Rolfing | NAFKAM

Rolfing

Rolfing er ei form for massasje. Målet med behandlinga er å gje pasienten betre kroppshaldning. Behandlarane meiner at ei god kroppshaldning er viktig for både fysisk og psykisk velvêre. Rolfing er mest kjent brukt ved kroniske smerter.

Det er gjort lite forsking på rolfing. Det ein veit, har imidlertid gjeve forskarane grunnlag for å rå fleire grupper til å vere på den sikre sida med å bruke rolfing som behandling. 

Virker det?

1.oktober 2020 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på rolfing. Det vil seie at påstandar om verknad etter våre kriterie ikkje har solid vitskapleg støtte.

Er det trygt?

Rolfing vert rekna som trygt for folk flest, men forskinga har gjeve grunn til å oppmode visse grupper om å vere varsame med bruk av slik behandling.

Ut over vanlige biverknadar rapportert for manuelle/ fysikalske behandlingar ligg det føre få opplysingar om biverknadar.

Forskingskjeldene våre rår gravide og dei som ammar til å vere på den sikre sida og ikkje bruke rolfing fordi ein veit lite om eventuell risiko for desse gruppene. 

Dersom du merkar negative verknadar som du meiner skuldast behandlinga, bør du kontakte lækjar.

Alle som vil kan kalle seg "rolfar"*)  og gje slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan rolfing eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. Ikkje alle som tilbyr/ gjev rolfing i Noreg står i Utøverregisteret eller er medlem i noko utøverforbund, og treng difor korkje ha skadeforsikring eller å halde seg til bransjekrav og -reglar.

Generelle tryggingsreglar

  • Mangel på rapporterte biverknadar er ikkje det same som at ei behandling er dokumentert som trygg. Biverknadar innan  alternativ behandling er ofte underrapportert.
  • Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å prøve
  • Ikkje bytt ut naudsynt behandling frå helsetenesta med alternativ behandling
  • Når du brukar alternativ behandling, er rettsvernet ditt svakare enn når du brukar offentlege helsetenester. Som pasient hjå alternative behandlarar er du ved skade som regel ikkje dekt av Norsk Pasientskadeerstatning.

Du kan lese meir om dette i vår artikkel om juridisk trygging og i pasientrettleiinga vår for bruk av alternativ behandling.

Bakgrunn

Rolfing er ei form for massasje. Ein reknar behandlinga som utvikla av biokjemikeren Ida P. Rolf på 1950-talet.

Rolf meinte at det naturlege for mennesket er å ha en rak kroppsholdning, og å røre seg i det ho kalte balanse med tyngdekrafta. I fylgje Rolf gjer ei dårleg kroppshaldning at ein kjemper mot tyngdekrafta. Dette meinte ho svekkjer kroppsfunksjonar og at ein blir meir utsett for sjukdom.

Utøvarane vert kalla rolfarar. Dei tek utgangspunkt i at stive muskelhinner gir dårleg kroppshaldning, lut rygg eller høge skuldre. Årsaken til stive muskelhinner er ifylgje rolfarane aldring, skade eller negative opplevingar og kjensler som dei meiner "set seg” i muskelhinnene.

Målet med rolfing er å korrigere pasienten si kroppshaldning attende til det dei kallar ei “naturleg rak" form. Ifylgje rolfarane vil ein då også gjenopprette fysisk og psykisk velvêre. Rolfarane meiner at ein kan oppnå dette ved å massere pasienten sine muskelhinner.

Frå den internasjonale litteraturen veit ein at rolfing vert nytta som behandling av fleire typar helseproblem. Mellom anna veit ein at rolfing vert brukt ved smerter, til dømes i korsryggen og ved hovudverk, men og ved lidingar som kronisk utmattelsessyndrom, cerebral parese (CP), stress, angst, slitasjegikt, karpaltunnelsyndrom og fleire andre helseproblem. 

Dette er ikkje det same som at behandlinga er trygg eller har vitskaplig dokumentert verknad mot desse. 

I behandlinga masserar utøvaren klienten sine muskelhinner, oftast ved å presse roleg med fingrar, knoken, underarm, alboge og kne.

Undervegs i behandlinga freistar utøvaren å identifisere spenningar og feilbelastningar i kroppen, ved å observere pasienten sine reaksjonar nøye. Massasjen går oftast føre seg medan pasienten ligg, står eller sit. Ifylgje kjeldene våre er det vanleg med ei behandling i veka, og ein må rekna ca 10 behandlingar.

*) Sjølv om alle kan tilby og utøve rolfing, er Rolfing eit registrert varemerke i Noreg. Då kan ikkje alle markedsføre behandlinga si som rolfing - ein må ha løyve frå den som innehar varemerket til å nytte denne nemninga.

Variantar: Rolfing vert og kalla “strukturell integrasjon”.
Engelske namn: Rolfing, structural integration , bodywork, manipulative therapy, postural release og somatic ontology.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: