Strengt forstått tyder krystall stein (mineral) som er bygd opp i faste, plane flater; ofte sekskanta eller pyramideforma. Denne artikkelen femnar terapeutisk bruk av stein generelt, det vil seie at den også femnar andre former enn krystall.
Ifylgje læra skal spesifikke sortar stein hjelpe for spesifikke problem, eller styrkje spesifikke kroppsfunksjonar, tankar, kjensler og kunne påverke korles du reagerar i ulike situasjonar.
Måten stein og krystall vert brukt terapeutisk på, varierar. Nokon har dei på seg som smykke, legg dei i lomma, eller plasserer dei kring om i heimen. Andre drikk vatn som det har lege krystallar i, fordi dei meiner dei då får i seg energi frå steinane, som har blitt trekt ut i vatnet.
Andre namn og nemningar:
Krystallhealing, crystal therapy, crystal healing
Det finst fleire forklaringar av korleis krystallterapi skal verke. Ei slik går ut på at steinar og krystallar gir frå seg spesifikk gunstig energi, eller skjermar mot skadeleg stråling frå det ytre miljøet:
Til dømes vert det sagt at energi frå krystall av månestein (selenitt) skal hjelpe mot muskel- og skjelettplager, og energi frå safir skal kunne redusere betennelse og depresjon. På det alternative feltet vert objekt i krystall- eller pyramideform også ofte rekna for å ha særleg gunstige eigenskapar, ved at dei speglar strukturen som molekyl og atom i kroppen har. Også fargen på steinen - og dermed bølgjelengda på lysenergien frå han - skal ha betyding for helseverknaden. I nokre variantar (krystallhealing) meiner dei at krystallar og steinar plassert utover kroppen kan reinse auraen; setje pasienten fri frå traumer og i kontakt med si eiga kraftkjelde og sanning. Forkjemparane for dette meiner at krystall er "lagra lysenergi" som behandlaren kan nytte til healing av pasienten sin.
Det er ikkje påvist at steinar og krystallar har slike helsebringande energiar og eigenskapar som krystallterapien seier. Det er heller ikkje påvist at stein i krystallform har særlege helseverknadar ved seg.
Visse steinar har rett nok målbare energiformer: Det er til dømes mogleg å måle den magnetismen og radioaktive strålinga som ein veit finst naturleg i visse steinar. Men dette gir ikkje støtte til at krystallterapi kan førebyggje eller kurere helseproblem.
Ved søk etter oppsummert forsking på krystallterapi i kjeldene våre i april 2023 fann vi ingen slike. Dette gjer at vi ikkje kan seie om krystallterapi verkar eller ikkje mot helseproblem. Det ein kan seie, er at påstandar om slik verknad ikkje har solid støtte i forskinga. Trua på at krystallterapi kan hjelpe mot helseproblem kan likevel ha ein viss helseverknad. Les meir om i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.
Steinar og krystallar brukt som alternativ behandling blir i utgangspunktet rekna som trygt, så lenge ein ikkje bytar ut naudsynt verksam behandling med krystallterapi.
Den radioaktiviteten og magnetismen som finst naturleg i stein, vert vanlegvis rekna som ufarleg.
Andre namn: steinterapi, krystallhealing
Vurderer du alternativ behandling? Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Søk i april 2023 etter oppsummert forsking i PubMed, The Cochrane Library, Web of Science, Embase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Natural Medicines og Drugs and Lactation Database (LactMed)
- Behandler.no: Hva er krystallterapi?
- Crystal academy of advanced healing arts: About crystal healing
- Det norske healerforbundet: Krystallhealing
- Healthline.com: Healing Crystals 101: Everything You Need to Know
- Mehren TM, Sky J (red.): New Age. Bokklubben 2007, ISBN 9788252565898
- Natural Medicines: Crystal Therapy (krever abonnement)
- Raphaell, Kathrina: Crystal Enlightenment: The Transforming Properties of Crystals and Healing Stones (Crystal Trilogy, Vol. 1). Aurora Press 1991, ISBN 10-0943358272
- Store norske leksikon: Krystallterapi