Nevralterapi

I nevralterapi set ein sprøyter med lokalbedøvande middel og saltvatn, på forskjellige stadar på kroppen.
Image
Bilde av sprøyte mot blå bakgrunn
Foto: Colourbox.com

Nevralterapi tyder ”behandling av nervesystemet”. Behandlinga er særleg retta mot smerter og ulike smertetilstandar. Til dette nyttar gir utøvarane pasientane injeksjonar av middel med lokalbedøvande verknad. Nokre gongar nyttar dei også fysiologisk saltvatn, for å auka eller minske spreiinga av bedøvingsmidlet i pasienten sin kropp.

Utøvarane meiner at mange sjukdomar og helseplager oppstår i nervesystemet, spesielt i det autonome nervesystemet. Nevralterapien freistar å påverke og  regulere livsprosessar som utøvaren meiner er knytt til desse nervefunksjonane. Slik forklarar dei nevralterapi som heilskapleg, ved at behandlinga famnar både høve som pasienten sjølv kan gjere noko med, og det som ikkje er viljestyrt. Nokre av dei forklarar også det autonome nervesystemet som "bindeleddet mellom kropp og sjel".

Injeksjonane vert sette anten direkte der pasienten seier hen har vondt; i det som utøvarane kallar "reflekssoner". Dei kan og sette injeksjonane  i andre punkt på kroppen, som vert kalla "forstyrrande felt" og forklart som korresponderande triggerpunkt. Andre utøvarar av nevralterapi vil sette injeksjonane i den tradisjonelle kinesiske medisinen sine akupunkturpunkt.  Dei forklarar soleis nevralterapi som ei form for akupunktur.

Smertelindrande verknad av bedøvingsmiddel er veldokumentert, ved at dei kan blokkere signaloverføringa i autonome nerver, temperatur- og smertefiber ei stund. Dei kan også betre blodsirkulasjonen ved å utvide blodårane. Ein veit og at slike medikament kan hemme depolarisering av celler i andre situasjonar, som til dømes ved epilepsi, nevropatiske smerter og hjerterytmeforstyrring.

Nevralterapeutane meiner at slike middel også "nullstiller" kroppen, og då gir han høve til å regulere seg sjølv. Det ligg ikkje føre solid vitskapleg støtte til denne oppfatninga, eller for at bedøvingsmiddel generelt kan ha verknad for dei mange sjukdomane og helseproblema forkjemparane meinar terapien har (Sjå kap. Bakgrunn).

Ved søk i mai 2021 fann vi èi oppsummering av forsking på nevralterapi i kjeldene våre. I denne gjennomgangen frå år 2000 fann Huntley og Ernst at nevralterapi kunne sjå ut til å ha ein viss, kortvarig verknad på fysiske symptom hjå personar med MS. Forfattarane peika likevel på at det trengs meir og betre forsking for å eventuelt kunne slå dette fast.

Placeboeffekten

Som med anna behandling, kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling

Ifylgje utøvarane kan ein oppleve milde og forbigåande bivirkningar som å bli svimmel, auka kroppstemperatur og sveitte, kjenslemessige reaksjonar, og blåmerke på stikkstaden. Personar med blodlevringsproblem, alvorlege nyreproblem, kreft samt autoimmune sjukdomar (lenke til Norsk helseinformatikk) skal ifylgje terapeutane ikkje bruke nevralterapi.

Ifylgje nokre av kjeldene rår utøvarane også til å prøve nevralterapi før ein eventuelt nyttar anna smertestillande eller operative inngrep. Forseinka medisinfagleg undersøkjing og behandling veit ein kan forverre helsetilstanden. Auka sveitte og kroppstemperatur veit ein kan skuldast helseproblem og -tilstandar som kan trenbge behandling.  

Bedøvingsmidlet Prokain (også kjend som Novokain/Novocaine) er ikkje godkjent i Noreg, og må søkjast om av lege på godkjenningsfritak. I slike høve har ikkje norske helsestyresmakter vurdert tryggleiken, kvaliteten og verknaden ved det. Legar som vil behandle pasientar med slike, tek på seg eit særleg ansvar.

Lidokain og fysiologisk saltvatn til injeksjon er båe reseptbelagde legemiddel. Ein har relativt god oversikt over risikobiletet for desse legemidla, som fevnar vanlege biverknadar og interaksjonar med vanlege medisinar, urter og kosttilskot.

Lokalbedøvande middel bør ikkje nyttast av personar som er allergiske mot slike middel; personar som brukar blodfortynnande eller sterke smertestillande legemiddel (til dømes morfin).

Personar  som manglar enzymet pseudokolinesterase (Pseudocholinesterase deficiency), eller som har systemisk lupus erythematosus (lenke til Norsk helseinformatikk) bør heller ikkje nytte nevralterapi. Legemiddelhandboka rår frå bruk av prokain og lidokain ved uregelmessig hjartertytme (ventrikkeltakykardi).

Ut over sjølve legemidla som vert brukt, vil tryggleiken ved nevralterapi også kvile mykje på terapeuten sin kompetanse og korleis hen vurderer pasienten sin totale helsesituasjon. Injeksjonar byr generelt på ulike former for helserisiko, både når det gjeld infeksjonsfare knytt til dei hygieniske høva under behandlinga, og skade som fylgje av feil under prosedyra.

Ved graviditet og amming

Verken Natural Medicines eller LactMed inneheldt på søketidspunktet informasjon om særskilt risiko av nevralterapi under graviditet eller amming. I slike høve rår Natural Medicines generelt frå å bruke behandlinga, inntil meir er kjent.

Vurderer du alternativ behandling? 

Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Nevralterapi er kjent brukt ved ulike typar smerte, men og ved problem som allergi og astma, betennelse og infeksjon, fibromyalgi, slitasjegikt, depresjon, sirkulasjonsproblem, problem med galleblæra, hovudverk, kvalme og svimle, hjarteproblem, hormonforstyrringar, leverproblem, menstruasjonsproblem, hudproblem, idrettsskadar og muskelskadar.

Terapien vart utvikla av den tyske legen Ferdinand Huneke på 1920-talet. Terapeutane er heilskapleg orienterte, og meiner at både fysiske og kjenslemessige traume kan gje langsiktige forstyrringar (interferens) i den energiske og elektrokjemiske funksjonen i huda og vevet. I tillegg skal arr eller endringar i nervebanane kunne skape slike langvarige forstyrringar. 

Vidare skal også stress, underernæring og det forkjemparane kallar pasienten sin medfødde kjenslemessige og fysiske "profil", kunne forstyrre energien og krinslaupet. Soner eller område på kroppen med slike forstyrringar skal ifylgje teorien kunne gi problem i andre område av kroppen. 

Huneke meinte at injeksjonane naturleg ville fylgje bestemte "kanalar" i kroppen. Nevralterapeutane har minst tre ulike forklaringar på kva disse “kanalane” er:

  • Ein teori meiner at behandlinga verkar via nervesystemet: Kronisk sjukdom kan føre til at nervefibrane og den elektriske leiingsevna vert svekka slik at nervesignala vert unormale. Teoretisk kan dette forstyrre hormonreguleringa og nervesystemet. Nevralterapi skal då motverke dette ved å korrigere.
  • Ein annen teori går ut på at behandlinga verkar via lymfesystemet: Injeksjon av bedøvingsmiddel i ein lymfeknute eller lymfeåre kan utvide desse, og ifylgje teorien gje meir rom og plass for at dei kan verke slik dei skal, og slik betre immunforsvaret.
  • Ein tredje teori hevder at behandlinga verkar via bindevevet: Etter fysiske traume kan det bygge seg opp arrvev kring bein, organ, blodkar, musklar og nerver. Ifylgje teorien kan dette føre til varige muskel-skjelett-problem kan oppstå, og at musklar og organ kan forskyvast. Injeksjonen skal kunne motverke og normalisere dette. Dette vert og kalla myofascial restriksjonsteori eller fascial kontinuitetsteori.

I dag nyttar behandlarane også det lokalbedøvande midlet lidokain samt fysiologisk saltvatn.

Før injeksjonen intervjuar utøvaren pasienten både om no-situasjonen og om tidlegare skade, sjukdom og medisinske problem. Utøvarane reknar dette som viktig informasjon, mellom anna for å avgjere kvar på kroppen injeksjonen skal setjast. Ifylgje behandlarane er det vanleg å gi ein testinjeksjon, for å slå fast at pasienten ikkje får nokon allergisk reaksjon på midlet. 

Hvis pasienten ikkje reagerar negativt på injeksjonen, held behandlaren fram med å setje sprøyter. Stadar der det er vanleg å setje sprøytene, er nervar, kjertlar, arr, musklar, muskelknutar/triggerpunkt, ledd samt den kinesiske medisinen sine akupunkturpunkt.

Ifylgje teorien har både styrken på plagene og kva slag plage det er tale om, betyding for kvar på kroppen og kor djupt (Rett under huda, eller djupare i musklar og ledd).

Ei behandling vert opplyst å vare mellom 15 og 30 minutt. Ifylgje behandlarane vil ein trenge frå 2-15 behandlingar, avhengig av kva slag helseproblem ein har og kor alvorleg terapeuten meiner det er. Behandlarane meiner og at det kan vere naudsynt med "oppfrisking" i form av ein ny runde med injeksjonar etter ei tid.

I 1925 prøvde Huneke å behandle migrene-pasientar med lokalbedøvande middel. Han meinte at dette påverka energiflyten i pasienten sin kropp, ikkje ulikt helseforståinga i tradisjonell kinesisk medisin. Han gjekk ut frå at all sjukdom skuldast blokkering av denne energiflyten, og meinte difor at injeksjonar med bedøvande middel kunne hjelpe ved ei rekkje helseproblem.

Andre namn og nemningar

Størfeltterapi, segmentterapi, Neural therapy, Huneke neural therapy.

I størfeltterapi leitar utøvaren etter såkalla størfelt eller forstyrra område på kroppen, som aktuelle stadar å behandle på. Ifylgje utøvarane kan slike felt ligge heilt andre stadar på kroppen enn der pasienten kjenner smerte.

segmentterapi set utøvaren vanlegvis injeksjonar i huda og nerver i eller kring det smertefulle området, i punkt som dei kallar triggerpunkt. Desse utøvarane forklarar smerte som konsekvensar av muskelknutar, og at injeksjon i desse løyser opp muskelknutane. 

Søk etter systematiske kunnskapsoppsummeringer i The Cochrane Library, EMBASE, PubMed, Web of Science og CAM-Cancer i mai 2021.

Søk i Natural Medicines og LactMed etter sikkerhetsinformasjon i mai 2021.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: