Yoga

Yoga er ein del av det indiske behandlingssystemet Ayurveda. Yoga er sett saman av fysiske treningsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikkar. Denne artikkelen handlar om yoga når det vert brukt for helserelaterte føremål.
Image
Hvit kvinne i sittende ryggvri, med hvit sportsbh og rød shorts. Foto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Yoga vert nytta både som ei form for trening, for auka velvêre og til førebyggjing og behandling av konkrete helseproblem. Skiljet mellom desse føremåla er uskarpt.

Som helsebehandling kviler yoga på austleg filosofi og helseforståing, der ein reknar pust og mental kontroll til å kunne både førebyggje og behandle mange helseproblem.

Ifylgje yogalæra seier pusten din noko om både sinnstilstanden og helsetilstanden. Ein yoga-instruktør kan difor meine å forstå kva som feiler deg ved å analysere inn- og utpusten din, og foreslå yoga-øvingar spesielt tilpassa deg og helsetilstanden din. Ifylgje læra kan spesielle yoga-øvingar bryte ned uheldige pustemønster og fjerne mentale sperringar.

Ifylgje yoga-læra meiner ein også at sjukdom oppstår dersom kroppen sitt indre er i ubalanse med dei ytre omgjevnadane. For å kome attende i balanse, må ein ifylgje læra fyrst trene opp sin eigen sensitivitet til å sjølv kunne merke det når kroppen er i slik ubalanse. 

Ved å gjere yoga, skal ein kunne oppnå slik sensitivitet og kontroll over tilsynelatande umedvitne indre funksjonar i kroppen: Dei forskjellige yoga-stillingane skal ifylgje teorien gjere deg meir medveten om kroppen og sinnet sine reaksjonar på daglegdagse situasjonar, ikkje berre under sjølve øvinga, men også resten av tida du er vaken.

På denne måten forklarar yoga-læra at yoga-øvingane roar sinnet, fjerner bekymringar og gir deg auka positiv tankegang og energi. Ifylgje læra skal dette og gjere at du sjølv kan  gjere deg frisk frå sjukdom og plager; at øvingane ”masserer” dei indre organa dine, styrkjer nervane og musklane, og gjev deg auka rørsle i ledda.

Ein veit at å gjere fysiske øvingar kan gje auka smidigheit, sterkare musklar og betre blodsirkulasjon, og at dette kan dempe symptom som angst, depresjon, stress og smertar. Kontrollert pust og konsentrasjon kan vere ein god måte å reagere på dersom ein lett får tunge tankar eller vonde kjensler. Det å øve på fysiske rørsler og mentale reaksjonar, kan bidra til at visse responsar vert automatiske, men det er lite dokumentasjon som talar for dette for kvar einskilde yoga-stilling. 

Det er opp gjennom gjort mange studiar på medisinske verknadar av yoga, ved mange helseproblem. Her er ei oversikt over kva kjeldene våre har av oppsummert forsking på ulike bruksområde av yoga i november 2020: 

Yoga ser ut til å kunne ha positiv verknad på mild til moderat depresjon, ryggsmerter, pustevanskar hjå astmapasientar, glukose- og kolesterolnivå hjå pasientar med diabetes, høgt blodtrykk, plager knytt til overgangsalderen (varmetokter, søvnvanskar), i svangerskap, mot for tidleg fødsel og mot smerter under fødselen, mot stress og uro generelt, og på lungefunksjonen hjå pasientar med tuberkulose.

Oppsummert syner forskinga på yoga for å betre rørsleevna hjå MS-pasientar, ikkje ut for at det har nokon verknad.

Det er og gjort forsking på yoga brukt ved ei rekkje andre område, men her blir studiane vurdert til å vere utilstrekkelege til å kunne seie noko om det verkar eller ikkje verkar, fordi resultata sprikar mykje, og/ eller ein har funne metodiske feil og manglar som gjer studiane upålitelege. Dette gjeld forskinga som er gjort på yoga ved fylgjande:

  • Kognitive problem: For auka merksemd, konsentrasjon og prestasjonar hjå psykisk utviklingshemma born og hjå born med ADHD, for å betre hukommelsen og tempoet generelt, mot prestasjonsangst og sceneskrekk hjå musikarar. 
  • Søvnproblem: for å lettare sovne hjå pasientar med konstatert insomnia, mot trøytte (fatigue) hjå brystkreftpasientar, CFS/ ME-pasientar og hjå KOLS-pasientar.
  • Puste- og luftvegsplager: mot lavt oksygenopptak og mot "høgdesjuke" hjå fjellklatrarar , mot åndenød (dyspne) ved bronkitt, og for auka lungekapasitet hjå KOLS-pasientar.
  • Hjarte-kar-sjukdom: for generell førebyggjing av slik sjukdom, mot lågt blodtrykk og mot nye hjartesvikt.
  • For auka livskvalitet/ velvere og å redusere mentale/ psyskiske plagar: mot schizofreni og panikkangst-anfall, for auka velvere og humør hjå pasientar med HIV/ AIDS, med metabolsk syndrom, med tvangslidingar (OCD), med spiseforstyrringar og med kronisk betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt), og hjå born med sosiale tilpassingsvanskar.
  • Smerter: mot nevropatiske smertar, styrken på tinnitus og på spennings-hovudverk, antall og styrke på migrene-anfall, mot muskelsmerter hjå pasientar med fibromyalgi, mot smerter ved nyresvikt og dialyse, magesmertar ved irritabel-tarm.syndrom (IBS), smerter ved karpal-tunnel-syndrom, smerter og rørsle hjå pasientar med leddgikt (revmatoid artritt) og hjå pasientar med slitasjegikt (artrose).
  • Andre område: ved avvenning frå alkoholisme og andre rusmiddel, for å betre prestasjonar hjå idrettsutøvarar, mot kvalme og oppkast hjå pasientar som får cellegift, for å redusere styrken på anfall hjå epilepsi-pasientar, mot for tidlig sædutløysing.

Det er ikkje rapportert om alvorlege biverknadar ved bruk av yoga som behandling av helseproblem. Ut over sjansen for milde og forbigåande biverknadar som er rapporterte for manuelle/ fysikalske terapiar generelt, reknar ein yoga for å vere trygt for normalt friske.

Visse grupper bør likevel vere varsame:

  • Gravide bør berre gjere yoga som er tilpassa gravide. Årsaka er at dei må unngå høgt blodtrykk, å overbelaste livmora eller utsetje seg for vridingar i underlivet.
  • Den som nyleg er operert i buken, bør vere varsam med både tøying i mageregionen og med kraftige pusteøvingar (slik ein mellom anna finn i yogavarianten Kapalabhati pranayama).
  • Som med andre fysiske treningsprogram, er det viktig å varme godt opp musklar og ledd før ein gjennomfører krevjande yoga-øvingar. Let ein dette vere, kan ein få strekkskadar.

Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå, dersom ein brukar yoga som behandling i staden for naudsynt og verksam behandling.

Generelle tryggingsreglar

Yoga er ein gamal indisk praksis, og ein meiner å kunne spore yogaen attende til Indu-sivilisasjonen frå 3000 til 1700 år f.Kr. Teksten Yogasutra vert rekna som grunnlaget for tankesystemet yoga. Dette byggjer på ein filosofi om kva som er sann lukke, og inneber ein idé om at dersom du ikkje styrer og kontrollerer sansane dine, fører det til uro, trong og attrå. Då vil du bli fanga i førestillingar som endar med lidingar, smerte og sorg - og når du døyr, vil du bli fødd på nytt (samsara).

Yoga vert i dette presentert som ein måte å unngå attføding på. Opphavleg var målet altså religiøs vekst, der ein gjennom yoga-øvingar skulle oppnå djup konsentrasjon, erkjenning og frelse frå å verte fødd på nytt. Ideen om attfødings-prosessen og målet om å sleppe dette (nirvana) er dominerande i fleire religionar, såsom hinduismen, buddhismen, sikhismen og jainismen.

For å ta styringa over ditt eige mentale og fysiske liv må du ifylgje læra øve opp konsentrasjonen og ha mykje fokus på andedraget. Trongen etter  opplevingar, spenning og nyting skal då forsvinne. Å vere fri frå alle slag forstyrringar vert kalla ”den høgste tilstand”, og slik kontroll over sansane er det som vert kalla yoga.

Etter kvart blei yoga knytt til hinduismen. Fram til 1920–talet var yoga ei nærast hemmeleg lære, kun meint for indiske munkar. Etter dette vart yoga spreidd til heile det indiske folket. Fleire av dei sentrale i dette arbeidet hadde lækjarutdanning, og i spreiinga la ein vekt på yoga som både helsefremjande og førebyggjande ved både psykisk og fysisk sjukdom.

Sjølve ordet ”yoga” er sanskrit og tyder heilskap, i tydinga ”sameining” av kropp, sinn og pust. Yoga famnar såleis ulike teknikkar for kroppsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikk, samtr reglar og etikk for atferd og reinsing. Som terapi høyrer yoga til i det austlege medisinske systemet ayurveda, som legg vekt på mental kontroll over kroppen og helsa.

Yoga vert brukt både som treningsform og som målretta  behandling ved ei rekkje lidingar og tilstandar. Blant slike finn ein migrene, ryggsmertar, overvekt, rusavvenning, klimakterieplagar, whiplash (nakkeslengskadar), diabetes, premenstruelle spenningar, andre menstruasjonsplagar, søvnløyse, angst, leddbetennelse eller revmatisme, nerve- og muskelsjukdom, høgt blodtrykk, astma, bronkitt og andre luftvegsplagar, hemoroider og hjartesjukdom. 

Då interessa for austleg kultur, filosofi og tradisjonar byrja å vekse i vesten for nokre tiår sidan, kom også yogaen vestover. Ifylgje ein kronikk av professor Knut A.Jacobsen ved UiB vart det både debatt og kritikk av yoga då det kom til Noreg på 1970-talet: Den norske kyrkja og kristenfolk sette seg sterkt imot yoga, og åtvara mot bruk. Dette var truleg både på grunn av dei religiøse elementa om attføding og korleis ein kunne bli frelst frå dette. Desse var ikkje i samsvar med den kristne læra og trua om liv etter døden.

Sjølv om yoga-læra inneheld ei tydeleg helseforståing og helserelaterte mål om kva medviten kontroll over tankar og pusten vil gje, er nok yoga mest praktisert i vesten som ei form for trening, til fysisk opptrening og vedlikehald, å auke velveret og til å kvitte seg med stress.

Grunnsystemet i yoga består av åtte fasar som ein skal prøve å komme igjennom. Dei fyrste fem handlar om det yogaen kallar den ”ytre fasen”, og rettar seg mot kroppen og hjernen. Dei tre siste handlar om den ”indre fasen”, og tek sikte på å omskape sinnet. Det er knytt ulike funksjonar og mål til kvar fase:

Sentralt i yogalæra står ideen om prana, som skal vere sjølve livskrafta. Ifylgje læra strøymer ho gjennom menneskekroppen i 72.000 spesifikke årer, kalla nadiar. Denne ideen er ikkje ulik ideane frå tradisjonell kinesisk medisin om livsenergien qi og meridianane som qi seiest å strøyme gjennom. Desse er ikkje stadfesta av vitskapen.

Ifylgje yogalæra kan du utvikle og endre prana og nadiane dine gjennom pusteøvingar, og nytte dei som ei lækjande kraft ved sjukdom. Yogalæra femner og ei rekkje mindre, lokale ”energi-senter” i kroppen, og ulike energiar som vert knytt til spesifikke organ som dei seiest å verke på. Felles for desse er at ein gjennom å gjere yoga, skal kunne kome i kontakt med desse energi-sentra, og lære seg å kontrollere desse gjennom spesifikke øvingar, og nytte desse til å behalde eller kome tilbake i ein god helsetilstand. Desse elementa er og tilstade som grunnlaget for yoga som trening. 

Yoga baserar seg på at det finst eitt godt og fleire dårlege høve mellom mellom inn- og utpust. Dårlege høve mellom desse, vil ifylgje læra føre til redusert livskraft (prana) og dermed dårleg helse. Ved hjelp av kroppen og pusten skal ein kunne oppnå betre jamvekt og mental styrkje. Vidare seier læra at kroppen er bygd opp av fleire lag, der det ytste laget vert kalla "den fysiske kroppen". Dei neste laga vert kalla "energikroppen", "den mentale kroppen", og det inste vert kalla "den lukkelege kroppen".

Ifylgje læra livnærar eit kroppslag seg av energi frå laget som ligg under det. Dersom du ikkje syter for å stadig byggje opp det inste laget, vil energien din ifylgje læra bli ”oppbrukt”. Dersom dette skjer, seier læra at det oppstår disharmoni og sjukdom. Denne forståinga av helse og sjukdom er ikkje støtta av vitskapen. 

Det finst mange variantar av yoga, og dei har fått ulikt fotfeste kring om. I vesten vert det ofte tilbydd opplæringskurs, med spesifikke felles yogaklassar som trim og trening ved treningssenter og på eigne yoga-skular.

Variantar/ andre namn

Asana, ashtanga, bhakti, bikram, gravid-yoga, hathayoga, iyengar, jinana, ivamukti, kundalini, kripalu, latteryoga, medisinsk yoga, mysore, polaritetsyoga, poweryoga, raja, Sahaj Yoga, sivananda, Sudarshana Kriya Yoga, Surya Namaskara, tantrisk yoga, Tibetansk Yoga, vinyasa, yin yoga, yogaterapi

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

Søk i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer (november 2020)

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: