Kombucha

Govva
Glass og flasker med kombucha på ei fjøl.
Illustrasjon: Lightfield, Mostphotos.com

Kombucha er ein fermentert drikk som består av te, sukker, bakteriar og gjær. Ein kan kjøpe ferdig drikke, eller lage den sjølv. Kombucha vert brukt som leskedrikk, men og medvite som behandling av helseproblem. 

Søk på nettet syner at mange meiner at kombucha kan førebyggje kreft, lindre leddgikt, hindre tap av hukommelse, behandle søvnproblem og stimulere immunforsvaret. Kombucha skal også vere gunstig for hjartesjukdom, vekttap, lever, diabetes 2, HIV/AIDS, infeksjon, mental helse, IBS, kolesterol m.m.

Det er gjort ein rekke undersøkingar på om kombucha kan gje betre helse. Laboratorieforsøk syner blant anna antibakteriell verknad, betre søvnkvalitet og redusert smerte hjå rotter. Funn frå slik forsking kan ikkje automatisk overførast til å gjelde for menneske.

Ved søk i kjeldene våre i 2023 fann vi dei fylgjande oppsummeringane av forsking på helseverknad av kombucha:

Både Ernst (2002) og Kapp et al (2019) oppsummerte det som per då var gjort av klinisk forsking på menneske, til at helseverknadane for det meste ikkje var relevante i korleis helsesituasjonen til studiedeltakarane utvikla seg.  

Tarmbakterie-nivå og overvekt-relaterte lidingar

Eit forskarteam leia av Mirian Aparecida de Campos Costa gjekk i 2023 gjennom femten studiar av korleis kombucha påverkar tarmbakterie-floraen og om det kan påverke overvekt-relaterte lidingar. Dei fann at inntak av kombucha såg ut til å dempe oksidativt stress og betennelsar, forbetre avgiftinga i levera, og balansere floraen av bakteriar i tarmen.

Forskarane meinte og at studiane ga støtte for at kombucha er gunstig for vektkontroll og behandling av overvekt-relaterte lidingar. Dei konkluderte likevel med at fleire studiar var naudsynte for å vere sikre på dette.

Å drikke kombucha vert rekna som trygt for dei fleste. Nokre kan oppleve til dels sterke sideverknadar og bør vere varsame. Dette gjeld blant anna gravide, kvinner som ammar, folk med diabetes og folk med nedsett immunforsvar. Drikken er ikkje pasteurisert, og kan gi bakterievekst som blant anna kan føre til kvalme, magesmerter og infeksjonar. 
Kombucha kan og svekke verknaden av diabetesmedisin. Sidan kombucha kan senke blodsukkeret, rår ein difor til  at folk med diabetes bør vere ekstra merksame på dette dersom dei ofte drikk kombucha. Det er ein viss sjanse for at denne drikken også kan forstyrre blodsukkernivået under og etter kirurgiske inngrep. Alle pasientar som skal opererast, bør derfor kutte ut kombucha minst to veker før inngrepet.

Det har blitt rapportert om nokre få tilfelle av allergiske reaksjonar, forgifting og leverskade etter at folk har drukke kombucha. 

Ein vurderer ferdiglaga kombucha som tryggare å drikke enn den heimelaga varianten, på grunn av hygiene og forhold i blandinga. Dersom du ynskjer å lage kombucha sjølv, rår ein til at du set deg nøye inn i både korleis du gjer det, og prosedyre for hygiene før du setter i gang. 

Gravide og kvinner som ammar

Natural Medicines reknar kombucha som muleg utrygt for gravide og kvinner som ammar, og rår derfor desse gruppene å bruke kombucha medisinsk.

Generelle regler for tryggleik

Heilt sidan menneska danna samfunn med jordbruk, har dei fermentert mat. Dette er ikkje berre på grunn av smak og tru på helsebringande verknad, men også for å gjere maten meir haldbar. Ost, yoghurt, brød, spekepølse, kaffi, øl og vin er alle døme på mat som av ulike grunnar har blitt gjæra.

Ein reknar at kombucha vart oppfunne i den kinesiske regionen Mandsjuria kring 220 f. Kr. Namnet kombucha er satt saman av dr. Kombu, ein koreansk fysikar som tok denne teen med til Japan som ei gåve til keisar Ingyõ, og ordet «cha» som er det japanske ordet for te. Dei siste åra har drikken blitt svært populær verda over.

For å lage kombucha, lagar ein først te, før ein  tilset sukker og ein startkultur – ein så kalla scoby («symbiotic culture of bacteria and yeast»). Tilsetjinga sett i gang ein prosess med fermentering, som går for seg i ein periode på nokre få veker. Det som då skjer, er at gjær og bakterie frå startkulturen reagerer med sukkeret. Det vert danna ei organisk syre, som gir drikken ein karakteristisk, syrleg smak.

Kombucha inneheld små mengder alkohol og koffein. Les meir om koffein.
 

Søk i desember 2023 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Natural Medicines og Drugs and Lactation Database (LactMed)

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: