Norske pasientorganisasjonar

Det finst mange interesseorganisasjonar for pasientar, pårørande eller etterlatne.

Image
Illustrasjon av nettverk eller organisasjonskart på lys bakgrunn med noen sterke relasjonsstreker og noen svakere relasjonsstreker mellom mennesker
Bilde: Mostphotos.com

Slike kan fungere som kjelder til meir kunnskap, erfaringsutveksling og sosialt fellesskap med utgangspunkt i felles sjukdom/helsetilstand.

Her følgjer ei liste over dei norske pasientforeiningane og -forbunda som me kjenner til for pasientar eller personar som har vorte friske frå ein sjukdom; for pårørande eller etterlatne ved sjukdom. Dei som står i lista, er registrerte i Einingsregisteret (Brønnøysund) som ideell- eller interesseorganisasjon for personar med felles trekk i helsetilstanden, helseplager eller -problem.

Føremålet med lista er at du skal kunne gjere deg kjend med om det finst ein organisasjon for høve ved helsa som er relevant for deg. 

Oppføring på lista betyr ikkje at vi ved NAFKAM har kvalitetsvurdert, godkjent eller støtter alt som desse organisasjonane uttalar og gjer. NAFKAM står heller ikkje ansvarleg for tilgang til eller innhaldet på nettsidene deira.

NAFKAM kan ikkje garantere at lista er fullstendig eller oppdatert til kvar tid. Send oss ein e-post dersom organisasjonen din manglar, og kan stå på lista.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: