Miljømedisin

Miljømedisin er eit omgrep som vert nytta innafor både konvensjonell medisin og alternativ behandling. Det er eit samleomgrep og eit system som rommer bruk av fleire alternative behandlingsformer.
Image
Bilde av en pipette med blod under et mikroskop
Foto: Colourbox.com

I mars 2015 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om alternativ miljømedisin. Det betyr at det etter våre kriterier ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at slik miljømedisin som system verkar. For opplysingar om verknad og tryggleik for dei einskilde behandlingsmetodane som inngår i miljømedisin, må du sjå i kvar av faktaartiklane våre.

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av miljømedisin, men samstundes er det heller ikkje rapportert i kjeldene våre om alvorlege biverknadar.

Lækjarar som praktiserer miljømedisin, må også då halde seg til helsepersonellova (lenke til lovdata.no). Det inneber mellom anna at dei skal praktisere fagleg forsvarlig, og ikkje utsette pasientar for helserisiko. For nærare informasjon om tryggleiken for kvar enkelt metode som høyrer til miljømedisin, sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene under kapitlet 'Bakgrunn'.

Generelle tryggingsreglar

Miljømedisin er eit omgrep som vert nytta innafor både konvensjonell medisin og alternativ behandling. Det er eit samleomgrep og eit system som her rommer bruk av fleire alternative behandlingsformer.

Alternativ miljømedisin femnar diagnostisering, identifikasjon, førebyggjing og behandling av sjukdom som terapeutane meiner skuldast påverknad frå miljøet. Døme på slike påverknadar kan vere kjemiske, fysiske og biologiske eksponeringar og psykososiale tilhøve i mennesket sine omgjevnadar.

Alternative miljømedisinarar meiner at matvarer og ureining av vatn og luft i ein del tilfelle er årsak til ulike sjukdomar, og at dei kan slå fast dette med metodar som kinesiologieliminasjonsdiett (lenke til Store norske leksikon), dråpetesting under tunga, hårmineralanalyse eller en såkalla vegatest. Denne vert gjort med eit apparat som vert sagt å kunne måle elektrisk motstand og elektriske svingingar i kroppen. Resultata som terapeuten les av på apparatet, skal seie noko om ein er sjuk eller ikkje, samt kva slag sjukdom det er tale om.

Kva metode som alternative miljømedisinarar bestemmer seg for å nytte, er avhengig av kva dei meiner er årsak til helseplagane. Metodar dei ofte nyttar, er råd om endra kosthald og livsstil, miljømessige tilretteleggingar, ernæringsterapi og naturlækjemiddel. I Noreg er ein del utøvarar av alternativ miljømedisin lækjarar, og dei nyttar vanleg skulemedisin der dei meiner det høver.

Behandlinga vert nytta ved sjukdom og helseplager som mellom anna astma, eksem, migrene, hjartebank, revmatisme, leddsmerter søvnforstyrring, mage- og tarmlidelser, autisme og ADHD. Dette er ikkje det same som at behandlinga har vitskapleg dokumentert verknad, eller er trygg å bruke.

  • Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
  • Grandjean, Philippe (1988): Miljømedicin. FADL, København

Les meir

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: