Norske pasientorganisasjonar

Det finst mange interesseorganisasjonar for pasientar, pårørande eller etterlatne.

Image
Illustrasjon av nettverk eller organisasjonskart på lys bakgrunn med noen sterke relasjonsstreker og noen svakere relasjonsstreker mellom mennesker
Bilde: Mostphotos.com

Slike kan vera kjelder til meir kunnskap, erfaringsutveksling og sosialt fellesskap med utgangspunkt i felles sjukdom/helsetilstand.

Her følgjer ei liste over dei norske pasientforeiningar og -forbund som me kjenner til for pasientar eller personar som har vorte friske frå ein sjukdom; for pårørande eller etterlatne. Føremålet med denne lista er at du skal kunna gjera deg kjend med om det finst ein organisasjon for helsemessige aspekt som er relevant for deg.

NAFKAMS krav for oppføring på lista er at dei er oppførte i Einingsregisteret (Brønnøysund) som ideell organisasjon eller interesseorganisasjon for personar med felles trekk i helsetilstanden, helseplager eller -problem.

Oppføring på lista betyr ikkje at NAFKAM har kvalitetsvurdert, godkjent eller støtter alt desse organisasjonane uttalar og gjer. NAFKAM står heller ikkje ansvarleg for tilgang til eller innhaldet på nettstadane deira.

Me kan ikkje garantera at lista er fullstendig eller oppdatert til kvar tid. Send oss ein e-post dersom organisasjonen din ønskjer å førast opp på lista.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: