Opprinneleg gjekk moxibusjon ut på at ei urt, oftast burot (Artemisia vulgaris) vart brent direkte på aku-/ akupunkturpunkt eller nært slike punkt. Andre stadar har knusk (ein tørka, svært brennbar sopp frå bjørk og bøk) og andre urter vore nytta. Behandlinga er kjent frå fleire folkemedisinske tradisjonar kring om i verda, så som tradisjonell kinesisk medisin (TKM), indiansk folkemedisin, samisk folkemedisin med fleire.
I dag vert moxa truleg mest nytta som supplement i akupunkturbehandling, og moderne behandlarar nyttar no ofte infraraud laser til moxibusjon.
Det er gjort ein del studiar på moxibusjon mot ulike helseproblem. Grovt oppsummert kan ein seie at forskinga syner ulik grad av verknad, men at kvaliteten på studiane varierar såpass mykje at funna ikkje kan nyttast til å avgjere om behandlinga korkje verkar eller ikkje.
Moxibusjon skal ifylgje den kinesiske læra og folkemedisinen (TCM) både kunne forbetre og hindre tap av livsenergien Chi. Tanken i TCM er at brenning av moxa åpnar meridianane og motverkar ugunstige faktorar for helsa. Desse forklaringane og samanhengane er ikkje påviste. Meir moderne forklaringar går ut på at brenninga gjev ein liten inflammatorisk respons som har gunstig verknad på immunforsvaret, betrar blodsirkulasjonen, aukar mengda kvite blodlekamar og styrkjer kroppen si evne til å reparere seg sjølv.
Ved søk i juni 2020 etter oppsummert forsking i kjeldene våre fann vi fylgjande som høver med kriteria våre:
Ved kreft
Bruken av moxa mot ulike biverknadar av cellegift og stråling (så som kvalme/ oppkast og utmatting/ fatigue) hjå kreftpasientar, har blitt studert. Ei oppsummering fra 2018 av forskinga på dette synte at det var gjort få studiar og at kvaliteten på desse var generelt låg. Difor konkluderte forfattarane med at det ikkje ligg føre dokumentasjon på at moxabrenning har slik klinisk nytte for kreftpasientar. Ei oppsummering frå 2015 av forsking på moxibusjon mot leukopeni (lågt antall kvite blodlekamar) hjå cellegift-pasientar, synte sprikande resultat mellom studiane, og funn med ulik grad av verknad. Forfattarane vurderte kvaliteten på desse studiane som såpass låg at dei ikkje kunne trekkje konklusjonar om verknad eller ikkje frå den.
IBS
Også moxibusjon mot ulike symptom hjå personar med IBS (irritabel tarm-syndrom) har blitt forska på. I ei oppsummering frå 2013 av 20 studiar fann forfattarane at moxa såg ut til å dempe slike symptom noko, men dei vurderte kvaliteten på studiane som låg. Dei konkluderte med at ein treng meir forsking med betre forskingsmetodar før ein eventuelt kan seie at dette stemmer.
Søvnproblem
Moxibusjon har blitt brukt mot søvnproblem, og gjort forsking på. Ei oppsummering frå 2016 av 22 studiar på dette synte at fleire av dei hadde funne gunstig effekt, men kvaliteten på dei blei vurdert som låg. Dermed konkluderte forfattarane med at dokumentasjonen ikkje var tilstrekkeleg, og at fleire gode studiar på både verknad og tryggleik trengs for å kunne seie noko om dette.
Høgt blodtrykk
Det har vore forska på moxibusjon som behandling mot høgt blodtrykk (hypertensjon). Ei oppsummering frå 2013 undersøkte fem studiar av dette. Samanlikna med medisinsk behandling, fann forfattarane ingen verknad av moxibusjon åleine. Men når desse vart kombinert, såg moxibusjon ut til å auke verknaden av medisinsk behandling noko. Forfattarane vurderte imidlertid kvaliteten på studiane som generelt låg, slik at funna ikkje kunne nyttast til å støtte moxibusjon som tilleggsbehandling ved høgt blodtrykk.
CFS/ME
Ei oppsummering frå 2017 tok føre seg 31 studiar av m.a moxabrenning for kronisk utmatting (CFS/ ME). Forfattarane fann at studiane synte betre verknad av moksibusjon kombinert med akupunktur enn dei andre behandlingane som var undersøkte. Men dei vurderte studiane til å ha tildels dårleg kvalitet, slik at funna ikkje kunne støttast før fleire og betre studiar eventuelt syner det same.
Nyresjukdom
Det er og gjort forsking på moxabrenning mot vanlege symptom hjå personar med kronisk nyresjukdom (CKD). Ei oppsummering frå 2016 av moxabrenning og forskjellige andre alternative behandlingsformer for dette konkluderte med at kvaliteten på dei studiene som var gjort var såpass låg at det ikkje var forsvarleg å dra slutningar frå dei. Forfattarane peika også på at meir forsking og burde ta føre seg tryggleiken for denne sårbare pasientgruppa.
Muskelknutar i livmora
Moxabrenning har også blitt brukt mot muskelknutar i livmora (fibromyomar), og det har blitt undersøkt i fleire studiar. I ei oppsummering frå 2010 konkluderte forfattarane med at ingen av studiane tilfredsstilte kriteria deira, slik at spørsmålet om verknad eller ikkje fortsatt sto ubesvart. Etter våre kriterie manglar påstandar om slik verknad vitskapleg støtte.
Kusma
Det same vart resultatet då forskninga på moxabrenning mot hevingar og smerter hjå born med kusma vart oppsummert i 2015: Forfattarane fann ingen studiar som heldt krava deira for å bli inkluderte. Forskinga som var gjort, ga då ikkje grunnlag for å seie om moxabrenning kan vere til hjelp eller ikkje for born med kusma. Etter våre kriterie manglar då påstander om slik verknad vitskapleg støtte.
Slag
Ein variant av moxabrenning er akupunktur der nålene vert varma opp. I ei oppsummering frå 2018 av 12 studiar på slik behandling av slagpasientar med kramper, nedsett rørsle og stramme musklar (spastisitet) synte studiane betre verknad av dette enn av elektroakupunktur, men omlag same verknad som vanleg akupunktur. Forfattarane vurderte kvaliteten på denne dokumentasjonen som tildels mangelfull: Verknadane som var funne var ikkje store, studiane var generelt små og hadde forskjellige metodiske manglar ved seg. Dei konkluderte med at meir og betre forsking var naudsynt for å eventuelt kunne støtte at slik behandling kan vere nyttig for slagpasientar.
Snu foster
Ei forskingsoppsummering frå 2012 av studiar på om moxabrenning kan få fosteret til å snu seg rette vegen synte at ein viss del av dei gravide slapp setefødsel eller keisersnitt. Forfattarane peika på fleire manglar og begrensingar ved studiane, mellom anna at forskingsmetoden ikkje ga sikre haldepunkt for at det faktisk var moxabrenninga som ga slike resultat. Dei etterlyste difor meir og betre forskning før ein eventuelt kan seie at moxabrenning har slik verknad.
Smerter
Moxa har vore nytta mot mange typar smerter, og det er gjort forsking på fylgjande:
Det er gjort fleire oppsummeringar av studiar slik behandling av personar med slitasjegikt (osteoartrose) i kneet. Den nyaste er frå 2019, og der forfattarane gjekk gjennom 39 studiar. Dei fann at fleire av studiane synte ei viss, kortvarig smertelindring på linje med anna behandling. I alle oppsummeringane vurderte forfattarane imidlertid kvaliteten på studiane til å vere frå låg til middels, og sa at ein treng meir og betre forsking som eventuelt støttar desse funna før ein kan seie at slik behandling har god støtte i forskinga.
Helvetesild
Ei oppsummering frå 2017 av ni studiar av moxabrenning mot helvetesild (herpes zoster) synte at behandlinga ga ei viss, kortvarig smertelindring og noko betring av utslettet, men forfattarane vurderte kvaliteten på studiane til å vere frå låg til middels god. Dette gjorde at dei konkluderte med at funna var interessante, men at forsking med betre metodar må til før dei eventuelt kan seie at behandlinga verkar.
Andre helseproblem
Det er gjort forsking på moksabrenning mot fleire helseproblem enn dei som er nemnt over, men her manglar det kunnskapsoppsummeringar i kjeldene våre. Etter våre kriterie manglar vi då generelt dokumentasjon av tilstrekkelig kvalitet til å kunne seie noko om behandlinga har verknad eller ikkje.
For moksabrenning gjeld dette:
Forsterking av medisinsk kreftbehandling, akne, høysnue (allergisk rhinitt), Bektherevs sjukdom, astma, åreforkalking (aterosklerose), lamming i andletet (Bells parese), nakkeslitasje (cervical spondylose), KOLS, forkjøling, forstopping, demens, depresjon, diabetes, diabetisk nevropati, diare, tørre auge, fibromyalgi, frosen skulder, skiveprolaps, lymfeødem, overgangsplager, migrene og hovudverk, lokale smerter (myofascialt syndrom), smerter etter operasjon, vannlatingsproblem (urinretensjon) etter operasjon, smertar og blødingar under/ etter fødsel, PMS-plager, schizofreni, hjernebløding, øvre luftvegsinfeksjonar, urinvegsinfeksjon
Moxabrenning ser ut til å vere godt tolerert av dei fleste. Ifylgje ei oppsummering av forskinga frå 2010 opptrer ikkje biverknadar ofte.
Risikoen for biverknadar ser hovudsakeleg ut til å vere reaksjonar på varmen i behandlinga (raudne i huda, blemmer, kløe, auka sensitivitet i huda), knytte til uhell i behandlinga slik som brannskader, brannsår og infeksjon, og/ eller til reaksjonar på innanding av gassane i røyken: mageproblem så som magesmertar, diaré og forstopping, irritasjonar i luftvegane, halsbrann og svelgeproblem, svimle, kvalme og oppkast, trøytte, avsviming og auka somnbehov (hypersomnia), hovudverk, forverring av allergi/ astma og feber. Risikoen for slike reaksjonar ser ut til å vere lågare ved bruk av infraraud moxibusjon, og/ eller dersom behandlaren har montert særskilt avsug i lokala sine som tek bort røyken og hindrar innanding.
Alle som vil kan gje slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan moxabrenning eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har.
Den største risikoen ved moxabrenning er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårligare fordi pasienten sjølv og/ eller terapeuten feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
- Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar.
- Sjekk om din behandler står i Registeret for utøvere av alternativ behandling i Brønnøysundregistrene.
Moxabrenning er knytt til bruk av urtar i folkemedisinen og til bruken av akupunkta frå akupunkturen. Nokon meiner at slik brenning av urter på/ nær spesifikke stadar på kroppen har vore ei eiga form for behandling og at dette er eldre enn akupunkturen.
Det er kjent at moxabrenning opp gjennom tida har blitt brukt ved mange ulike helseproblem og med mange ulike mål: magesmerter, kviser, AIDS, mot aldring, allergisk rhinitt, Bektherevs, hjarte-arytmi, leddgikt, astma, åreforkalking, Bells parese, bronkitt, kreft, hjarte- og karsjukdom, smerter i nakken, hovudet og halsregionen, bivierknadar frå medisinsk kreftbehandling, som middel for å vakse, mot CFS/ ME, KOLS, ulike betenningar, forkjøling og influensa, forstopping og andre fordøyingsproblem, hoste, Crohns sjulkdom, demens, angst og depresjon, diabetes, svimle, dysenteri, menstruasjonsplagar, epilepsi, lammingar, fruktbarheit, feber, fibromyalgi, ulike smertelidingar, tap av høyrsle, blodtrykk og kolesterol-problem, søvnproblem, overgangsplager, osteoporose, hudplagar, luftvegsplagar, urinforstyrring, virusinfeksjoner, hårtap og vekttap.
Andre namn og nemningar
Andre norske namn: moksa, moksabrenning, moksibusjon
Utanlandske nemningar: Moxa, moxibustion, Aconite Cake-Separated Moxibustion, Acu-Moxi, Acu-Moxibustion, Angelica-Cake Moxibustion, Bird-Pecking Moxibustion, Chinetsukyu (Japanese), Cake-Separated Mild-Warm Moxibustion, Cake-Separated Moxibustion, Circling Moxibustion, Cone Moxibustion, Cotton Sheet Moxibustion, Crude Herb Moxibustion, Direct Cone Moxibustion, Dogbi (ST35) & Sulan Moxibustion, Drug-Separated Moxibustion, Du-Moxibustion, Dynamic Moxibustion, Electronic Moxibustion, Electrothermal Bian-Stone Moxibustion, Garlic Moxibustion, Ginger-Partitioned Moxibustion, Ginger-Salt-Partitioned Moxibustion, Grain-Shaped Moxibustion, Hand Moxibustion, Hanging Moxibustion, Heat-Sensitive Moxibustion, Herb-Cake Seperated Moxibustion, Herb-Partitioned Spread Moxibustion, Herbal-Moxa Moxibustion, Infrared Laser Moxibustion, Isolated Moxibustion, Isolated-Herbal Moxibustion, Kyutoshin (Japanese), Long Snake Moxibustion, Medicated Thread Moxibustion, Medicated Threads Moxibustion of Zhuang Nationality, Mild Moxibustion, Mild-Warm Moxibustion, Monkshood Cake-Separated Mild-Warm Moxibustion, Moving Moxibustion, Moxa, Okyu (Japanese), Partition-Bran Moxibustion, Partition-Herb Moxibustion, Pecking Moxibustion, Rice-Sized Direct Moxa, Snake Moxibustion, Solar-Term Moxibustion, Sparrow-Pecking Moxibustion, Substance-Partitioned Moxibustion, Suspended Moxibustion, Thin Cotton Moxibustion, Tortoise-Shell Moxibustion, Traditional Box Moxibustion, Warming Moxibustion, Warming Needle Moxibustion , Warming-Cup Moxibustion.
Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:
- Natural Medicines: Moxibustion (19.06.2020)
- Yuan T, Xiong J, Wang X, et al. The Effectiveness and Safety of Moxibustion for Treating Knee Osteoarthritis: A PRISMA Compliant Systematic Review and Meta-Analysis of Randomized Controlled Trials. Pain Res Manag. 2019;2019:2653792. Published 2019 Dec 17. doi:10.1155/2019/2653792
- Zhang HW, Lin ZX, Cheung F, Cho WCS, Tang JL. Moxibustion for alleviating side effects of chemotherapy or radiotherapy in people with cancer. Cochrane Database of Systematic Reviews 2018, Issue 11. Art. No.: CD010559. DOI: 10.1002/14651858.CD010559.pub2
- Wang T, Xu C, Pan K, Xiong H. Acupuncture and moxibustion for chronic fatigue syndrome in traditional Chinese medicine: a systematic review and meta-analysis. BMC Complement Altern Med. 2017;17(1):163. Published 2017 Mar 23. doi:10.1186/s12906-017-1647-x
- Coyle ME, Liang H, Wang K, et al. Acupuncture plus moxibustion for herpes zoster: A systematic review and meta-analysis of randomized controlled trials. Dermatol Ther. 2017;30(4):10.1111/dth.12468. doi:10.1111/dth.12468
- Choi TY, Lee MS, Kim JI, Zaslawski C. Moxibustion for the treatment of osteoarthritis: An updated systematic review and meta-analysis. Maturitas. 2017;100:33-48. doi:10.1016/j.maturitas.2017.03.314
- Li A, Wei ZJ, Liu Y, Li B, Guo X, Feng SQ. Moxibustion Treatment for Knee Osteoarthritis: A Systematic Review and Meta-Analysis. Medicine (Baltimore). 2016;95(14):e3244. doi:10.1097/MD.0000000000003244
- Kim KH, Lee MS, Kim TH, Kang JW, Choi TY, Lee JD. Acupuncture and related interventions for symptoms of chronic kidney disease. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 6. Art. No.: CD009440. DOI: 10.1002/14651858.CD009440.pub2.
- Sun YJ, Yuan JM, Yang ZM. Effectiveness and safety of moxibustion for primary insomnia: a systematic review and meta-analysis. BMC Complement Altern Med. 2016;16:217. Published 2016 Jul 13. doi:10.1186/s12906-016-1179-9
- He J, Jia P, Zheng M, Zhang M, Jiang H. Acupuncture for mumps in children. Cochrane Database of Systematic Reviews 2015, Issue 2. Art. No.: CD008400. DOI: 10.1002/14651858.CD008400.pub3.
- Choi TY, Lee MS, Ernst E. Moxibustion for the treatment of chemotherapy-induced leukopenia: a systematic review of randomized clinical trials. Support Care Cancer. 2015;23(6):1819-1826. doi:10.1007/s00520-014-2530-7
- Kim TH, Lee MS, Kim KH, Kang JW, Choi TY, Ernst E. Acupuncture for treating acute ankle sprains in adults. Cochrane Database of Systematic Reviews 2014, Issue 6. Art. No.: CD009065. DOI: 10.1002/14651858.CD009065.pub2.
- Park JW, Lee BH, Lee H. Moxibustion in the management of irritable bowel syndrome: systematic review and meta-analysis. BMC Complement Altern Med. 2013;13:247. Published 2013 Oct 2. doi:10.1186/1472-6882-13-247
- Coyle ME, Smith CA, Peat B. Cephalic version by moxibustion for breech presentation. Cochrane Database of Systematic Reviews 2012, Issue 5. Art. No.: CD003928. DOI: 10.1002/14651858.CD003928.pub3.
- Choi TY, Kim TH, Kang JW, Lee MS, Ernst E. Moxibustion for rheumatic conditions: a systematic review and meta-analysis. Clin Rheumatol. 2011;30(7):937-945. doi:10.1007/s10067-011-1706-5
- Kim TH, Choi TY, Shin BC, Lee MS. Moxibustion for managing type 2 diabetes mellitus: a systematic review. Chin J Integr Med. 2011;17(8):575-579. doi:10.1007/s11655-011-0811-2
- Zhang Y, Peng W, Clarke J, Zhishun L. Acupuncture for uterine fibroids. Cochrane Database of Systematic Reviews 2010, Issue 1. Art. No.: CD007221. DOI: 10.1002/14651858.CD007221.pub2.
- Lee MS, Choi TY, Park JE, Lee SS, Ernst E. Moxibustion for cancer care: a systematic review and meta-analysis. BMC Cancer. 2010;10:130. Published 2010 Apr 7. doi:10.1186/1471-2407-10-130
- Lee MS, Choi TY, Kang JW, Lee BJ, Ernst E. Moxibustion for treating pain: a systematic review. Am J Chin Med. 2010;38(5):829-838. doi:10.1142/S0192415X10008275
- Kim JI, Choi JY, Lee H, Lee MS, Ernst E. Moxibustion for hypertension: a systematic review. BMC Cardiovasc Disord. 2010;10:33. Published 2010 Jul 5. doi:10.1186/1471-2261-10-33
- Park JE, Lee SS, Lee MS, Choi SM, Ernst E. Adverse events of moxibustion: a systematic review. Complement Ther Med. 2010;18(5):215-223. doi:10.1016/j.ctim.2010.07.001
- Lee MS, Shin BC, Kim JI, Han CH, Ernst E. Moxibustion for stroke rehabilitation: systematic review. Stroke. 2010;41(4):817-820. doi:10.1161/STROKEAHA.109.566851
- Lee DH, Kim JI, Lee MS, Choi TY, Choi SM, Ernst E. Moxibustion for ulcerative colitis: a systematic review and meta-analysis. BMC Gastroenterol. 2010;10:36. Published 2010 Apr 7. doi:10.1186/1471-230X-10-36
- Suzuki M, Yokoyama Y, Yamazaki H. Research into acupuncture for respiratory disease in Japan: a systematic review. Acupunct Med. 2009;27(2):54-60. doi:10.1136/aim.2009.000471.
- Vas J, Aranda JM, Nishishinya B, et al. Correction of nonvertex presentation with moxibustion: a systematic review and metaanalysis. Am J Obstet Gynecol. 2009;201(3):241-259. doi:10.1016/j.ajog.2008.12.026
- Qi YZ, Fu LX, Xiong J, Wang ZL, Mou J, Lu YM. Systematic evaluation of acupuncture for treatment of post-stroke spastic paralysis. Zhongguo Zhen Jiu. 2009;29(8):683-688.
- Xiao L, Li B, Du YH, Xiong J, Gao X. Systematic evaluation of the randomized controlled trials about acupuncture and moxibustion treatment of allergic rhinitis. Zhongguo Zhen Jiu. 2009;29(6):512-516.
- Wang T, Zhang Q, Xue X, Yeung A. A systematic review of acupuncture and moxibustion treatment for chronic fatigue syndrome in China. Am J Chin Med. 2008;36(1):1-24. doi:10.1142/S0192415X08005540
- Yang H, Liu CZ, Chen X, et al. Systematic review of clinical trials of acupuncture-related therapies for primary dysmenorrhea. Acta Obstet Gynecol Scand. 2008;87(11):1114-1122. doi:10.1080/00016340802443798
- van den Berg I, Bosch JL, Jacobs B, Bouman I, Duvekot JJ, Hunink MG. Effectiveness of acupuncture-type interventions versus expectant management to correct breech presentation: a systematic review. Complement Ther Med. 2008;16(2):92-100. doi:10.1016/j.ctim.2008.01.001
- Lee MS, Shin BC, Ernst E. Acupuncture for rheumatoid arthritis: a systematic review. Rheumatology (Oxford). 2008;47(12):1747-1753. doi:10.1093/rheumatology/ken330