Osteopati

Osteopati er ei form for manuell/ fysikalsk behandling. I Noreg var osteopati regulert som alternativ behandling fram til 2022. I dag er utøvarane autorisert helsepersonell og del av helsetenesta.

I 2022 vedtok Stortinget å autorisere osteopatar etter Helsepersonellova. Frå 1. mai det året vert osteopatisk behandling rekna som skulemedisin og offentleg helsehjelp i Noreg, og utøvarane som del av spesialisthelsetenesta. 

Per 2024 jobbar truleg dei fleste osteopatar i Noreg på private klinikkar. Ein kan oppsøke osteopat direkte, eller via tilvising frå lækjar. Dersom noko skulle gå gale som fylgje av slik behandling frå osteopat, har pasienten rettar og vern etter pasient - og brukarrettigheitslova. Osteopatane er underlagte offentleg klagerett og fagleg tilsyn frå Statens Helsetilsyn

Osteopatane sin autorisasjon gir per 2024 ikke rett til å sjukmelde eller vise pasientar vidare til nærare undersøkjing (røntgen, MR eller liknande) eller spesialistbehandling i andre delar av helsetjenesta. Pasienten sine utgifter til behandling hjå osteopat fell ikkje inn under det offentlege sine ordningar for eigenandel, refusjon eller frikort.

Vurderer du å oppsøkje osteopat i utlandet,  bør du vere merksam på at det varierar frå land til land om osteopatar er regulerte som offentleg lisensiert/ autorisert personell eller som alternative behandlarar. Dermed varierar også utøvarane sitt ansvar, minimumskrava til kompetansen deira, og tryggleiken din som pasient. 

Les meir:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: