Kombucha

Image
Glass og flasker med kombucha på ei fjøl.
Illustrasjon: Lightfield, Mostphotos.com

Enkelt forklart, er kombucha ein fermentert drikk som består av te, sukker, bakteriar og gjær. Dette kan du kjøpe ferdig eller lage sjølv. Kombucha vert brukt som leskedrikk, men og medvite for å forsøke å unngå og å redusere helseproblem.

Ein reknar at kombucha vart oppfunne i den kinesiske regionen Mandsjuria kring 220 f. Kr. Namnet kombucha er satt saman av dr. Kombu, ein koreansk fysikar som tok denne teen med til Japan som ei gåve til keisar Ingyõ, og ordet «cha» som er det japanske ordet for te. 

Dei siste åra har drikken blitt svært populær verda over. Søk på nettet syner at mange meiner at kombucha kan førebyggje kreft, lindre leddgikt, hindre tap av hukommelse, behandle søvnproblem og stimulere immunforsvaret. Kombucha skal også vere gunstig for hjartesjukdom, vekttap, lever, diabetes 2, HIV/AIDS, infeksjon, mental helse, IBS, kolesterol m.m.

I denne artikkelen skal vi gå gjennom kva forskinga seier om effekt og risiko ved bruk av kombucha. 

Virkar det?

Det er gjort ein rekke undersøkingar på om kombucha kan gje betre helse. Laboratorieforsøk syner blant anna antibakteriell verknad, betre søvnkvalitet og redusert smerte hjå rotter. Funn frå slik forsking kan likevel berre reknast som ein indikasjon, og ikkje noko som kan overførast direkte til å gjelde for menneske. Forskinga seier vidare at kombucha ikkje kan reknast å medverke til vekttap, fordi kombucha er rikt på kaloriar og inneheld mykje sukker.

Ei oppsummering av forskinga fann ingen kliniske studiar av helseeffekt på menneske. Forfattarane konkluderte med at den som vurderer kombucha som behandling bør måle mangelen på bevis for helsefordelar opp mot den dokumenterte risikoen.

Slik sikrar vi kvaliteten i våre artiklar.
 

Er det trygt?

Å drikke kombucha vert rekna som trygt for dei fleste. Nokre kan oppleve til dels sterke sideverknadar og bør vere varsame. Dette gjeld blant anna gravide, kvinner som ammar, folk med diabetes og folk med nedsett immunforsvar. Drikken er ikkje pasteurisert, og kan gi bakterievekst som blant anna kan føre til kvalme, magesmerter og infeksjonar. 
Kombucha kan og svekke verknaden av diabetesmedisin. Sidan kombucha kan senke blodsukkeret, rår ein difor til  at folk med diabetes bør vere ekstra merksame på dette dersom dei ofte drikk kombucha. Det er ein viss sjanse for at denne drikken også kan forstyrre blodsukkernivået under og etter kirurgiske inngrep. Alle pasientar som skal opererast, bør derfor kutte ut kombucha minst to veker før inngrepet.

Det har blitt rapportert om nokre få tilfelle av allergiske reaksjonar, forgifting og leverskade etter at folk har drukke kombucha. 

Ein vurderer ferdiglaga kombucha som tryggare å drikke enn den heimelaga varianten, på grunn av hygiene og forhold i blandinga. Dersom du ynskjer å lage kombucha sjølv, rår ein til at du set deg nøye inn i både korleis du gjer det, og prosedyre for hygiene før du setter i gang. 

Generelle regler for tryggleik

•    Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du bruker eller vurderer å bruke. 
•    Snakk med instruktøren/terapeuten/behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp. 
•    Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling. 
•    NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar. 
•    Sjekk om din behandler står i Registeret for utøvere av alternativ behandling i Brønnøysundregistrene (ekstern nettside).

Bakgrunn

Heilt sidan menneska danna samfunn med jordbruk, har dei fermentert mat. Dette er ikkje berre på grunn av smak og tru på helsebringande verknad, men også for å gjere maten meir haldbar. Ost, yoghurt, brød, spekepølse, kaffi, øl og vin er alle døme på mat som av ulike grunnar har blitt gjæra.
For å lage kombucha, lagar ein først te, før ein  tilsett sukker og ein startkultur – ein så kalla scoby («symbiotic culture of bacteria and yeast»). Tilsetjinga sett i gang ein prosess med fermentering, som går for seg i ein periode på nokre få veker. Det som då skjer, er at gjær og bakterie frå startkulturen reagerer med sukkeret. Det vert danna ei organisk syre, som gir drikken ein karakteristisk, syrleg smak.

Kombucha inneheld ein liten mengde alkohol og koffein. Les meir om koffein.
 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: