Psykosyntese

Psykosyntese er ei form for samtaleterapi, som blir brukt mot blant anna psykiske helseplager.
Image
Bilde av mann som sitter på en seng og mediterer
  • Psykosyntese er ei form for samtaleterapi, som ofte vert kombinert med meditasjon, visualisering og kunstnerisk aktivitet. Psykosyntese vert oftast nytta ved vegleiing (coaching) og ved psykiske helseplager.
  • Etter våre kriterier fins det ikkje solid vitskapelig støtte for å hevde at psykosyntese virker.
  • Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av psykosyntese.
Virkar det?

10. februar 2014 innehald kjeldene våre ingen oppsummeringer om psykosyntese. Det betyr at det etter våre kriterier ikke finnes solid vitenskapelig dekning for å hevde at psykosyntese verkar.

Ynskjer du sjølv å leite etter forskning på psykosyntese, kan du søke i den amerikanske databasen PubMed. Denne basen vert rekna som det største opne arkivet over enkeltstudiar innan medisin og behandling.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleik ved bruk av psykosyntese. Kjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte psykosyntese.

Biverknadar

Ifylgje kjeldene våre er det ikkje registrert alvorlege biverknadar ved bruk av metoden. Dersom du likevel opplever negative verknadar som du meiner skuldast psykosyntese, bør du kontakte lækjar.

Generelle tryggingsreglar

  • Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderar å bruke.
  • Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
  • Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
  • Denne og dei andre omtalane av terapiar på nettstaden er meint som opplysing, og gjev inga offentleg kvalitetssikring eller godkjenning av terapiar eller utøvarar. NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAM sine omtalar eller manglande slike. Les meir om dette her.
Bakgrunn

Italienaren Roberto Assagioli (1888-1974) vert rekna som grunnleggjaren av psykosyntesen. Han var elev hjå Sigmund Freud, men meinte at Freud sin psykoanalyse la for stor vekt på tidlegare sjukdom og traumatiske opplevingar hjå pasienten.

Motsett av psykoanalytikarane, meinte Assagioli at ein må ta utgangspunkt i korleis pasienten sin situasjon er i dag, her og no. Han utvikla difor ein eigen metode, som han kalla psykosyntese.

Ifylgje psykosyntesen er alle menneske opphavleg og grunnleggjande friske, utstyrte med indre ressursar som kan hjelpe kroppen og sinnet å lækje  seg sjølve. Målet i psykosyntesen er difor å gjere klientane kjende med sine sterke sider, valgmoglegheiter, og å gi dei viljestyrke og sjølvkjensle til å gjennomføre endringar. Psykosyntesen vert difor også kalla viljen sin psykologi.

I psykosyntese plar ikkje utøvarane å stille diagnose. I staden kallar dei det å i lag med klienten. På same vis omtalar dei terapien sin for med klienten, for å oppnå desse måla. Difor byrjar dei ofte med å kartleggje klienten sine forventningar og eigne mål for terapien. Vanlege tema kan vere klienten sin “her-og-no”-situasjon, klienten sine eigne mål, og kva ressursar og sterke sider utøvaren meiner at klienten har og bør leggje vekt på for å nå måla sine.definere mål for behandlingasamarbeid

Psykosyntesen legg vekt på at klienten har ulike rollar, som til dømes å vere forelderen, bornet, den ansvarsfulle og pliktoppfyllande, klovnen, den rampete el.l. Ifylgje psykosyntesen er det viktig å kartlegge og vurdere kva rollar ein har. Dersom ein har for mange og sprikande rollar, kan ein ifylgje teorien oppleve eit kaos av kjensler. Utøvarane meiner at psykosyntese kan hjelpe mot dette, når klienten fyrst vert bevisst, og deretter får dei ulike rollane sine til å “spele på same lag”. 

Ifylgje utøvarane kan klientane lære seg å nytte psykosyntesen på eiga hand utanfor behandlingstimane, og slik kunne ta betre valg og oppnå gunstig varig endring.

Internasjonalt vert psykosyntese nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at psykosyntese er trygt eller har vitskapleg dokumentert verknad mot desse.

Variantar: Nokon omtalar psykosyntese som “sjela sin psykologi” eller  “viljen sin psykologi”. Engelsk namn: Psychosynthesis

Kjelder

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: