot kronisk spenningshovudverk. Studiane viste at slik behandling lindra smerte under anfall, men kunne ikkje hindra nye eller auke tida mellom anfall noko særlig. Forfattarane peika på at kvaliteten på forskinga var låg grunna metodiske feil og manglar, slik at funna burde tolkast med varsemd. Dei konkluderte med at forskinga viste nokre interessante tendensar, men at meir og betre forsking må til for å kunne seie noko om øyreakupunktur verkar eller ikkje ved slik hovudverk.

Høgt blodtrykk

Gao med fleire oppsummerte i 2020 forskinga på øyreakupunktur  mot høgt blodtrykk. Dei fann at det såg ut til å auke effekten av blodtrykkssenkjande medisin, og dei konkluderte med at slik behandling kan vere eit relevant supplement til blodtrykkssenkjande middel. 

Insomnia og andre søvnproblem

I ein oversiktsartikkel frå 2018 over systematiske kunnskapsoppsummeringar, fann Vieira med fleire at øyreakupunktur kan gje verdifull tilleggsverknad til standard behandling av insomnia og andre søvnrelaterte problem. 

Karpal tunnel-syndrom

Ei Cochrane-oppsummering frå 2018 av Choi med fleire, nemnar øyreakupunktur blant behandlingane dei undersøkte forskinga på for karpal tunnel-syndrom. Sjølv om dei ikkje konkluderar spesifikt om øyreakupunktur, skriv dei at behandlingane i beste fall såg ut til å ha ein liten verknad på symptom som smerter og redusert rørsle i handleddet når dei var gitt åleine. I samanlikning med standardbehandling (medisinar og/eller skinne) var det uklårt om behandlingane hadde nokon verknad av betydning. Forskarane konkluderte med at forskinga som var gjort, var av låg eller særs låg metodisk kvalitet, slik at dei ikkje kunne slå det heilt fast at øyreakupunktur og dei andre behandlingane ikkje hadde  smertelindrende verknad og ikkje auka rørsla ved karpal tunnel-syndrom.

Kreftrelaterte smerter

I ei Cochrane-oppsummering frå 2015 gjekk Paley med fleire gjennom forskinga på ulike variantar av akupunktur - blant anna øyreakupunktur - mot smerter hjå kreftpasientar. Studiane synte verknad ut over placebo for kroniske nevropatiske smerter, og liten eller ingen skilnad i verknad mellom øyreakupunktur og standardbehandling med  smertestillande. Imidlertid vurderte forfattarane studiane til å ha vesentlege metodiske manglar, slik at dei ikkje ga tilstrekkeleg grunnlag til å avgjere om behandlinga verkar eller ikkje. 

Kroniske ryggsmerter

I 2019 oppsummerte Moura med fleire forskinga som var gjort på øyreakupunktur ved kroniske ryggsmerter hjå vaksne. Studiane de undersøkte, viste positive resultater for smertereduksjon, lavere bruk av smertestillande, auka bevegelse og funksjon, og høgare livskvalitet. Dei påpeikte imidlertid at studiane mangla einskaplege og gode målekriterier. Difor kunne dei ikkje seie det heilt sikkert, og etterlyste fleire studiar med betre kvalitet på dette området før man eventuelt kan slå dette fast. 

Livskvalitet, søvnplager, utmatting mm hjå pasientar med nyresvikt

I 2020 oppsummerte Melo med fleire forskinga på om øyreakupunktur og andre terapiar kan vere til hjelp for personar med kronisk nyresvikt. Studiane dei undersøkte, viste auke i livskvaliteten, mindre utmatting (fatigue) og auka søvnkvalitet hjå pasientgruppa. Forfattarane fann ingen effekt av betydning på serumnivå og andre målbare verdiar. Dei konkluderte med at øyreakupunktur kan gjere det lettare for slike pasientar å leve med sjukdommen.

Morsmjølk-produksjon hjå kvinner som ammar

Forskinga på om øyreakupunktur kan betre mjølkeproduksjonen hjå kvinner som har problem med å amme, vart oppsummert i 2020 av Boram med fleire. Sjølv om nokre studiar viste positive resultat, kunne forfattarane ikkje dra tydelege konklusjonar basert på dette. Dei skreiv at forskingsmetodane som var brukt var av låg kvalitet, og konkluderte med at meir og betre forsking trengs før ein kan seie noko sikkert om øyreakupunktur betrar produksjonen av morsmjølk eller ikkje. 

Nærsyn (myopia)

Gao med fleire gjekk i 2020 gjennom forskinga på om øyreakupressur kan motverke nærsyn (myopia). Studiane viste ay slik behandling verka betre enn augedråper og auge-øvingar, men forfattarane vurderte kvaliteten på studiane som ikkje god nok. Dei skreiv difor at dei positive funna burde tolkast  med varsemd, som lovandre funn frå innleiande forsking. Meir forsking er naudsynt før ein kan seie om øyre-akupressur kan hjelpe nærsynte.

Postoperative smerter

Usichenko med fleire gjekk i 2008 gjennom forskinga på om øyreakupunktur kan hjelpe mot smerter etter operasjon. Fleire av studiane viste at behandlinga kan lindre smerte og redusere bruken av smertestillande, men forfattarane vurderte den samla kvaliteten på studiane som middels, ved at resultata sprika mykje og hadde høg risiko for bias. Difor vurderte dei dokumentasjonen som lovande, men ikkje overtydande.

Psykiske problem etter traumatiske opplevingar (PTSD)

Kwon med fleire oppsummerte i 2020 forskinga som var gjort på om øyreakupunktur kan vere til hjelp for personar med PTSD, søvnproblem og andre plagar etter traumatiske opplevingar. Dei fann at det var gjort få studiar, med varierande kvalitet, og at resultata frå desse sprika for mykje til at dei kunne feste lit til dei. Dei konkluderte med at det må gjerast fleire studiar av god kvalitet før ein kan seie noko om slik behandling kan ha verknad eller ikkje på dette området.

Rusmiddel-avvenning

Det er gjort ein del forsikng på om øyreakupunktur kan hjelpe i avvenning frå rusmiddel hjå avhengige. Baker og Chang gjekk i 2016 gjennom forskingslitteraturen på øyreakupunktur brukt i avvenning frå opiatbaserte medikament og stoff. Studiane viste at gitt åleine, hjalp behandlinga truleg ikkje til å redusere "suget" etter opiatbaserte middel, men som supplement til metadonbehandling såg det ut til å auke suksessen og redusere biverknadar av slik behandling. 

I ei Cochrane-oversikt frå 2006 tok Gates med fleire føre seg forskinga på øyreakupunktur spesifikt for avvenning frå kokain. Studiane viste liten eller ingen skilnad mellom dei som fekk øyreakupunktur og dei som ikkje fekk noko behandling. Forfattarane vurderte forskinga til å vere av utilstrekkeleg kvalitet, og konkluderte med at slik behandling mangla støtte i god dokumentasjon. 

I ein oversiktsartikkel over systematiske kunnskapsoppsummeringar frå 2018, fann Vieira med fleire at øyreakupunktur kan auke verknaden av standardbehandling når det vert gitt som supplement når ein skal slutte å røykje, men dei fann ikke grunnlag for å seie noko om effekt når øyreakupunkturen vart brukt åleine.

Stress, angst og depresjon

Corrêa med fleire oppsummerte i 2020 forskinga på øyreakupunktur mot stress, angst og depresjon hjå voksne og eldre. Studiane dei undersøkte, viste positive resultat i å dempe symptom ved episodar og å auke livskvaliteten ved slike plager. Forfattarane kunne likevel ikkje bekrefte dette, grunna manglar ved studiane som kan ha påvirka resultata mykje.

Overvekt (vektreduksjon/slanking)

Mendonça med fleire oppsummerte i 2020 forskinga på øyreakupunktur for lågare vekt og BMI hjå overvektige. Studiane dei undersøkte viste at behandlinga ga ein viss effekt, men forskarane valde å tolke dette varsomt ut frå metodiske utfordringar ved studiane, og ut frå den ukjende verkemåten ved behandlinga.

Forskinga som er gjort, inneheld få rapportar om biverknadar og risiko ved øyreakupunktur. Det er likevel rimeleg å meine at nokre av de same biverknadane og risikoen som er rapportert for akupunktur, også er til stades i øyreakupunkturen. Les kapitlet "Er det trygt" i artikkelen vår om akupunktur for meir informasjon om dette. Utover dette er det lite sannsynleg at behandlinga fører med seg vesentleg helserisiko.

Ifylgje utøvarar bør gravide ikkje nytte seg av øyreakupunktur, fordi dei meiner behandlinga kan forårsake blødingar som ved menstruasjon. Det ligg ikkje føre solid forsking som stør dette.

Alle som vil, kan kalle seg "akupunktør" eller praktisere øyreakupunktur utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i akupunktur eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Frå forskinga som er gjort, veit ein at øyreakupunktur vert nytta mot eit stort antal helseproblem, sjukdommar, plagar/lidingar). Forverring av helsesituasjonen kan oppstå dersom den som gir behandlinga overser viktige symptom, og ikke rår pasienten til å oppsøke nødvendig medisinsk behandling. Dette gjelder alle former alternativ behandling.

Generelle tryggingsreglar

Øyreakupunktur eller auriculoterapi er ei form for akupunktur. Den er kjend som behandlingsform frå det gamle Egypt og i tradisjonell kinesisk medisin. Metoden vart vidareutvikla av den franske lækjaren Paul Nogier på 1950-talet.

Behandlarane meiner at bruk av nåler, trykk, massasje, elektrisk stimulering, lysbehandling, laser eller injeksjon av medikament på ulike punkt i øyret, er gunstig mot helseproblem, ved at slik behandling skal styrkja dei sjølvheilande evnene til kroppen.

Behandlarane baserer seg på tanken om at alle meridianane i akupunkturen og nødvendige akupunkturpunkt er til stades i øyret. Difor manipulerer dei berre i øyret, uansett problem og føremål som pasienten kjem med. Difor er det utvikla eit detaljert "kart" over øyret, med meir enn 100 spesifikke punkt.

Øyreakupunkturen kviler på ideen om at heile organismen med dei ulike delane og funksjonane hans kan finnast igjen, lesast av og bli manipulert på éin stad. Denne tanken finst mellom anna i soneterapien og ECIWO-biologien der. Slike behandlingar vert og omtala som bioholografiske.

Ved sida av akupunktur-læra si sjukdomsforståing og forklaring av verkemåte med meridianar, livsenergi og akupunkturpunkter, finst det også tilhengjarar som freistar å forklare verkemåten nevrofysiologisk: Dei meiner at stimulering av øyret gir nerveimpulsar til det autonome nervesystemet og styringa av krinslaupet, andinga, fordøyingssystemet og det endokrine (indre sekresjon) systemet.

Det er kjent at øyreakupunktur vert nytta ved ei lang rekke problem og føremål: førebyggjande, ved stress, ved avvenning av til dømes tobakk, alkohol eller narkotika, som smertelindring, ved pustevanskar, fordøyings- og underlivsproblem, vektreduksjon og regulering av appetitt, bihuleproblem og migrene. Øyreakupunktur eksisterer både som separat behandling, og vert gitt som tilleggsbehandling/ i kombinasjon med andre behandlingar.

Naturvitskapen støttar ikkje ideen om at heile organismen er til stades, kan lesast av og manipulerast på éin stad i kroppen. Det ligg heler ikkje føre solid støtte til at øyreakupunktur fremjar dei sjølvheilande evnene til kroppen. Sjølv om det finst mange nervar i øyret, ligg det ikkje føre støtte til ideen om ein samanheng mellom akupunktur-stimulering av øyret og endring i kroppslege funksjonar.

Fleire av kjeldene fører til eksterne nettstader:

Søk den 11.06.2021 etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASEPubMed og Web of Science

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: