Yoga vert nytta både som ei form for trening, for auka velvêre og til førebyggjing og behandling av konkrete helseproblem. Skiljet mellom desse føremåla er uskarpt.
Som helsebehandling kviler yoga på austleg filosofi og helseforståing, der ein reknar pust og mental kontroll til å kunne både førebyggje og behandle mange helseproblem.
Ifylgje yogalæra seier pusten din noko om både sinnstilstanden og helsetilstanden. Ein yoga-instruktør kan difor meine å forstå kva som feiler deg ved å analysere inn- og utpusten din, og foreslå yoga-øvingar spesielt tilpassa deg og helsetilstanden din. Ifylgje læra kan spesielle yoga-øvingar bryte ned uheldige pustemønster og fjerne mentale sperringar.
Ifylgje yoga-læra meiner ein også at sjukdom oppstår dersom kroppen sitt indre er i ubalanse med dei ytre omgjevnadane. For å kome attende i balanse, må ein ifylgje læra fyrst trene opp sin eigen sensitivitet til å sjølv kunne merke det når kroppen er i slik ubalanse.
Ved å gjere yoga, skal ein kunne oppnå slik sensitivitet og kontroll over tilsynelatande umedvitne indre funksjonar i kroppen: Dei forskjellige yoga-stillingane skal ifylgje teorien gjere deg meir medveten om kroppen og sinnet sine reaksjonar på daglegdagse situasjonar, ikkje berre under sjølve øvinga, men også resten av tida du er vaken.
På denne måten forklarar yoga-læra at yoga-øvingane roar sinnet, fjerner bekymringar og gir deg auka positiv tankegang og energi. Ifylgje læra skal dette og gjere at du sjølv kan gjere deg frisk frå sjukdom og plager; at øvingane ”masserer” dei indre organa dine, styrkjer nervane og musklane, og gjev deg auka rørsle i ledda.
Ein veit at å gjere fysiske øvingar kan gje auka smidigheit, sterkare musklar og betre blodsirkulasjon, og at dette kan dempe symptom som angst, depresjon, stress og smertar. Kontrollert pust og konsentrasjon kan vere ein god måte å reagere på dersom ein lett får tunge tankar eller vonde kjensler. Det å øve på fysiske rørsler og mentale reaksjonar, kan bidra til at visse responsar vert automatiske, men det er lite dokumentasjon som talar for dette for kvar einskilde yoga-stilling.
Det er opp gjennom gjort mange studiar på medisinske verknadar av yoga, ved mange helseproblem. Her er ei oversikt over kva kjeldene våre har av oppsummert forsking på ulike bruksområde av yoga i november 2020:
Yoga ser ut til å kunne ha positiv verknad på mild til moderat depresjon, ryggsmerter, pustevanskar hjå astmapasientar, glukose- og kolesterolnivå hjå pasientar med diabetes, høgt blodtrykk, plager knytt til overgangsalderen (varmetokter, søvnvanskar), i svangerskap, mot for tidleg fødsel og mot smerter under fødselen, mot stress og uro generelt, og på lungefunksjonen hjå pasientar med tuberkulose.
Oppsummert syner forskinga på yoga for å betre rørsleevna hjå MS-pasientar, ikkje ut for at det har nokon verknad.
Det er og gjort forsking på yoga brukt ved ei rekkje andre område, men her blir studiane vurdert til å vere utilstrekkelege til å kunne seie noko om det verkar eller ikkje verkar, fordi resultata sprikar mykje, og/ eller ein har funne metodiske feil og manglar som gjer studiane upålitelege. Dette gjeld forskinga som er gjort på yoga ved fylgjande:
- Kognitive problem: For auka merksemd, konsentrasjon og prestasjonar hjå psykisk utviklingshemma born og hjå born med ADHD, for å betre hukommelsen og tempoet generelt, mot prestasjonsangst og sceneskrekk hjå musikarar.
- Søvnproblem: for å lettare sovne hjå pasientar med konstatert insomnia, mot trøytte (fatigue) hjå brystkreftpasientar, CFS/ ME-pasientar og hjå KOLS-pasientar.
- Puste- og luftvegsplager: mot lavt oksygenopptak og mot "høgdesjuke" hjå fjellklatrarar , mot åndenød (dyspne) ved bronkitt, og for auka lungekapasitet hjå KOLS-pasientar.
- Hjarte-kar-sjukdom: for generell førebyggjing av slik sjukdom, mot lågt blodtrykk og mot nye hjartesvikt.
- For auka livskvalitet/ velvere og å redusere mentale/ psyskiske plagar: mot schizofreni og panikkangst-anfall, for auka velvere og humør hjå pasientar med HIV/ AIDS, med metabolsk syndrom, med tvangslidingar (OCD), med spiseforstyrringar og med kronisk betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt), og hjå born med sosiale tilpassingsvanskar.
- Smerter: mot nevropatiske smertar, styrken på tinnitus og på spennings-hovudverk, antall og styrke på migrene-anfall, mot muskelsmerter hjå pasientar med fibromyalgi, mot smerter ved nyresvikt og dialyse, magesmertar ved irritabel-tarm.syndrom (IBS), smerter ved karpal-tunnel-syndrom, smerter og rørsle hjå pasientar med leddgikt (revmatoid artritt) og hjå pasientar med slitasjegikt (artrose).
- Andre område: ved avvenning frå alkoholisme og andre rusmiddel, for å betre prestasjonar hjå idrettsutøvarar, mot kvalme og oppkast hjå pasientar som får cellegift, for å redusere styrken på anfall hjå epilepsi-pasientar, mot for tidlig sædutløysing.
Det er ikkje rapportert om alvorlege biverknadar ved bruk av yoga som behandling av helseproblem. Ut over sjansen for milde og forbigåande biverknadar som er rapporterte for manuelle/ fysikalske terapiar generelt, reknar ein yoga for å vere trygt for normalt friske.
Visse grupper bør likevel vere varsame:
- Gravide bør berre gjere yoga som er tilpassa gravide. Årsaka er at dei må unngå høgt blodtrykk, å overbelaste livmora eller utsetje seg for vridingar i underlivet.
- Den som nyleg er operert i buken, bør vere varsam med både tøying i mageregionen og med kraftige pusteøvingar (slik ein mellom anna finn i yogavarianten Kapalabhati pranayama).
- Som med andre fysiske treningsprogram, er det viktig å varme godt opp musklar og ledd før ein gjennomfører krevjande yoga-øvingar. Let ein dette vere, kan ein få strekkskadar.
Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå, dersom ein brukar yoga som behandling i staden for naudsynt og verksam behandling.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
- Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar.
- Sjekk om din behandlar står i Registeret for utøvere av alternativ behandling i Brønnøysundregistrene.
Yoga er ein gamal indisk praksis, og ein meiner å kunne spore yogaen attende til Indu-sivilisasjonen frå 3000 til 1700 år f.Kr. Teksten Yogasutra vert rekna som grunnlaget for tankesystemet yoga. Dette byggjer på ein filosofi om kva som er sann lukke, og inneber ein idé om at dersom du ikkje styrer og kontrollerer sansane dine, fører det til uro, trong og attrå. Då vil du bli fanga i førestillingar som endar med lidingar, smerte og sorg - og når du døyr, vil du bli fødd på nytt (samsara).
Yoga vert i dette presentert som ein måte å unngå attføding på. Opphavleg var målet altså religiøs vekst, der ein gjennom yoga-øvingar skulle oppnå djup konsentrasjon, erkjenning og frelse frå å verte fødd på nytt. Ideen om attfødings-prosessen og målet om å sleppe dette (nirvana) er dominerande i fleire religionar, såsom hinduismen, buddhismen, sikhismen og jainismen.
For å ta styringa over ditt eige mentale og fysiske liv må du ifylgje læra øve opp konsentrasjonen og ha mykje fokus på andedraget. Trongen etter opplevingar, spenning og nyting skal då forsvinne. Å vere fri frå alle slag forstyrringar vert kalla ”den høgste tilstand”, og slik kontroll over sansane er det som vert kalla yoga.
Etter kvart blei yoga knytt til hinduismen. Fram til 1920–talet var yoga ei nærast hemmeleg lære, kun meint for indiske munkar. Etter dette vart yoga spreidd til heile det indiske folket. Fleire av dei sentrale i dette arbeidet hadde lækjarutdanning, og i spreiinga la ein vekt på yoga som både helsefremjande og førebyggjande ved både psykisk og fysisk sjukdom.
Sjølve ordet ”yoga” er sanskrit og tyder heilskap, i tydinga ”sameining” av kropp, sinn og pust. Yoga famnar såleis ulike teknikkar for kroppsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikk, samtr reglar og etikk for atferd og reinsing. Som terapi høyrer yoga til i det austlege medisinske systemet ayurveda, som legg vekt på mental kontroll over kroppen og helsa.
Yoga vert brukt både som treningsform og som målretta behandling ved ei rekkje lidingar og tilstandar. Blant slike finn ein migrene, ryggsmertar, overvekt, rusavvenning, klimakterieplagar, whiplash (nakkeslengskadar), diabetes, premenstruelle spenningar, andre menstruasjonsplagar, søvnløyse, angst, leddbetennelse eller revmatisme, nerve- og muskelsjukdom, høgt blodtrykk, astma, bronkitt og andre luftvegsplagar, hemoroider og hjartesjukdom.
Då interessa for austleg kultur, filosofi og tradisjonar byrja å vekse i vesten for nokre tiår sidan, kom også yogaen vestover. Ifylgje ein kronikk av professor Knut A.Jacobsen ved UiB vart det både debatt og kritikk av yoga då det kom til Noreg på 1970-talet: Den norske kyrkja og kristenfolk sette seg sterkt imot yoga, og åtvara mot bruk. Dette var truleg både på grunn av dei religiøse elementa om attføding og korleis ein kunne bli frelst frå dette. Desse var ikkje i samsvar med den kristne læra og trua om liv etter døden.
Sjølv om yoga-læra inneheld ei tydeleg helseforståing og helserelaterte mål om kva medviten kontroll over tankar og pusten vil gje, er nok yoga mest praktisert i vesten som ei form for trening, til fysisk opptrening og vedlikehald, å auke velveret og til å kvitte seg med stress.
Grunnsystemet i yoga består av åtte fasar som ein skal prøve å komme igjennom. Dei fyrste fem handlar om det yogaen kallar den ”ytre fasen”, og rettar seg mot kroppen og hjernen. Dei tre siste handlar om den ”indre fasen”, og tek sikte på å omskape sinnet. Det er knytt ulike funksjonar og mål til kvar fase:
Sentralt i yogalæra står ideen om prana, som skal vere sjølve livskrafta. Ifylgje læra strøymer ho gjennom menneskekroppen i 72.000 spesifikke årer, kalla nadiar. Denne ideen er ikkje ulik ideane frå tradisjonell kinesisk medisin om livsenergien qi og meridianane som qi seiest å strøyme gjennom. Desse er ikkje stadfesta av vitskapen.
Ifylgje yogalæra kan du utvikle og endre prana og nadiane dine gjennom pusteøvingar, og nytte dei som ei lækjande kraft ved sjukdom. Yogalæra femner og ei rekkje mindre, lokale ”energi-senter” i kroppen, og ulike energiar som vert knytt til spesifikke organ som dei seiest å verke på. Felles for desse er at ein gjennom å gjere yoga, skal kunne kome i kontakt med desse energi-sentra, og lære seg å kontrollere desse gjennom spesifikke øvingar, og nytte desse til å behalde eller kome tilbake i ein god helsetilstand. Desse elementa er og tilstade som grunnlaget for yoga som trening.
Yoga baserar seg på at det finst eitt godt og fleire dårlege høve mellom mellom inn- og utpust. Dårlege høve mellom desse, vil ifylgje læra føre til redusert livskraft (prana) og dermed dårleg helse. Ved hjelp av kroppen og pusten skal ein kunne oppnå betre jamvekt og mental styrkje. Vidare seier læra at kroppen er bygd opp av fleire lag, der det ytste laget vert kalla "den fysiske kroppen". Dei neste laga vert kalla "energikroppen", "den mentale kroppen", og det inste vert kalla "den lukkelege kroppen".
Ifylgje læra livnærar eit kroppslag seg av energi frå laget som ligg under det. Dersom du ikkje syter for å stadig byggje opp det inste laget, vil energien din ifylgje læra bli ”oppbrukt”. Dersom dette skjer, seier læra at det oppstår disharmoni og sjukdom. Denne forståinga av helse og sjukdom er ikkje støtta av vitskapen.
Det finst mange variantar av yoga, og dei har fått ulikt fotfeste kring om. I vesten vert det ofte tilbydd opplæringskurs, med spesifikke felles yogaklassar som trim og trening ved treningssenter og på eigne yoga-skular.
Variantar/ andre namn
Asana, ashtanga, bhakti, bikram, gravid-yoga, hathayoga, iyengar, jinana, ivamukti, kundalini, kripalu, latteryoga, medisinsk yoga, mysore, polaritetsyoga, poweryoga, raja, Sahaj Yoga, sivananda, Sudarshana Kriya Yoga, Surya Namaskara, tantrisk yoga, Tibetansk Yoga, vinyasa, yin yoga, yogaterapi
Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:
Søk i PubMed, The Cochrane Library, Web of Science, Embase og CAM-Cancer (november 2020)
- Natural Medicines Comprehensive Database: Yoga (hentet 25.11.2020)
- McGettigan M, Cardwell CR, Cantwell MM, Tully MA. Physical activity interventions for disease‐related physical and mental health during and following treatment in people with non‐advanced colorectal cancer. Cochrane Database of Systematic Reviews 2020, Issue 5. Art. No.: CD012864. DOI: 10.1002/14651858.CD012864.pub2.
- Santino TA, Chaves GSS, Freitas DA, Fregonezi GAF, Mendonça KMPP. Breathing exercises for adults with asthma. Cochrane Database of Systematic Reviews 2020, Issue 3. Art. No.: CD001277. DOI: 10.1002/14651858.CD001277.pub4
- Karen Pilkington, CAM-Cancer Consortium. Yoga [online document], CAM-Cancer, November 2019
- Dunne EM, Balletto BL, Donahue ML, et al. The benefits of yoga for people living with HIV/AIDS: A systematic review and meta-analysis. Complement Ther Clin Pract. 2019;34:157-164
- Loetscher T, Potter KJ, Wong D, das Nair R. Cognitive rehabilitation for attention deficits following stroke. Cochrane Database of Systematic Reviews 2019, Issue 11. Art. No.: CD002842. DOI: 10.1002/14651858.CD002842.pub3
- Armour M, Ee CC, Naidoo D, Ayati Z, Chalmers KJ, Steel KA, de Manincor MJ, Delshad E. Exercise for dysmenorrhoea. Cochrane Database of Systematic Reviews 2019, Issue 9. Art. No.: CD004142. DOI: 10.1002/14651858.CD004142.pub4
- Haruna M, Matsuzaki M, Ota E, Shiraishi M, Hanada N, Mori R. Guided imagery for treating hypertension in pregnancy. Cochrane Database of Systematic Reviews 2019, Issue 4. Art. No.: CD011337. DOI: 10.1002/14651858.CD011337.pub2.
- Kim SD. Yoga for menstrual pain in primary dysmenorrhea: A meta-analysis of randomized controlled trials. Complement Ther Clin Pract. 2019 Aug;36:94-99. doi: 10.1016/j.ctcp.2019.06.006. Epub 2019 Jun 25.
- Wieland LS, Shrestha N, Lassi ZS, Panda S, Chiaramonte D, Skoetz N. Yoga for treating urinary incontinence in women. Cochrane Database of Systematic Reviews 2019, Issue 2. Art. No.: CD012668. DOI: 10.1002/14651858.CD012668.pub2
- Knips L, Bergenthal N, Streckmann F, Monsef I, Elter T, Skoetz N. Aerobic physical exercise for adult patients with haematological malignancies. Cochrane Database of Systematic Reviews 2019, Issue 1. Art. No.: CD009075. DOI: 10.1002/14651858.CD009075.pub3
- Ramamoorthi R, Gahreman D, Skinner T, Moss S. The effect of yoga practice on glycemic control and other health parameters in the prediabetic state: A systematic review and meta-analysis. PLoS One. 2019 Oct 16;14(10):e0221067. doi: 10.1371/journal.pone.0221067
- Cramer H, Haller H, Klose P, Ward L, Chung VC, Lauche R. The risks and benefits of yoga for patients with chronic obstructive pulmonary disease: a systematic review and meta-analysis. Clin Rehabil. 2019 Dec;33(12):1847-1862. doi: 10.1177/0269215519860551. Epub 2019 Jul 29
- Ng QX, Venkatanarayanan N, Loke W, et al. A meta-analysis of the effectiveness of yoga-based interventions for maternal depression during pregnancy. Complement Ther Clin Pract. 2019;34:8-12
- Li Y, Li S, Jiang J, et al. Effects of yoga on patients with chronic nonspecific neck pain: A PRISMA systematic review and meta-analysis. Medicine (Baltimore). 2019;98(8):e14649
- Gendron LM, Nyberg A, Saey D, Maltais F, Lacasse Y. Active mind‐body movement therapies as an adjunct to or in comparison with pulmonary rehabilitation for people with chronic obstructive pulmonary disease. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 10. Art. No.: CD012290. DOI: 10.1002/14651858.CD012290.pub2
- Martis R, Crowther CA, Shepherd E, Alsweiler J, Downie MR, Brown J. Treatments for women with gestational diabetes mellitus: an overview of Cochrane systematic reviews. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 8. Art. No.: CD012327. DOI: 10.1002/14651858.CD012327.pub2
- Jayawardena R, Ranasinghe P, Chathuranga T, Atapattu PM, Misra A. The benefits of yoga practice compared to physical exercise in the management of type 2 Diabetes Mellitus: A systematic review and meta-analysis. Diabetes Metab Syndr. 2018;12(5):795-805
- Liu Z, Sun YY, Zhong BL. Mindfulness‐based stress reduction for family carers of people with dementia. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 8. Art. No.: CD012791. DOI: 10.1002/14651858.CD012791.pub2
- Smith CA, Levett KM, Collins CT, Armour M, Dahlen HG, Suganuma M. Relaxation techniques for pain management in labour. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 3. Art. No.: CD009514. DOI: 10.1002/14651858.CD009514.pub2
- Vollbehr NK, Bartels-Velthuis AA, Nauta MH, et al. Hatha yoga for acute, chronic and/or treatment-resistant mood and anxiety disorders: A systematic review and meta-analysis. PLoS One. 2018;13(10):e0204925
- Cramer H, Peng W, Lauche R. Yoga for menopausal symptoms-A systematic review and meta-analysis. Maturitas. 2018;109:13-25
- Cramer H, Lauche R, Anheyer D, et al. Yoga for anxiety: A systematic review and meta-analysis of randomized controlled trials. Depress Anxiety. 2018;35(9):830-843
- Cramer H, Lauche R, Klose P, Lange S, Langhorst J, Dobos GJ. Yoga for improving health-related quality of life, mental health and cancer-related symptoms in women diagnosed with breast cancer. Cochrane Database Syst Rev. 2017;1:CD010802
- Lawrence M, Celestino Junior FT, Matozinho HH, Govan L, Booth J, Beecher J. Yoga for stroke rehabilitation. Cochrane Database Syst Rev. 2017;12:CD011483
- Broderick J, Crumlish N, Waugh A, Vancampfort D. Yoga versus non-standard care for schizophrenia. Cochrane Database Syst Rev. 2017;9:CD012052
- Broderick J, Vancampfort D. Yoga as part of a package of care versus standard care for schizophrenia. Cochrane Database Syst Rev. 2017;9:CD012145.
- Geneen LJ, Moore RA, Clarke C, Martin D, Colvin LA, Smith BH. Physical activity and exercise for chronic pain in adults: an overview of Cochrane Reviews. Cochrane Database of Systematic Reviews 2017, Issue 4. Art. No.: CD011279. DOI: 10.1002/14651858.CD011279.pub3.
- Wieland LS, Skoetz N, Pilkington K, Vempati R, D'Adamo CR, Berman BM. Yoga treatment for chronic non-specific low back pain. Cochrane Database Syst Rev. 2017;1:CD010671.
- Abbott RA, Martin AE, Newlove‐Delgado TV, Bethel A, Thompson‐Coon J, Whear R, Logan S. Psychosocial interventions for recurrent abdominal pain in childhood. Cochrane Database of Systematic Reviews 2017, Issue 1. Art. No.: CD010971. DOI: 10.1002/14651858.CD010971.pub2
- Panebianco M, Sridharan K, Ramaratnam S. Yoga for epilepsy. Cochrane Database of Systematic Reviews 2017, Issue 10. Art. No.: CD001524. DOI: 10.1002/14651858.CD001524.pub3
- Park SH, Han KS. Blood Pressure Response to Meditation and Yoga: A Systematic Review and Meta-Analysis. J Altern Complement Med. 2017;23(9):685-695
- Cui J, Yan JH, Yan LM, Pan L, Le JJ, Guo YZ. Effects of yoga in adults with type 2 diabetes mellitus: A meta-analysis. J Diabetes Investig. 2017;8(2):201-209.
- Yang ZY, Zhong HB, Mao C, et al. Yoga for asthma. Cochrane Database Syst Rev 2016;4:CD010346.
- Macêdo TMF, Freitas DA, Chaves GSS, Holloway EA, Mendonça KMPP. Breathing exercises for children with asthma. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 4. Art. No.: CD011017. DOI: 10.1002/14651858.CD011017.pub2
- Salhofer I, Will A, Monsef I, Skoetz N. Meditation for adults with haematological malignancies. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 2. Art. No.: CD011157. DOI: 10.1002/14651858.CD011157.pub2
- Broderick J, Knowles A, Chadwick J, et al. Yoga versus standard care for schizophrenia. Cochrane Database Syst Rev. 2015;(10):CD010554.
- Heine M, van de Port I, Rietberg MB, van Wegen EEH, Kwakkel G. Exercise therapy for fatigue in multiple sclerosis. Cochrane Database of Systematic Reviews 2015, Issue 9. Art. No.: CD009956. DOI: 10.1002/14651858.CD009956.pub2
- Jackson CF, Makin SM, Marson AG, Kerr M. Non‐pharmacological interventions for people with epilepsy and intellectual disabilities. Cochrane Database of Systematic Reviews 2015, Issue 9. Art. No.: CD005502. DOI: 10.1002/14651858.CD005502.pub3.
- Kwong JSW, Lau HLC, Yeung F, Chau PH. Yoga for secondary prevention of coronary heart disease. Cochrane Database of Systematic Reviews 2015, Issue 7. Art. No.: CD009506. DOI: 10.1002/14651858.CD009506.pub4.
- Cramer H, Lauche R, Haller H, et al. A systematic review of yoga for heart disease. Eur J Prev Cardiol. 2015;22(3):284-95.
- Cramer H, Ward L, Saper R, et al. The safety of yoga: a systematic review and meta-analysis of randomized controlled trials. Am J Epidemiol 2015;182(4):281-93.
- Gong H, Ni C, Shen X, et al. Yoga for prenatal depression: a systematic review and meta-analysis. BMC Psychiatry 2015;15:14
- Gothe NP, McAuley E. Yoga and cognition: a meta-analysis of chronic and acute effects. Psychosom Med 2015;77(7):784-97.
- Daley A, Stokes‐Lampard H, Thomas A, MacArthur C. Exercise for vasomotor menopausal symptoms. Cochrane Database of Systematic Reviews 2014, Issue 11. Art. No.: CD006108. DOI: 10.1002/14651858.CD006108.pub4.
- Kendrick D, Kumar A, Carpenter H, Zijlstra GAR, Skelton DA, Cook JR, Stevens Z, Belcher CM, Haworth D, Gawler SJ, Gage H, Masud T, Bowling A, Pearl M, Morris RW, Iliffe S, Delbaere K. Exercise for reducing fear of falling in older people living in the community. Cochrane Database of Systematic Reviews 2014, Issue 11. Art. No.: CD009848. DOI: 10.1002/14651858.CD009848.pub2.
- Felbel S, Meerpohl JJ, Monsef I, Engert A, Skoetz N. Yoga in addition to standard care for patients with haematological malignancies. Cochrane Database of Systematic Reviews 2014, Issue 6. Art. No.: CD010146. DOI: 10.1002/14651858.CD010146.pub2.
- Hartley L, Dyakova M, Holmes J, et al. Yoga for the primary prevention of cardiovascular disease. Cochrane Database Syst Rev 2014;(5):CD010072.
- Cramer H, Lauche R, Haller H, et al. Effects of yoga on cardiovascular disease risk factors: a systematic review and meta-analysis. Int J Cardiol. 2014;173(2):170-83.
- Cramer H, Lauche R, Azizi H, et al. Yoga for multiple sclerosis: a systematic review and meta-analysis. PLoS One. 2014;9(11):e112414.
- Cramer H, Posadzki P, Dobos G, et al. Yoga for asthma: a systematic review and meta-analysis. Ann Allergy Asthma Immunol. 2014;112(6):503-510.e5.
- Barker NJ, Jones M, O'Connell NE, Everard ML. Breathing exercises for dysfunctional breathing/hyperventilation syndrome in children. Cochrane Database of Systematic Reviews 2013, Issue 12. Art. No.: CD010376. DOI: 10.1002/14651858.CD010376.pub2.
- Jones M, Harvey A, Marston L, O'Connell NE. Breathing exercises for dysfunctional breathing/hyperventilation syndrome in adults. Cochrane Database of Systematic Reviews 2013, Issue 5. Art. No.: CD009041. DOI: 10.1002/14651858.CD009041.pub2.
- Cramer H, Lauche R, Langhorst J, et al. Yoga for depression: a systematic review and meta-analysis. Depress Anxiety. 2013;30(11):1068-83
- Holtzman S, Beggs RT. Yoga for chronic low back pain: a meta-analysis of randomized controlled trials. Pain Res Manag 2013;18(5):267-72.
- Wang J, Xiong X, Liu W. Yoga for essential hypertension: a systematic review. PLoS One 2013;8(10):e76357.
- Holland AE, Hill CJ, Jones AY, McDonald CF. Breathing exercises for chronic obstructive pulmonary disease. Cochrane Database of Systematic Reviews 2012, Issue 10. Art. No.: CD008250. DOI: 10.1002/14651858.CD008250.pub2.
- Mishra SI, Scherer RW, Geigle PM, Berlanstein DR, Topaloglu O, Gotay CC, Snyder C. Exercise interventions on health‐related quality of life for cancer survivors. Cochrane Database of Systematic Reviews 2012, Issue 8. Art. No.: CD007566. DOI: 10.1002/14651858.CD007566.pub2.
- Mishra SI, Scherer RW, Snyder C, Geigle PM, Berlanstein DR, Topaloglu O. Exercise interventions on health‐related quality of life for people with cancer during active treatment. Cochrane Database of Systematic Reviews 2012, Issue 8. Art. No.: CD008465. DOI: 10.1002/14651858.CD008465.pub2.
- Khianman B, Pattanittum P, Thinkhamrop J, Lumbiganon P. Relaxation therapy for preventing and treating preterm labour. Cochrane Database of Systematic Reviews 2012, Issue 8. Art. No.: CD007426. DOI: 10.1002/14651858.CD007426.pub2.
- Page MJ, O'Connor D, Pitt V, Massy‐Westropp N. Exercise and mobilisation interventions for carpal tunnel syndrome. Cochrane Database of Systematic Reviews 2012, Issue 6. Art. No.: CD009899. DOI: 10.1002/14651858.CD009899.
- Howe TE, Rochester L, Neil F, Skelton DA, Ballinger C. Exercise for improving balance in older people. Cochrane Database of Systematic Reviews 2011, Issue 11. Art. No.: CD004963. DOI: 10.1002/14651858.CD004963.pub3.
- Heiwe S, Jacobson SH. Exercise training for adults with chronic kidney disease. Cochrane Database of Systematic Reviews 2011, Issue 10. Art. No.: CD003236. DOI: 10.1002/14651858.CD003236.pub2.
- Marc I, Toureche N, Ernst E, Hodnett ED, Blanchet C, Dodin S, Njoya MM. Mind‐body interventions during pregnancy for preventing or treating women's anxiety. Cochrane Database of Systematic Reviews 2011, Issue 7. Art. No.: CD007559. DOI: 10.1002/14651858.CD007559.pub2
- Martinez‐Devesa P, Perera R, Theodoulou M, Waddell A. Cognitive behavioural therapy for tinnitus. Cochrane Database of Systematic Reviews 2010, Issue 9. Art. No.: CD005233. DOI: 10.1002/14651858.CD005233.pub3.
- Krisanaprakornkit T, Ngamjarus C, Witoonchart C, Piyavhatkul N. Meditation therapies for attention‐deficit/hyperactivity disorder (ADHD). Cochrane Database of Systematic Reviews 2010, Issue 6. Art. No.: CD006507. DOI: 10.1002/14651858.CD006507.pub2.
- Gorczynski P, Faulkner G. Exercise therapy for schizophrenia. Cochrane Database of Systematic Reviews 2010, Issue 5. Art. No.: CD004412. DOI: 10.1002/14651858.CD004412.pub2.
- Engers AJ, Jellema P, Wensing M, van der Windt DAWM, Grol R, van Tulder MW. Individual patient education for low back pain. Cochrane Database of Systematic Reviews 2008, Issue 1. Art. No.: CD004057. DOI: 10.1002/14651858.CD004057.pub3.
- Larun L, Nordheim LV, Ekeland E, Hagen KB, Heian F. Exercise in prevention and treatment of anxiety and depression among children and young people. Cochrane Database of Systematic Reviews 2006, Issue 3. Art. No.: CD004691. DOI: 10.1002/14651858.CD004691.pub2.
- Krisanaprakornkit T, Sriraj W, Piyavhatkul N, Laopaiboon M. Meditation therapy for anxiety disorders. Cochrane Database of Systematic Reviews 2006, Issue 1. Art. No.: CD004998. DOI: 10.1002/14651858.CD004998.pub2.
- O'Connor D, Marshall SC, Massy‐Westropp N, Pitt V. Non‐surgical treatment (other than steroid injection) for carpal tunnel syndrome. Cochrane Database of Systematic Reviews 2003, Issue 1. Art. No.: CD003219. DOI: 10.1002/14651858.CD003219.
- Berg-Olsen, Bertil og Anaikki Bradford (fagred.1996): Den store oppslagsboken om alternativ medisin.Notabene Forlag, Oslo
- Chopra, Deebak og David Simon (2005): Yogaens 7 åndslover. En veiledning i å helbrede kropp, sinn og sjel. N.W.Damm & Søn AS. ScanBook AB, Sverige.
- P2 Akademiet. Bind XXXI 20.11.2003 – 26.2.2004. Jacobsen, Knut A.: Hva er Yoga? Digibok, Oslo.
- Jacobsen, Knut A. (2004): Yoga. Verdens hellige skrifter oversatt av, Kåre A. Lie og Rasmus Reinvang. De Norske Bokklubbene.
- Lark, Liz og Tim Goullet(2006): Yoga som healing. N.W.Damm & Søn AS, Dubai.
- Forskning.no : Yoga mot depresjon (Henta dato 04.11.2019)
- The Cochrane Library