Øyrelysbehandling (otopati)

Øyrelysbehandling (otopati) byggjer på idéen om at ei rekkje helseproblem skuldast øyrevoks, og at ein kan motverke dette ved å bruke såkalla øyrelys til å reinse øyra med.
Image
Bilde av en hvit, blond dame liggende på en benk, som får behandling med ørelys i øret
Foto: Colourbox.com

Øyrelysbehandling byggjer på ideen om at ei rekkje helseproblem skuldast øyrevoks.

Øyrevoks (cerumen, lenke til Store medisinske leksikon) er det mjuke, brungule og voks-aktige stoffet som vert naturleg skilt ut av kjertlar i den ytre øyregangen. I behandlinga set ein såkalla øyrelys for øyreopninga, og set fyr på lyset. Varmen frå lyset gjer at øyrevoksen smeltar, og at det dannar seg vakuum som syg ut den smelta øyrevoksen gjennom røret.

Etter øyrelysbehandling er det vanleg å sjå ein brun, voksaktig substans som sit att i lysestubben. Behandlarane meiner at dette er utreinska slagg, og at dette syner at behandlinga har verka slik ho skal. Gransking av innhaldet i desse stubbane har synt at dette ikkje er øyrevoks, men smelta innhald frå sjølve øyrelyset. Behandlinga fjernar altså ikkje all øyrevoks.

Helsevitskapen stør ikkje teorien om at øyrevoks er årsaka til alle helseproblema som behandlinga vert brukt for.

I mai 2020 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på verknad av øyrelysbehandling. Det betyr at det etter våre kriterie ikkje finst solid vitskapleg støtte for å kunne seie om det verkar eller ikkje, men samstundes at eventuelle påstandar er uten vitskapleg støtte.

Utøvarane seier at behandlinga er smertefri, ufarleg og utan biverknadar, men rår den som har akutt øyrebetennelse eller har fått sett inn dren til å ikkje nytte behandlinga.

Det er fagleg semje om at ein generelt bør vere varsam med å stikke objekt innover i øyret, både fordi dette kan gjere skade, og at det kan skubbe øyrevoks lenger inn i øyrekanalen slik at den vert tetta. Vidare kan overdriven reinsing av øyret og gå ut over mengda av dei gunstige stoffa i øyra: Voksen dannar  ei tryggjande hinne over huda i øyret, og den låge pH-verdien i øyrevoksen hindrar vekst av bakteriar. Overdriven reinsing tørkar og ut huda, og kan gje kløe, eksem og i verste fall infeksjon.

Ifylgje forskinga som er gjort, er det rapportert om personar med skade på trommehinna som har fått forverra tilstanden sin etter bruk av øyrelysbehandling. Det er og rapportert om skade der varm voks eller aske frå lyset har dryppa på pasienten sitt hår eller hud og ført til brannsår og infeksjonar; samt om tilfelle av auka tetting, dårlegare hørsel og hol på trommehinna fordi voks har dryppa ned i øyregangen.

Natural Medicines reknar øyrelysbehandling som mogleg utrygt, og rår difor til å unngå bruk av øyrelysbehandling. Også det amerikanske FDA rår frå å nytte øyrelysbehandling, på grunn av risikoen for slike problem som er nemnt over. 

Alle som vil, kan kalle seg t.d. "otopat" eller praktisere øyrelysbehandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i øyrelysbehandling eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Den største risikoen ved øyrelysbehandling er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårligare fordi pasienten sjølv og/ eller terapeuten feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling.

Graviditet og amming

Natural Medicines opplyser at det ikkje ligg føre særskilt dokumentasjon for tryggleiken for gravide og kvinner som ammar, men rår også desse gruppene til å unngå bruk. LactMed inneheldt på søketidspunktet ingen informasjon om øyrelysbehandling.

Generelle tryggingsreglar

Det finst få opplysingar på kvar og korleis øyrelysbehandling oppsto, men øyrelys skal vere brukt i både kinesisk, tibetansk, egyptisk og indiansk folkemedisin. Både ifylgje litteratur om desse og behandlarar i dag, kan problem så som øyreverk, hovudverk og migrene, kløe, tett nase, biholebetennelse, svimmelheit, dårleg balanse, dårleg hørsle, kognitive problem, tinnitus, vatn i mellomøyret og øyrebetennelse skuldast oppsamla øyrevoks.

Tilhengjarar av metoden meiner at fjerning av øyrevoks med øyrelysbehandling kurerer slike problem, både direkte ved å fjerne øyrevoksen manuelt, men også ved at behandlinga skal verke reinsande som detox og "reinsar blodet" (sjølv om behandlinga ikkje inneheld tapping av blod, perforering av hud el.l.)

At ei behandling har mange kjende bruksområde eller er blitt forska på, er ikkje det same som at behandlinga kan reknast som trygg eller at ho har støtte i vitskapen for verknad.

Eit øyrelys er eit hult rør av lin eller bomull, smurt inn med olje eller bivoks. Varmen frå det brennande øyrelyset løyser opp voks i øyret, og skal ideelt medverke til at den smelta voksen vert sygd ut - sjølv voksproppar som ligg djupt inne i øyret. Ein kan få behandlinga frå ein behandlar, eller praktisere ho sjølv/ heime.

Ifylgje behandlarane er det viktig å alltid behandle båe øyra, sjølv om pasienten berre har problem med det eine øyret. Nokre behandlarar nyttar også andre metodar saman med øyrelysbehandling, som til dømes massasje, aromaterapi eller avslappingsteknikkar. 

Skulemedisinen ser ikkje på øyrevoks som problematisk og naudsynt å fjerne før det er så mykje voks at øyregangen er blokkert. Då kan det gi nedsett høyrsel. I slike tilfelle rår ein til å kontakte lækjar for å få fjerna voksen på ein god og trygg måte. Dette er ei vanleg prosedyre i den offentlege helsetenesta. 

Naturvitskapen stør ikkje ideen om at oppsamla øyrevoks er årsaka til alle helseproblema som teorien bak øyrelysbehandling listar opp.

Andre namn

Otopati, aurikuloterapi, Auricular Candles, Auriculothérapie, Bougie Creuse, Bougie Hopi, Bougie d'Oreille, Chandelles Auriculaires, Cônage d'Oreille, Ear Candle, Ear Candle Therapy, Ear Candle Treatment, Ear Coning, Terapia de Vela en el Oído, Thérapie Auriculaire Thermale, Thermal-Auricular Therapy.

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

Søk i mai 2021 i Drugs and Lactation Database (LactMed) [Internet]. Bethesda (MD): National Library of Medicine (US); 2006-. 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: