Radioni

Image
Rød radiofrekvens på en svart bakgrunn
Foto: Colourbox.com

Radioni er ei type fjernhealing, der utøvarane nyttar eit såkalla radioni-apparat. Behandlinga skjer ved at du sender inn ei prøve av blodet ditt, nokre hårstrå eller av handskrifta di. Deretter legg utøvaren prøva inn i radioni-apparatet og strålar det med elektromagnetisk stråling.

Då skal dette apparatet kunne vise kva som feilar deg, ved at det skal gje oversikt over usunne frekvensar i prøva du har sendt inn. Etterpå skal apparatet kunne brukast til å behandle deg via prøva di med sunne mot-frekvensar, fordi utøvarane meiner at slik stråling vil rette opp ubalansar i kroppen din uansett kvar du er.

Ved søk i kjeldene våre i juni 2023 var det inga forsking på radioni som passar med krava våre. Det vil seie at det ikkje ligg føre nok dokumentasjon som støtter påstandar om at behandling med radioni verkar.

Det finst heller ikkje støtte for fjernbehandling slik utøvarane meiner radioni verkar. Opning og inspeksjon av radioni-apparat har synt at dei er enkle innrettingar som nesten ikkje gjev frå seg elektromagnetisk stråling i det heile. Det amerikanske FDA har erklært at radioni-apparat ikkje kan ha nokon verdi til medisinsk bruk.

Elektromagnetisk stråling kan nyttast til helseføremål på andre måtar enn slik radionen meiner. Helsetenesta og skulemedisinen nyttar seg dagleg av dette, både for å sette diagnosar og å behandle sjuke folk. Nokre døme på dette er røntgenfotografering, strålebehandling av kreft, og elektromagnetisk stråling mot depresjon.

Fjernbehandling med radioni der prøvemateriale frå pasienten vert stråla for undersøkjing og behandling, reknast som ufarleg.

Fleire av helseproblema og tilstandane som radioni vert sagt å verke mot, kan bli alvorlege dersom dei ikkje vert behandla i tide. Difor bør ein ikkje bytte ut verksam behandling til fordel for radioni eller anna alternativ behandling.

Generelle tryggingsreglar

Utviklinga av radioni-behandling vert knytt til den amerikanske lækjaren Albert Adams. Han var ein omstridd person som mellom anna meinte at han kunne helbrede sjuke ved berre å snakke med dei i telefonen. Dette forklarte han med dei elektromagnetiske bølgene som telefon-teknologien nyttar seg av.

På 1900-tallet kom Adams med ein teori om at friske menneskekroppar sender ut gode eller sunne frekvensar, medan dei er annleis hjå sjuke. Han laga ei detaljert oversikt over kva sjukdomar han meinte dei ulike frekvensane tydde, og over kva for frekvensar ein burde nytte til å behandle med desse sjukdomane med.

Adams mente at apparata og denne teknologien var så nøyaktige at han kunne slå fast personlegdomen eller avsløre kva religion eit menneske høyrde til, berre ved hjelp av ein bloddråpe eller ein handskriven lapp frå pasienten. Adams sine teoriar og påstandar om helse og behandling har vorte motbeviste fleire gonger.

I dag har utøvarane moderert Adams sin tanke om at sjukdom viser seg som «usunne frekvensar», til at elektromagnetisk stråling kan motvirke det utøvarane kallar «kjemiske ubalansar i kroppen». Behandlinga vert marknadsført som fjernbehandling , der du som pasient sender inn ei prøve til eit laboratorium for radionisk undersøkjing og behandling.

I dag seier utøvarane at behandlinga støtter opp om kroppen si evne til å helbrede seg sjølv; ikkje at ho helbreder sjukdom direkte. Utøvarane marknadsfører også behandlinga med å seie at radioni vert brukt over heile verda for analyse og behandling av både menneske, dyr og jordbruk.  I dag finst radioni på marknaden både som behandlingstimar hjå utøvarar og som heimebehandling etter kjøp av ditt eige apparat. Behandlinga vert presentert som både ein 3-månadars intensiv-kur mot konkrete helseproblem, eller som kontinuerlig førebyggjande behandling.

Det er inga støtte for at elektromagnetisk stråling korkje kan slå fast eller påverke alle dei helseproblema som radionien har hevda, som til dømes beinbrot, høgt/ lågt blodtrykk, magesår, hovudverk, høgt kolesterol, brannsår, trykksår, fertilitet, kronisk smerte, nerveskade, diabetes, malaria, tannkjøttsjukdom, artrose, aldringstegn, cerebral parese, hjarte/ karsjukdom, syfilis, urinlekkasje/ inkontinens, HIV/ AIDS, hepatitt C, Dengue-feber, Parkinsons, øyre- og augsjukdomar, hårtap, Lyme disease, godarta kular og kreft, samt vekt- og vanekontroll.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: