Nevralterapi

I nevralterapi set ein sprøyter med lokalbedøvande middel og saltvatn, på forskjellige stadar på kroppen.
Image
Bilde av sprøyte mot blå bakgrunn
Foto: Colourbox.com

Nevralterapi tyder ”behandling av nervesystemet”. Behandlinga er særleg retta mot smerter og ulike smertetilstandar. Til dette nyttar gir nevralterapeutane injeksjonar av middel med lokalbedøvande verknad. Nokre gongar nyttar dei også fysiologisk saltvatn, for å auka eller minske spreiinga av bedøvingsmidlet i pasienten sin kropp.

Ifylgje terapeutane finn ein grunnen til fleire sjukdomar og plager i nervesystemet, spesielt i det autonome nervesystemet. Behandlinga freistar å påverke og  regulere livsprosessar som terapeutane meiner er knytt til desse nervefunksjonane. Slik forklarar dei nevralterapi som heilskapleg, ved at behandlinga famnar både høve som pasienten sjølv kan gjere noko med, og det som ikkje er viljestyrt. Dei forklarar også det autonome nervesystemet som "bindeleddet mellom kropp og sjel".

Injeksjonane vert sette anten direkte der pasienten har vondt; i det som behandlarane kallar "reflekssoner". Eller, injeksjonane vert sette i andre punkt på kroppen, som vert kalla "forstyrrande felt" og forklart som korresponderande triggerpunkt. Andre utøvarar av nevralterapi meiner at injeksjonane skal setjast i akupunkturpunkta som ein finn i den tradisjonelle kinesiske medisinen. Dei forklarar soleis nevralterapi som ei form for akupunktur, der målet er å fjerne blokkeringar og å hjelpe kroppen å heile seg sjølv.

Dei bedøvande midla (prokain, novokain, lidokain) som vert nytta, er reseptbelagte middel som krev resept frå lege. Noko behandling med sprøyte krevjer at behandlaren har helsefagleg autorisasjon.

Smertelindrande verknad av bedøvingsmiddel er veldokumentert, ved at dei blokkerer signaloverføringa i autonome nerver, temperatur- og smertefiber ei stund. Dei betrar også blodsirkulasjonen ved at dei utvider blodårane.Ein veit og at slike medikament hemmar depolarisering av celler i andre situasjonar, som til dømes ved epilepsi, nevropatiske smerter og hjerterytmeforstyrring.

Nevralterapeutane meiner at dette og "nullstiller" kroppen, og gir han høve til å regulere seg sjølv. Det ligg ikkje føre solid vitskapleg støtte til denne oppfatninga. 

Ved søk i mai 2021 fann vi èi oppsummering av forsking på nevralterapi i kjeldene våre. I denne gjennomgangen frå år 2000 fann Huntley og Ernst at nevralterapi kunne sjå ut til å ha ein viss, kortvarig verknad på fysiske symptom hjå personar med MS. Forfattarane peika likevel på at det trengs meir og betre forsking for å eventuelt kunne slå dette fast.

Natural Medicines reknar dokumentasjonen om tryggleiken som ikkje tilstrekkeleg, og rår difor alle til varsemd.

Bedøvingsmidlet Prokain (Novokain/Novocaine) er ikkje godkjent i Noreg, og må søkjast om av lege på godkjenningsfritak. Lidokain og fysiologisk saltvatn til injeksjon er båe reseptbelagde lækjemiddel. 

Ein har relativt god oversikt over risikobiletet for desse legemidla, som fevnar vanlege biverknadar og interaksjonar med andre legemiddel, samt med visse urter og kosttilskot (til dømes produkt som er basert på revebjelle (digitalis).

Lokalbedøvande middel bør ikkje nyttast av personar som er allergiske mot slike middel; personar som brukar blodfortynnande eller sterke smertestillande legemiddel (til dømes morfin).

Personar  som manglar enzymet pseudokolinesterase (Pseudocholinesterase deficiency), eller som har systemisk lupus erythematosus (lenke til Norsk helseinformatikk) bør heller ikkje nytte nevralterapi. Legemiddelhandboka rår frå bruk av prokain og lidokain ved uregelmessig hjartertytme (ventrikkeltakykardi).

Tryggleiken ved nevralterapi vil kvile mykje på terapeuten sin kompetanse og korleis han/ho vurderer pasienten sin totale helsesituasjon. Injeksjonar byr generelt på ein viss helserisiko, både når det gjeld hygieniske høve, sjølve midlet som vert brukt, og feil under prosedyra.

Ifylgje nokre av kjeldene rår nokre nevralterapeutar til å prøve nevralterapi før ein eventuelt nyttar anna smertestillande eller operative inngrep. Dette kan forverre helsetilstanden.

Auka sveitte og kroppstemperatur, samt uventa kjenslemessige (emosjonelle) reaksjonar vert knytt til behandlinga. Ifylgje utøvarar av nevralterapi kan ein og verte svimmel og få blåmerke ved injeksjonsstaden. Terapeutane rår personar med blodlevringsproblem, alvorlege nyreproblem, kreft samt autoimmune sjukdomar (lenke til Norsk helseinformatikk) om å unngå å bruke nevralterapi.

Ved graviditet og amming

Natural Medicines rår kvinner som er gravide eller ammar, om å vere på den sikre sida og unngå nevralterapi; både for sin eigen tryggleik og for fosteret/babyen.

Generelle tryggingsreglar

Nevralterapi er kjent brukt ved ulike typar smerte, men og ved allergi og astma, betennelse og infeksjon, fibromyalgi, slitasjegikt, depresjon, sirkulasjonsproblem, problem med galleblæra, hovudverk, kvalme og svimle, hjarteproblem, hormonforstyrringar, leverproblem, menstruasjonsproblem, hudproblem, idrettsskadar og muskelskadar.

Terapien vart utvikla av den tyske lækjaren Ferdinand Huneke på 1920-talet. Terapeutane er heilskapleg orienterte, og meiner at både fysiske og kjenslemessige traume kan gje langsiktige forstyrringar (interferens) i den energiske og elektrokjemiske funksjonen i vevet. I tillegg kan arr eller endringar i nervebanane og skape slike langvarige forstyrringar. Vidare skal også stress, underernæring og pasienten sin medfødde kjenslemessige og fysiske "profil" og kunne forstyrre energien og krinslaupet. Soner eller område på kroppen med slike forstyrringar skal ifylgje teorien kunne gi problem i andre område av kroppen. 

Huneke meinte at injeksjonane naturleg ville fylgje bestemte "kanalar" i kroppen. Nevralterapeutane har minst tre ulike forklaringar på kva disse “kanalane” er:

  • Ein teori meiner at behandlinga verkar via nervesystemet: Kronisk sjukdom kan føre til at nervefibrane og den elektriske leiingsevna vert svekka slik at nervesignala vert unormale. Teoretisk kan dette forstyrre hormonreguleringa og nervesystemet. Nevralterapi skal då  motverke dette ved å korrigere. 
  • Ein annen teori går ut på at behandlinga verkar via lymfesystemet: Injeksjon av bedøvingsmiddel i ein lymfeknute eller lymfeåre kan utvide desse, og ifylgje teorien gje meir rom og plass for at dei kan verke slik dei skal, og slik betre immunforsvaret.
  • Ein tredje teori hevder at behandlinga verkar via bindevevet: Etter fysiske traume kan det bygge seg opp arrvev kring bein, organ, blodkar, musklar og nerver. Ifylgje teorien kan dette føre til varige muskel-skjelett-problem kan oppstå, og at musklar og organ kan forskyvast. Injeksjonen skal kunne motverke og normalisere dette. Dette vert og kalla myofascial restriksjonsteori eller fascial kontinuitetsteori.

I dag nyttar behandlarane også det lokalbedøvande midlet lidokain samt fysiologisk saltvatn.

Før injeksjonen intervjuar behandlaren pasienten både om no-situasjonen og tidlegare skade, sjukdom og medisinske problem. Behandlarane reknar dette som viktig informasjon, mellom anna for å avgjere kvar på kroppen injeksjonen skal setjast. Ifylgje behandlarane er det vanleg å gi ein testinjeksjon, for å slå fast at pasienten ikkje får nokon allergisk reaksjon på midlet. 

Hvis klienten ikkje reagerar negativt på injeksjonen, held behandlaren fram med å setje sprøyter. Stadar der det er vanleg å setje sprøytene, er nervar, kjertlar, arr, musklar, muskelknutar/triggerpunkt, ledd samt den kinesiske medisinen sine akupunkturpunkt.

Ifylgje teorien har både styrken på plagene og kva slag plage det er tale om, betyding for kvar på kroppen og kor djupt (Rett under huda, eller djupare i musklar og ledd).

Ei behandling vert opplyst å vare mellom 15 og 30 minutt. Ifylgje behandlarane vil ein trenge frå 2-15 behandlingar, avhengig av kva slag helseproblem ein har og kor alvorleg terapeuten meiner det er. Behandlarane meiner og at det kan vere naudsynt med "oppfrisking" i form av ein ny runde med injeksjonar etter ei tid.

I 1925 prøvde Huneke å behandle migrene-pasientar med lokalbedøvande middel. Han meinte at dette påverka energiflyten i pasienten sin kropp, ikkje ulikt helseforståinga i tradisjonell kinesisk medisin. Han gjekk ut frå at all sjukdom skuldast blokkering av denne energiflyten, og meinte difor at injeksjonar med bedøvande middel kunne hjelpe ved ei rekkje helseproblem.

Andre namn og nemningar

Størfeltterapi, segmentterapi, neural therapy, Huneke neural therapy.

I størfeltterapi freistar behandlaren å finne og behandle såkalla størfelt eller forstyrra område på kroppen. Ifylgje utøvarane kan slike felt ligge heilt andre stadar på kroppen enn der pasienten kjenner smerte.

segmentterapi set behandlaren vanlegvis injeksjonar i huda og nerver i eller kring det smertefulle området, som dei kallar triggerpunkt. Desse utøvarane forklarar smerte som konsekvensar av muskelknutar, og at injeksjon i desse løyser opp muskelknutane. 

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: