Salvie

Som medisinplante er salvie mest kjend brukt mot hudplagar, plagar i munn og hals, fordøyingsproblem og ved overdriven sveitting.
Image
Bilde av en bunke salvieblader
Foto: Colourbox.com

Dette faktaarket gjeld Salvia officinalis og Salvia lavandulaefolia.

Officinalis-varianten er den vanlegaste, både til medisinsk, kommersielt og hagebruk. Sjølv om artane er nært i slekt, kan ein ikkje seie at dei har lik verknads- og biverknadsprofil.

Det er bladet og den eteriske olja (lenkje til Store norske leksikon) frå salvie-planten som blir brukt medisinsk. Ein veit at salvie inneheld ei rekkje biologisk aktive stoff, så som rosmarinsyre, carvacrol og luteolin, circiliol, linalool, alpha-terpineol, 1,8-cineole, alpha-pinene, caryophyllene epoxide, geraniol, kamfer og thujon. Dei sist nemnde kan i høge dosar vere giftige og angripe nervesystemet (lenkje til Store norske leksikon).

Laboratorieeksperiment har vist at innhaldet av salvie har ulike eigenskapar, som mellom anna antioksidant (lenkje til Store norske leksikon)antikolinesterase (lenkje til Store medisinske leksikon), CNS-depressiva (hemming av sentralnervesystemet), inflammasjonshemmande (lenkje til Store medisinske leksikon)prooksidant og konvulsant (krampeframkallande).

Ved søk i våre kjelder i juni 2020 fann vi èi oppsummering som møtte kriteria våre til forskinga på salvie: Marco Miroddi med fleire fann i gjennomgangen sin av forskinga per 2014 at oralt inntak av ekstrakt av vanleg og spansk salvie såg ut til å forbetra kognitiv funksjon hjå pasientar med mild til moderat Alzheimers sjukdom, ved opp til 4 månaders bruk.

Salvie blir rekna som trygt i dei mengdene ein vanlegvis bruker i mat. Salvie bør ikkje brukast i store dosar over lang tid, mellom anna fordi det inneheld kamfer (Store norske leksikon) og thujon, som i høge dosar begge kan vere giftige og angripe nervesystemet (Store medisinske leksikon).

Biverknadar

Salvie kan gje biverknadar som kvalme, oppkast, magesmerter, svimmelheit og tung pust. Store dosar kan gje forgifting av levra og nervesystemet. Lang tids bruk kan gje biverknader som hurtig puls (takykardi), skjelving, anfall og nyresvikt.

Ved bruk av salviespray har det vore rapportert om tilfelle av halsbrann, leppebetennelse, betennelse i munnslimhinna og tørr munn. Dersom du opplever at nokre av biverknadene blir alvorlege, eller du får biverknader som ikkje er nemnde her, bør du kontakta lege.

Frå forskinga veit ein at salvie kan auka blodtrykket, kan seinke blodsukkeret hjå pasientar med diabetes type 2, og føre til epileptiske anfall. Natural Medicines rår difor personar med diabetes, høgt blodtrykk og/ eller epilepsi til å drøfte eventuell medisinsk bruk av salvie med lækjar på førehand.

Personar med kjend allergi mot salvie eller andre plantar i leppeblomstfamilien vert rådde til å unngå bruk av salvie.

Interaksjonar

Salvie kan endre verknaden av visse medisinar, andre urter og kosttilskot, og dessutan påverke resultatet av medisinske prøver. 

Naturmedisin (plantebaserte legemiddel, lenkje til Helsenorge) bør ikkje brukast 1-2 veker før operasjon, fordi produkt med urter kan påverka bløding under operasjonar.  

Er du usikker på om den totale samanstillinga di av midlar er trygg, oppmodar me deg til å kontakta legen din eller anna autorisert helsepersonell. Saman kan de kontakta RELIS med dei spørsmåla de måtte ha om interaksjonar eller liknande. RELIS har også ein open database med spørsmål og svar som er søkbar.

For gravide

Innhaldsstoffet thujon kan gje blødingar, menstruasjon og abort, og dette gjer at Natural Medicines rår gravide til å ikkje bruke salvie.

For ammande og spedborn

Det finst få forskingsdata om tryggleiken ved salvie for ammande og spedborn. Noko forsking som er gjort, har gitt grunn til mistanke om at oralt inntak kan seinke produksjonen av morsmjølk.

Generelle tryggingsreglar

  •  

Salvie er ein halvbusk som kan bli 50-60 cm høg. Den blir dyrka over heile Europa og i USA, og det er blada som blir brukte medisinsk. Det finst over 700 artar av salvie. 

Som medisinplante har salvie vore kjend i fleire kulturar i lang tid. Planten vart bringa nordover frå middelhavslanda av benediktinarmunkane rundt år 800. Salvie vart frå mellomalderen rekna som eit universalmiddel mot ei lang rekkje helseplager.

Salvie er kjend oralt innteke mot plager i munn og hals, menstruasjonsplagar, leversjukdommar, fordøyingsproblem som oppblåstheit, diaré og forstopping, og dessutan mot halsbrann, overdriven sveitting, forkjøling, trøske hos barn, angst og depresjon, polycystisk ovariesyndrom (PCOS), ved høgt kolesterol, overgangsplagar hos kvinner og for å hemma mjølkeproduksjonen ved avslutning av amming.

Utvortes har salvie vore påsmurd huda mot sår og betennelsar i huda, mot herpes labialis (forkjølingssår), heshet (laryngitt), halskatarr (faryngitt) og betente mandlar. Det har også vore påsmurd huda etter soling for å forhindra solbrenthet.

Det har også vore brukt aromaterapeutisk, ved innanding av eterisk olje mot astma, og for å forbetra minnet og kognitiv funksjon.

Andre namn

Andre norske namn: Tesalvie, kryddersalvie 
Latinsk namn: Salvia officinalis
Engelske namn: Sage
Familie: Leppeblomstfamilien (Lamiaceae)

Flere av kildene fører til eksterne nettsider:

  • Natural Medicines: SAGE (hentet 10.12.20, krever abonnement)
  • Drugs and Lactation Database (LactMed) [Internet]. Bethesda (MD): National Library of Medicine (US); 2006-. Sage. (hentet 10.12.20)
  • Miroddi M, Navarra M, Quattropani MC, et al. Systematic review of clinical trials assessing pharmacological properties of Salvia species on memory, cognitive impairment and Alzheimer's disease. CNS Neurosci Ther. 2014;20(6):485-95. 
  • Bruun, Erik og Budde Christensen (1998): Klassiske legeplanter. Oslo. Aschehoug.
  • Hoppe, Elisabeth (1998): Dyrking og bruk av urter. Oslo. Orion.
  • Høiland, Klaus og Inger Nordal (1983): Kinabark og Kjerringrokksystematisk botanikk med vekt på medisinplanter. Oslo. Univ.forlaget.
  • Nylenna, Magne og Hege Røyert (2006): Store medisinske leksikon. Oslo, Kunnskapsforlaget.
  • Øyri, Audun og Bjørg Øyri (2007): Norsk medisinsk ordbok. Oslo.Samlaget
  • Aust-Agder Arkivet: Urter i litteraturen.
  • EMA

Les også

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: