Psykodramaterapi

Image
Skuespillere som er på scenen og øver
Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Psykodrama er ei form for samtale- og uttrykksterapi (psykoterapi), der ein i tillegg til den terapeutiske samtalen nyttar seg av teaterinspirerte verkemiddel, og set i scene situasjonar frå pasienten sitt liv. Situasjonane kan vere reelle eller tenkte, frå fortid, notid eller framtid. Psykodrama vert brukt i terapi med enkeltpersonar, par eller grupper. 

Hvis terapien foregår i par eller gruppe er det vanleg at deltakarane, med rettleiing frå terapeteuten, inntar ulike roller i historia som vert presentert. Er det tale om éin person som går i terapi,  inntar terapeuten ein eller fleire av rollane eller brukar «den tomme stolen» og rekvisitter. Den tomme stolen er ein teknikk som også er kjend frå gestaltterapien, og du kan lesa meir om denne i artikkelen vår om gestaltterapi.

Psykodramaterapeutane seier at målet med terapien er å styrke pasienten si evne til å ta val og føle meistring i eigen livssituasjon. Under behandlinga blir deltakarane oppfordra til å kjenne på, forstå og meistre gamle kjensler, og såleis lære seg å reagere på situasjonar og handtere konfliktar på ein ny og betre måte. Sjå kapittelet Bakgrunn for detaljar om ulike element som inngår i terapien.

Det har blitt forska på psykodrama for ulike helserelaterte problem. Ei kartlegging gjort av Mengyu Lim med fleire i 2021, listar til dømes stress, smerter, aggresjon, sinne og utagering, lågt sjølvbilete, PTSD, traume etter valdsepisodar eller seksuelle overgrep, vanskar og hemmingar knytt til autisme-spekteret, ulike former for angst, depresjon, paranoia, schizofreni, spiseproblem (overvekt, bulimi, anoreksi med meire), demens og Alzheimer, ulike former for misbruk, seksuelle problem, kjønnsidentitet, samt for auka livskvalitet.
 

Det er generelt semje om at rettleia samtale, med eller utan bruk av ulike former for kunstnariske uttrykk, kan vere til hjelp i arbeidet med til dømes minne om vonde opplevingar, uønskte kjenslemessige reaksjonar på folk, stadar, situasjonar og liknande.
Ved søk i kjeldene våre i april 2023 etter systematiske oppsummeringar av forsking spesifikt på psykodrama, fann vi fylgjande:

Angst hjå personar med Parkinsons sjukdom

Eit forskarteam leia av Amy Roper gjekk i 2022 gjennom forskinga på ulike psykoterapiar for angst hjå Parkinson-pasientar. Dei fann at personsentrerte metodar så som psykodrama verka lovande som angstdemping hjå denne pasientgruppa. Men dei peika på at det var få studiar og at ein må ha fleire og meir konsistente resultat før ein kan seie dette sikkert.

Mental helse og velvære under og etter COVID-19 pandemien

Lulu Jiang med fleire gjekk i 2023 gjennom forskinga på kva betyding psykodrama og andre dramaterapiar kunne ha for den mentale helsa til folk under og etter pandemien. Ut frå 25 studiar fann dei at drama-basert terapi generelt såg ut til å betra folk si mentale helse og det mentale velværet deira i høve til depresjon, frykt for sjukdomen, einsemd og isolasjon frå sikringstiltaka som vart innførte. Dei konkluderte med at funna var lovande, men at ein treng meir forsking for å kunne slå fast nytten av slik terapi.

Psykososiale problematiske reaksjonar

Lopez-Gonzalez leia i 2021 ei oppsummering av forskinga på psykodrama-behandling i gruppe for ei rekkje psykososiale problematiske reaksjonar, mellom anna depresjon, fysisk og verbal aggresjon, tilbaketrekt oppførsel, sinnemeistring, manglande empati, dårleg sjølvbilete, dårleg impulskontroll og andre reaksjonar etter traume, samt kronisk arbeidsrelatert stress. Forskarane fann at deltakarane meinte at psykodrama hjelpte med å minske stress og uro, og betra livskvaliteten deira. Dei konkluderte likevel med at resultata verka å vere kortvarige, og at ein må gjere fleire studiar før ein kan slå fast metoden sitt reelle potensiale for desse psykososiale faktorane.

Schizofreni og liknande sjukdom

I Cochrane-oppsummeringa si frå 2007, gjekk forskarane Rachel Ruddy og Kim Dent-Brown gjennom forskinga på psykodrama og annan dramaterapi som tillegg til medisinsk behandling av schizofreni og liknande sjukdomar. Dei gjorde ingen funn av betyding om nytte og tryggleik ved slike behandlingar, men på grunn av uklår og dårleg rapportering i studiane, konkluderte dei med at meir forsking med betre metodar måtte gjerast før ein kan seie noko til eller frå om verknad.

Forskinga som per 2023 er gjort på psykodrama, rapporterer ikkje om biverknadar eller risiko for forverringa av helsetilstanden.

I gruppeterapi deler ein ofte intime ting og sensitive opplysingar. Jamført alternative behandlingslova har ein behandlar som tilbyr psykodramaterapi teieplikt. Er terapeuten helsepersonell gjeld også helsepersonellova. Dei som får terapi er likevel ikkje automatisk bundne av lova. Du bør difor spørje terapeuten du vurderer korleis dei sikrar at sensitive opplysningar ikkje kjem vidare etter gruppeterapien.

Det å snakke om og setje i scene negative kjensler, traume og personlege opplevingar veit ein kan gje sterke reaksjonar. Det finst ikkje felles krav om kompetanse eller retningsliner for alle psykodrama-terapeutar for å handtere slike reaksjonar. Du bør difor spørje terapeuten du vurderer, om korleis hen brukar å handtere slike høve.

Graviditet og amming

Korkje Natural Medicines eller LactMed inneheldt på søketidspunktet opplysingar om tryggleiken ved psykodrama særskilt for gravide og kvinner som ammar.

Generelle tryggingsreglar

•    Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke. 
•    Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp. 
•    Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling. 
•    NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar. 
•    Sjekk om din behandlar står i Registeret for utøvere av alternativ behandling i Brønnøysundregistrene.
 

Psykodrama vart utvikla på 1920-talet av den austerrikske psykiataren Jacob Levi Moreno (1889-1974). Målet hans var å styrke individet sin spontanitet, det vil seie kor fritt, kreativt og ope ein klarar å utfalde seg.

Moreno talar og om forskjellige indre roller, eller delar av personlegdomen. Psykodramaterapi inneheld difor teknikkar som rollebyte, dublering og spegling. Desse  skal gi pasienten eit utvida perspektiv på sin indre dialog og på konkrete situasjonar, og nye tankar og idéar som grunnlag for nye og betre handlingar. 

På 1930-talet introduserte han omgrepet gruppepsykoterapi og grunnla dei faglege forbunda International association for group psychotherapy (IAGP) og American society of group psychotherapy and psychodrama (ASGPP).

Psykodramaterapi kan forståast som ei grein innan humanistisk psykologi (lenkje til Store norske leksikon), som tek utgangspunkt i at menneske har talent og ressursar som kan nyttast i arbeidet med hinder og plager som dei møter i liva og relasjonane sine. I tråd med denne retninga seier den norske utøvarorganisasjonen at terapeutane deira legg lite vekt på å diagnostisere, og at behandlinga er basert på klienten si frie vilje kor hen avgjer tempoet og kor mykje hen vil ta del.

Trass i ei slik ikkje-dirigerande terapeutisk tilnærming kan ein ifylgje Røine (1992) og American society of group psychotherapy and psychodrama (ASGPP) likevel identifisere nokre faste element og delar av ei psykodrama-økt:

•    Hovudpersonen: Den eller dei i gruppa som vert valde til å "representere tema" i økta
•    Hjelpe-egoa: Dei som tek rolla som andre viktige personar i dramaet
•    Publikum: Gruppemedlemmar som er vitne til dramaet
•    Scena: Det fysiske rommet som dramaet går føre seg i
•    Regissøren: Psykodramaterapeuten, som rettleiar deltakarane gjennom kvar fase i økta

I grupper medverkar deltakarane i kvarandre si dramatisering av eit tema, som er knytt til hovudpersonen for økta. Terapeuten si rolle vert omtala som den som leier og legg til rette for aktiviteten i økta. Ei psykodrama-økt består gjerne av tre delar:

•    Oppvarminga: Temaet for økta vert identifisert, og hovudpersonen valt
•    Handlinga: Problemet vert dramatisert, og hovudpersonen utforskar sine kjensler og tankar rundt situasjonen og ulike måtar å løyse det på
•    Delinga: Gruppemedlemmane vert inviterte til å seie noko om kva dei kjente seg igjen i og kva arbeidet vekte i dei. Dei skal ikkje kommentere hovudpersonen sitt arbeid eller komme med råd og tolkingar

Under behandlinga vurderer psykodramaterapeuten utviklinga til deltakarane. Til dømes vurderer terapeuten deltakaren si evne til å byte roller, og om rollene endrar seg eller er statiske. Terapeuten vil også følgje med på om rollebyta med menneske frå personen sitt verkelege liv utviklar seg frå karikerte til meir aktive, spontane og undersøkande. Utvikling vert og vurderast ut frå korleis pasienten sjølv vurderer funksjonsnivået sitt og om hen tykkjer at psykodrama hjelper med å nå måla for behandling, (Borge,2011; Lim et al. ,2021; Moreno 1972).

Ifylgje utøvarorganisasjonen PiN vart psykodrama introdusert i Noreg som terapi av psykologspesialisten Eva Røine (lenkje til wikipedia.org). I 1986 starta ho opp med tilbod om norsk utdanning i psykodramaterapi etter Moreno sine idéar.

Ifylgje PiN vert psykodramaterapi tilbudt både utanfor og innanfor den offentlege helsetenesta, av både personar med og utan helsefagleg autorisasjon. Dei seier også at i tillegg til helserelatert behandling, vert psykodrama i tilpassa form brukt innan skodespel og teater, som pedagogisk verktøy, samt til coaching innafor leiarskap, organisasjonar og bedrifter.

Psykodramaterapeut er ikkje ein verna tittel, og krev ikkje noko spesiell utdanning, lisens, autorisasjon, tillating eller liknande for å tilby behandlinga. Det er likevel rimeleg å anta at mange av dei som kallar seg psykodrama-terapeut i Noreg i dag fyller krava for medlemskap i Psykodramaforeningen i Norge (PIN). 

NAFKAM reknar psykodrama som ei form for alternativ behandling (lenkje til lovdata.no), fordi psykodrama (mellom anna) har klåre helserelaterte føremål (sjå eksempel frå forskinga i innleiinga og i kapitelet «Verkar det?»), og fordi psykodrama i Noreg hovudsakleg vert tilbudt av personar utan helsefagleg autorisasjon, utanfor den offentlege helsetenesta. 

Andre namn: Moreniansk aksjonsmetodikk
Engelske namn: Psychodrama therapy, morenian action methods.
 

Fleire av lenkjene leiar til eksterne nettstadar.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: