Miljømedisin

Alternativmedisinsk miljømedisin vert også kalla «holistisk» miljømedisin. Det er eit behandlingssystem som går ut på å identifisere giftstoff (toksinar) i miljøet, eliminere dei, reinse pasienten og styrke toleransen mot slike påverknadar.
Bilete
Bilde av en pipette med blod under et mikroskop
Foto: Colourbox.com

Arbeids- og miljømedisin (på engelsk environmental medicine) er eit anerkjent fagområde innan skulemedisinen og helsevitskapen, der ein undersøker korleis fysiske miljøfaktorar som luft, jord og vatn påverkar helsa. 

Denne artikkelen handlar imidlertid om den alternativmedisinske, holistiske varianten av miljømedisin, som går lenger i kva som blir rekna som giftstoff (toksinar) og kva helseproblem dei kan gi. Målet i denne behandlinga er ifølge NOU 1998:21 å finne frem til miljøfaktorer som påvirker helsen, endre negative påvirkninger og å gjenopprette naturlig homeostase ved blant annet biologiske medisiner og bevisstgjøring i forhold til helsemessig negative miljøfaktorer.  

På engelsk blir denne varianten kalla Holistic Environmental Medicine. Likskapen i begrepsbruk kan gjere det vanskeleg å finne og forstå forsking på området.

Forkjemparar for holistisk miljømedisin meiner at ei lang rekkje ytre miljøfaktorar som luft, vatn, jord, mat og handelsvarer som klede, møblar, verktøy og reiskapar, medisinar, alkohol og tobakk med meir er forureina av kjemikaliar og ber med seg toksinar. Også skadeleg stråling frå verdsrommet, jordsmonnet og tekniske installasjonar blir her rekna som kjelder til toksinar.

Ifølgje læra samlar toksinar seg i kroppsfettet, og kan medføre alt frå allergilignande symptom til smerter, betennelsar, psykiske plager og mage-/tarmproblem. Slike plager vert innafor denne behandlinga kalla økologiske plager/ sjukdomar.  

Eitt og same toksin skal ifølge læra kunne gi ei rekke ulike symptom og økologiske plager hjå ulike pasientar: til dømes skal kveitemjøl gi migrene hjå nokre; betennelse i tjukktarmen hjå  andre; hyperaktivitet, søvnproblem, eksem, astma eller ei lang rekke andre plager hjå atter andre.

Behandlinga omfattar testing, diagnostisering og eliminering av toksinar, samt ulike måtar å behandle og førebyggje nye plager på. Metodane varierer frå samtale og medvitgjering, endringar av kosthaldet, livsstil og miljø (skjerming/fjerning), bruk av kosttilskot, urter, naturlegemiddel og detox.

Forskinga stadfester at visse miljøgifter kan føre til sjukdom og helseskade, men støttar ikkje alle påstandane i den holistiske miljømedisinen om giftstoff og kva desse kan medføre, eller kva symptom og sjukdom kjem av.

Kva forskinga seier om verknad av diettar/ kosthaldsprogram og urter, kosttilskot og naturmiddel som blir brukt terapeutisk i mellom anna holistisk miljømedisin, varierer.

Ved søk i januar 2025 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på holistisk miljømedisin som behandlingssystem.

Mange av testmetodane som blir brukt i den holistiske miljømedisinen manglar vitskapleg støtte for diagnose og for å måle sjukdomsutvikling.

Detox-behandling har ikkje støtte i helsevitenskapen for påstandane om å kunne påverke kroppen si utskiljing av avfallsstoff.

Placeboeffekten

Som med all anna behandling kan også den holistiske miljømedisinen ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.

Det finst ingen dokumentasjon på tryggleiken ved holistisk miljømedisin på systemnivå. Sjølv om alvorlege biverknader ikkje er rapporterte, kan risiko likevel oppstå – særleg dersom utøvaren manglar medisinsk kompetanse, feiltolkar eller overser symptom og slik bidreg til at nødvendig behandling blir forseinka.

Både store endringar i kosthald og bruk av kosttilskot, urter og naturlegemiddel kan gje biverknadar. Bruk av slike produkt samstundes med viktig medisin kan hemme effekten av denne, og forfalske medisinske prøveresultat.

Mange av testmetodane som blir nytta i holistisk miljømedisin blir ikkje rekna som eigna til å påvise sjukdom og behov for behandling, og nokre av diagnoseomgrepa i behandlinga har ikkje same tyding som dei har i skulemedisinen:

Til dømes er overfølsomheit ikkje det same som allergi – helsevesenet brukar velprøvde og aksepterte testmetodar for å sjå om du er allergisk eller ikkje. Overfølsomheit og intoleranse er vanskelegare å diagnostisere: Oftast kan ikkje årsaka stadfestast sikkert, så ein må utelukke alle andre sjukdommar som kan gje liknande symptom (eliminasjonsdiagnose). Nokre gonger er årsaka kjent, som til dømes enzymmangel som gir laktoseintoleranse.

 Mange av symptoma som holistisk miljømedisin knyter til forgifting frå miljøfaktorar er òg vanlege og kan ha fleire årsaker. Frykt for sjukdom, eller å bli fortalt at ein kan bli sjuk på grunn av ting i nærmiljøet, kan vere belastande og i seg sjølv føre til helseproblem.

Dersom du mistenker forgifting, bør du få det undersøkt av lege før du gjer store endringar i kosthald.

Vurderer du alternativ behandling?

Då bør du lese pasientrettleiinga vår, med generelle tryggleiksreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Ifølgje holistisk miljømedisin kan svært mange ytre faktorar gje overfølsomheit, sjukdom og helseskade gjennom forgifting. Dette gjeld både vanlege matvarer som mjølk, sukker, gjær, kaffe og sjokolade, og måten maten blir dyrka og bearbeidd på – til dømes sprøyting, gjødsling eller tilsetjing av kunstige stoff i dyrefôr og ferdigmat.

Ifølgje læra bak kan ein òg bli overfølsam, sjuk eller skadd av forureining i luft og vatn, stoff i jordsmonnet, stråling frå naturen eller frå tekniske installasjonar (mobilmaster, trådlause nett), tannfyllingar, metall og plast i kvardagsprodukt, hygieneartiklar og syntetiske materialar i klede og møblar.

Nokre terapeutar «desensibiliserer» pasientar ved gradvis eksponering for stoff dei reagerer på, for så å byggje toleranse. Diagnosar blir ofte stilte med metodar som kinesiologi eliminasjonsdiettar, hårmineralanalyse, cytotoksisk test, dråetesting under tunga, ACR-test, elektrisk test, Vegatesting eller andre alternativmedisinske diagnostiske metodar.

Behandlinga blir brukt mot mange plager, mellom anna allergilignande symptom, astma, hovudverk, tannverk, hjartebank, psykiske plager, leddsmerter, søvnproblem, mage- og tarmplager, autisme og ADHD.

Andre namn og nemningar:

Holistic/ integrative Environmental Medicine, Økologisk medisin

Søk i januar 2025 etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASEPubMed og Web of Science; og etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines.

Other websites from NAFKAM: