Moxa (moxibusjon) | NAFKAM

Moxa (moxibusjon)

Moxa/ moxibusjon inneber brenning av eit stoff på eller nær den kinesiske læra sine akupunkturpunkt. I dag vert moxa truleg oftast nytta som supplement i akupunkturbehandling.

Opprinneleg gjekk moxibusjon ut på at ei urt, oftast burot (Artemisia vulgaris) vart brent direkte på akupunkturpunkt eller nært slike punkt. Andre stadar har knusk (ein tørka, svært brennbar sopp frå bjørk og bøk) og andre urter vore nytta. Behandlinga er kjent frå fleire folkemedisinske tradisjonar kring om i verda, så som tradisjonell kinesisk medisin (TKM), indiansk folkemedisin, samisk folkemedisin med fleire. 

I dag vert moxa truleg mest nytta som supplement i akupunkturbehandling, og moderne behandlarar nyttar no ofte infraraud laser til moxibusjon. 

Det er kjent at moxabrenning opp gjennom tida har blitt brukt ved mange ulike helseproblem og med mange ulike mål: magesmerter, kviser, AIDS, mot aldring, allergisk rhinitt, Bektherevs, hjarte-arytmi, leddgikt, astma, åreforkalking, Bells parese, bronkitt, kreft, hjarte- og karsjukdom, smerter i nakken, hovudet og halsregionen, bivierknadar frå medisinsk kreftbehandling, som middel for å vakse, mot CFS/ ME, KOLS, ulike betenningar, forkjøling og influensa, forstopping og andre fordøyingsproblem, hoste, Crohns sjulkdom, demens, angst og depresjon, diabetes, svimle, dysenteri, menstruasjonsplagar, epilepsi, lammingar, fruktbarheit, feber, fibromyalgi, ulike smertelidingar, tap av høyrsle, blodtrykk og kolesterol-problem, søvnproblem, overgangsplager, osteoporose, hudplagar, luftvegsplagar, urinforstyrring, virusinfeksjoner, hårtap og vekttap.

 

Virker det?

Moxibusjon skal ifylgje den kinesiske læra og folkemedisinen (TCM) både kunne forbetre og hindre tap av livsenergien Chi. Tanken i TCM er at brenning av moxa åpnar meridianene og motverkar ugunstige faktorar for helsa. Meir moderne forklaringar går ut på at brenninga gjev ein liten inflammatorisk respons som har gunstig verknad på immunforsvaret, betrar blodsirkulasjonen, aukar mengda kvite blodlekamar og kroppen si evne til å reparere seg sjølv. Desse forklaringane og samanhengane er ikkje påviste.

Ved søk etter oppsummert forsking i kjeldene våre i juni 2020 fann vi fylgjande som høver med kriteria våre:

Bruken av moxa mot biverknadar av cellegift og stråling, eller om det på andre måtar kan vere nyttig for kreftpasientar, har blitt studert. Ei oppsummering fra 2018 av forskinga på dette synte at det var gjort få studiar og at kvaliteten på desse var lav. Difor  konkluderte forfattarane med at det ikkje ligg føre nokon overtydande dokumentasjon for at moxabrenning har klinisk nytte for kreftpasientar. Ei oppsummering frå 2015 av forsking på moxibusjon mot leukopeni (lågt antall kvite blodlekamar) hjå cellegift-pasientar, synte sprikande resultat mellom studiane med ulik grad av verknad. Forfattarane vurderte kvaliteten på studiane som låg. Difor kunne dei ikkje trekkje konklusjonar om verknad frå den samla dokumentasjonen.

Moxibusjon mot ulike symptom hjå personar med IBS (irritabel tarm-syndrom) har blitt forska på. I ei oppsummering frå 2013 av 20 studiar fann forfattarane at behandlinga såg ut til å vere nyttig for å dempe slike symptom, men dei vurderte kvaliteten på studiane som låg. Dei konkluderte med at ein treng meir forsking med betre forskingsmetodar før ein kan seie om det verkar. 

Moxibusjon har blitt brukt mot søvnproblem, og gjort forsking på. Ei oppsummering frå 2016 av 22 studiar på dette synte at fleire av studiane hadde funne gunstig effekt, men kvaliteten på studiane vart vurdert som låg. Dermed konkluderte forfattarane med at dokumentasjonen ikkje var tilstrekkeleg, og at fleire gode studiar på både verknad og tryggleik trengs for å kunne seie noko om dette.

Det har vore forska på moxibusjon som behandling mot høgt blodtrykk (hypertensjon). Ei oppsummering frå 2013 undersøkte fem studiar av dette. Samanlinka med medisinsk behandling, fann forfattarane ingen verknad av moxibusjon åleine. Men dei fann at når desse vart kombinert, såg moxibusjon ut til å auke verknaden av medisinsk behandling noko. Forfattarane vurderte imidlertid kvaliteten på studiane som generelt låg, slik at funna ikkje kan nyttast til å støtte moxibusjon som tilleggsbehandling ved høgt blodtrykk.

Ei oppsummering frå 2017 tek føre seg 31 studiar av m.a moxabrenning for kronisk utmatting (CFS/ ME). Forfattarane fann at studiane synte betre verknad av moksibusjon kombinert med akupunktur enn dei andre behandlingane som var undersøkte. Men forfattarane fann at kvaliteten på studiane hadde tildels dårleg kvalitet, slik at dei ikkje vil gi støtte til funna før fleire og betre studiar syner det same. 

Det er og gjort forsking på moxabrenning mot vanlege symptom hjå personar med kronisk nyresjukdom (CKD). Ei oppsummering frå 2016 av moxabrenning og forskjellige andre alternative behandlingsformer for dette konkluderte med at kvaliteten på dei studiene som var gjort var såpass låg at det ikkje var forsvarleg å nytte han som grunnlag for konklusjoner om nytte for nyrepasientar. Forfattarane peika og på at meir forsking og burde handle om tryggleiken for denne sårbare pasientgruppa. 

Moxabrenning har også blitt brukt mot muskelknutar i livmora (fibromyomar), og blitt undersøkt i fleire studiar. I ei oppsummering frå 2010 av denne forskinga konkluderte forfattarane med at ingen av studiane tilfredsstilte kriteria deira, slik at spørsmålet om verknad eller ikkje fortsatt står ubesvart. Etter våre kriterie manglar da påstander om slik verknad vitskapleg støtte.

Det same vart resultatet da forskninga på moxabrenning mot hevingar og smerter hjå born med kusma vart oppsummert i 2015: forskarane fann ingen studiar som heldt krava deira for å bli inkluderte. Forskinga gjev då ikkje grunnlag for å seie om moxabrenning kan vere til hjelp eller ikkje for born med kusma.

Ein annan variant av moxabrenning er akupunktur der nålene vert varma opp. I ei oppsummering frå 2018 av 12 studiar på slik behandling av slagpasientar med kramper, nedsett rørsle og stramme musklar (spastisitet) fann ein betre verknad av dette enn elektroakupunktur, men omlag same verknad som vanleg akupunktur. Forfattarane vurderte kvaliteten på denne dokumentasjonen som tildels mangelfull, fordi verknadane ikkje var veldig store; studiane generelt var små og hadde forskjellige metodiske manglar ved seg. Meir forsking er dermed naudsynt for å avgjere om slik behandling kan vere nyttig for slagpasientar.

Kombinasjonen av akupunktur og moxibusjon har og vore nytta mot ulike hudproblem. Ei oppsummering frå 2017 av ni studiar av dette mot helvetesild (herpes zoster) synte at behandlinga ga ei viss, kortvarig smertelindring og noko betring av utslettet, men forfattarane vurderte studiane til å ha frå låg til middels kvalitet. Dette gjorde at forfattarane konkluderte med at funna var interessante, men kkje kunne reknast som tilstrekkeleg dokumentasjon av verknad.  

Ei forskingsoppsummering frå 2012 av studiar på om moxabrenning kan få fosteret til å snu seg rette vegen slik at ein unngår setefødsel eller keisersnitt, synte ein viss, men begrensa verknad. Forfattarane peikar på fleire manglar og begrensingar ved studieane, og etterlyser meir og betre forskning før dei kan seie om dette kan være et alternativ til standardbehandlinga (oxytocin).

Moxa har vore nytta mot mange typar smerter, og gjort forsking på:

Det er gjort fleire oppsummeringar av studiar slik behandling av personar med slitasjegikt (osteoartrose) i kneet. Den nyaste er frå 2019, der forfattarane gjekk gjennom 39 studiar. Dei fann at fleire av studiane  synte ei viss, kortvarig  smertelindring på linje med anna behandling. I alle oppsummeringane vurderte forfattarane kvaliteten på studiane til å vere frå låg til middels, og at det difor trengs meir og betre forsking som eventuelt støttar desse funna før ein kan seie at slik behandling verkar. 

 

Er det trygt?

Rapportar om tryggleik og risiko ved moxa har hovudsakleg vore knytt til faren for brannskade og infeksjon i brannsår, men og til inhalasjon og allergiske reaksjonar på gass i røyken. Vi fann ingen rapportar om biverknadar og risiko ved bruk av infraraud moxibusjon.

Bakgrunn

Andre norske namn: moksa, moksabrenning, moksibusjon

Utanlandske nemningar: Moxa, moxibustion, Aconite Cake-Separated Moxibustion, Acu-Moxi, Acu-Moxibustion, Angelica-Cake Moxibustion, Bird-Pecking Moxibustion, Chinetsukyu (Japanese), Cake-Separated Mild-Warm Moxibustion, Cake-Separated Moxibustion, Circling Moxibustion, Cone Moxibustion, Cotton Sheet Moxibustion, Crude Herb Moxibustion, Direct Cone Moxibustion, Dogbi (ST35) & Sulan Moxibustion, Drug-Separated Moxibustion, Du-Moxibustion, Dynamic Moxibustion, Electronic Moxibustion, Electrothermal Bian-Stone Moxibustion, Garlic Moxibustion, Ginger-Partitioned Moxibustion, Ginger-Salt-Partitioned Moxibustion, Grain-Shaped Moxibustion, Hand Moxibustion, Hanging Moxibustion, Heat-Sensitive Moxibustion, Herb-Cake Seperated Moxibustion, Herb-Partitioned Spread Moxibustion, Herbal-Moxa Moxibustion, Infrared Laser Moxibustion, Isolated Moxibustion, Isolated-Herbal Moxibustion, Kyutoshin (Japanese), Long Snake Moxibustion, Medicated Thread Moxibustion, Medicated Threads Moxibustion of Zhuang Nationality, Mild Moxibustion, Mild-Warm Moxibustion, Monkshood Cake-Separated Mild-Warm Moxibustion, Moving Moxibustion, Moxa, Okyu (Japanese), Partition-Bran Moxibustion, Partition-Herb Moxibustion, Pecking Moxibustion, Rice-Sized Direct Moxa, Snake Moxibustion, Solar-Term Moxibustion, Sparrow-Pecking Moxibustion, Substance-Partitioned Moxibustion, Suspended Moxibustion, Thin Cotton Moxibustion, Tortoise-Shell Moxibustion, Traditional Box Moxibustion, Warming Moxibustion, Warming Needle Moxibustion , Warming-Cup Moxibustion.

Bildet er fjernet. History

Kilder

Les også

Kvalitetssikring av våre artikler

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: