Krystallterapi

Krystallterapi byggjer på idéen om at krystallar og steinar kan bli brukt for å betre helsa. Lista over kva krystallterapi skal kunne hjelpa mot er er lang, og femnar behandling av konkrete helseproblem, førebygging og det å oppretthalde god helse.
Image
Mann med krystaller langs ryggraden.
Foto: Colourbox.com

Til dømes vert det sagt at selenitt (månestein) mellom anna skal hjelpe mot muskel- og skjelettplager, og safirar skal kunne redusere betennelsar og depresjonar.

Måten stein og krystall vert brukt på, varierar ein del. Nokon har dei på seg som smykke, legg dei i lomma, eller plasserer dei kring om i heimen. Andre legg dei i vatn for å overføre energi frå steinane, for så å drikke vatnet etterpå. 

Det finst fleire forklaringer av korleis krystallterapi skal verke. Ei slik går ut på at steinar og krystallar kan stråle ut energi som skjermar mot skadeleg stråling frå ytre miljø. Ei anna forklaring baserer seg på at dei skal ha energiar som kan påverke kroppslege organ og funksjonar. Kva mineral steinen består av, kva farge den har, og andre eigenskapar skal vere avgjerande for kva lækjande eigenskapar steinen har og kva problem den kan hjelpe mot. 

Det er ikkje påvist at steinar og krystallar har slike energiar og eigenskapar som det har vert skildra. Visse av dei kan rett nok ha målbare energiformer. Det er til dømes mogleg å måle magnetisme og radioaktiv stråling som finst naturleg i visse steinar. Men det ligg ikkje føre støtte til at dette gjer at steinane som ein brukar i krystallterapien kan førebyggje eller kurere helseproblem. 

Trua på at krystallterapi kan hjelpe mot helseproblem kan likevel ha ein viss verknad. Les meir om i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.

Per april 2023 finn vi ikkje forskning som oppfyller kriteria våre på krystallterapi. Ut i frå kriteria våre har ein då ikkje tilstrekkeleg støtte frå vitskapen til å hevde at krystallterapi har verknad mot spesifikke helseproblem. 

Steinar og krystallar brukt som alternativ behandling blir i utgangspunktet rekna som trygt, så lenge ein ikkje bytar ut naudsynt verksam behandling med krystallterapi. Den radioaktiviteten og magnetismen som finst naturleg i stein, vert vanlegvis rekna som ufarleg. 

Andre namn: steinterapi, krystallhealing

Generelle tryggingsreglar

Søk i april 2023 etter oppsummert forsking på krystallterapi i kjeldene våre.

Natural medicines comprehensive database: Crystal Therapy (krever abonnement, henta 12.04.23).

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: